NRK Meny
Normal

Forsvunne politidokument etter gåtefull kyrkjebrann funne hos forsikringsselskap

Politiet makulerte originaldokumenta etter kyrkjebrannen i Sykkylven i 1983, fordi dei ikkje trudde saka kunne bli løyst. Nå har ein hittil ukjent kopi dukka opp.

Kyrkjebrann i Sykkylven

Brannen i Sykkylven kyrkje i 1983 vart aldri oppklart.

Foto: Marco Vaglieri / Illustrasjon

Det var Sykkylven branntrygdelag, ein del av Gjensidige, som hadde forsikringa på Sykkylven kyrkje. Då kyrkja brann ned til grunnen i februar 1983, måtte selskapet ut med over 23 millionar kroner. I samband med politietterforskinga etter brannen fekk selskapet oversendt etterforskingsdokumenta til gjennomsyn.

Dette er rutine, i tilfelle det kan vere aktuelt for forsikringsselskapet å gå til regresskrav.

Kripos-rapport.

Dei branntekniske ekspertane i Kripos greidde aldri å slå fast ei sikker brannårsak.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Dokumenta skulle leverast tilbake etter ti dagar, og det vart også gjort. Men selskapet sikra seg kopi av det som såg mest interessant ut.

Avhøyrde som vitne

No er kopiane levert tilbake til politiet, og NRK har fått tilgang til dei. Det går fram av dokumenta at fleire personar vart avhøyrde som vitne i saka, men at ingen hadde status som mistenkt.

Det betyr ikkje at ein kan sjå bort frå at politiet likevel hadde spesielle personar i søkelyset.

Karl Ramstad, som var dagleg leiar i Gjensidige i Sykkylven i 1983, er ikkje i tvil om at kyrkja vart påtent. Han meiner på bakgrunn av samtalar med etterforskarane den gongen, at dei også rekna med at brannen var påsett.

Ingen av dei som jobba med saka i 1983 er i politiet lenger.

Det er ei utbreidd oppfatning i lokalsamfunnet i Sykkylven at brannen var påsett, og mange meiner at politiet ikkje gjorde ein god nok jobb den gongen med å finne dei som stod bak.

Politidokumenta vart makulerte fordi politiet ikkje såg det som sannsynleg at saka nokon gong kunne bli løyst.

Kripos ikkje sikre

Kva går så fram av etterforskingsdokumenta?

Dei tekniske etterforskarane frå Kripos konkluderte med at dei ikkje kunne vere 100 prosent sikre på at brannen var påsett.

Kyrkjebrann i Sykkylven.

Den 100 år gamle trekyrkja i Sykkylven brann ned til grunnen natt til

Foto: NRK

Det har tidlegare vore trekt fram at brannen kan ha starta i ei opning i kyrkjemuren mot kyrkjegarden, fordi det var der det var mest brent. Knut Hatlestad, som hjelpte Kripos med gravinga på branntomta, er sikker på at brannen starta her .

Kripos seier at det ifølgje vitne var eit nordleg drag i lufta på brann-natta, og at det kan vere årsak til at det brende mest intenst her. Etterforskarane meiner det er sannsynleg at brannen starta innandørs i den fremste delen av kyrkja.

Dokumenta viser at politiet interesserte seg for to personar som hadde vore ute og køyrt bil denne natta, men ifølgje deira forklaringar var dei på vegen eit par timar før brannen i kyrkja starta.

Knut Hatlenes.

Knut Hatlenes assisterte Kripos på branntomta. Han er ikkje i tvil om at brannen var påsett.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Ingen melde seg

Politiet gjekk ut med ei brei etterlysing av bilar som var observerte i området ved kyrkja seinare på natta, men trass i mange oppmodingar gjennom presse og kringkasting var det ingen som melde seg.

Eit vitne har også fortalt om ein bil med V8-motor som køyrde i stor fart sørover på riksveg 60 like etter at brannen vart meldt. Denne observasjonen er ikkje å finne i politidokumenta.

Kyrkjebrann i Sykkylven.

Dei attfunne dokumenta inneheld også fotodokumentasjon frå brannatta og dagen etter.

Dokumenta fortel også om eit anonymt tips som vart ringt inn til lensmannen i Sykkylven få dagar etter brannen. Her vart politiet oppmoda om å konsentrere etterforskinga rundt ein namngitt mann frå distriktet, som var busett på Austlandet.

Ifølgje tipsaren skulle denne mannen ha køyrt bil frå Austlandet mot Ålesund den aktuelle natta. Tipsaren fortalde at mannen kom for seint til siste ferja på eitt eller anna ferjeleie, og at han ikkje kom seg til Ålesund.

Vart ikkje avhøyrt

Den anonyme tipsaren visste ikkje om dette gjaldt ferjestrekninga Aursnes-Magerholm. Frå ferjeleiet på Aursnes (Ørsnes) er det berre eit par kilometer til kyrkja.

Køyrer ein frå Oslo over Strynefjellet og riksveg 60 mot Ålesund er Aursnes-Magerholm den einaste ferjestrekninga. På den tida gjekk siste ferja frå Aursnes rundt midnatt.

Enklaste måten å kome seg frå Oslo til Ålesund på er likevel den ferjefrie vegen via Dombås og Åndalsnes.

Det verkar som om politiet festa lit til dette tipset i starten, men at det vart mindre interessant etter kvart. Lensmannskontoret fekk i april 1983 spørsmål frå eit anna lensmannskontor på Austlandet om det framleis var aktuelt med eit avhøyr av vedkomande, men svarte då at det ikkje var «formålstenleg».

Dette kan tyde på at mannen ikkje lenger var interessant for politiet, og det verkar også som etterforskarane ikkje lenger sette lit til den anonyme tipsaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger