Forsvarskommisjonen rår til ei tredelt økonomisk opptrapping for Forsvaret dei neste ti åra. Opptrappinga dei foreslår inneber:
- Forsvarsbudsjettet bør umiddelbart bli auka med 30 milliardar kroner over gjeldande budsjettbane.
- Dei neste ti åra bør det komme ekstraløyvingar på 40 milliardar kroner per år.
- Ein permanent budsjettauke med 10 milliardar kroner når perioden med ekstraløyvingar er over, for å sikre balanse mellom investeringar og drift.
– Trass i ei alvorleg forverring av tryggingssituasjonen dei seinare åra, har norsk offentlegheit i avgrensa grad teke inn over seg behovet for eit sterkt og framtidsretta forsvar, sa forsvarskommisjonens leiar Knut Storberget då han overleverte rapporten til forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) onsdag.
Styrke og utvikle forsvarssamarbeid
For å få til det naudsynte løftet, ønsker kommisjonen seg eit breitt forlik på Stortinget om å styrke Forsvaret.
– Både for å sikre folkeleg forankring, for å sikre legitimitet, men ikkje minst for å tenke langsiktig og gjere det føreseieleg.
Kommisjonen foreslår å styrke forsvarsbudsjettet gjennom tre løft. Først må dagens forsvar umiddelbart styrkast. Deretter må det settast i gang ei nasjonal maritim satsing, eit personell- og kompetanseløft og betre utnytting av teknologi og samarbeid med industrien.
Noreg må også styrke det sivilt-militære samarbeidet og totalforsvaret og styrke og utvikle forsvarssamarbeidet i Nato og utnytte potensialet for eit nordisk samarbeid innanfor Nato.
Kan bli kostbart å la vere
Storberget seier det hastar med å få plass dei tiltaka kommisjonen foreslår fordi krigen og krisa allereie er her. Og sjølv om det vil koste fleire milliardar ekstra i året, vil alternativet vere meir kostbart, meiner han.
– Eg er redd for at vi går inn i ei tid er vi ser at dei tryggingspolitiske rammene og trusselbiletet blir så komplekst og pressande at vi ikkje klarer å handtere truslar som ligg under nivået vi tradisjonelt kallar krig. Det er alvorleg for Noreg. Denne forsikringspremien, som det er i realiteten er, vil kunne spare oss for lidingar og kostnadar dersom vi skulle bli ramma av kriser og konflikt.
Kommisjonen meiner det også det er viktig å gjere endringar fordi nære allierte også kan komme til å endre fokus dei neste åra.
– Vår næraste nabo, Russland, er, og vil framleis vere, ein trussel mot Noreg. Men vi ser også at det som skjer i Kina skapar ein ny tryggingspolitisk situasjon som gjer at vi ikkje kan rekne med den same støtta frå USA som vi har hatt tidlegare. Dei vil truleg bli meir opptekne av det som skjer i Asia enn det som skjer i Europa, seier Storberget til NRK.
Langtidsplan til neste år
Forsvarsministeren seier han er samd i det tryggingspolitiske biletet kommisjonen skildrar. Men det er for tidleg å seie noko om kor mykje pengar regjeringa vil legge på bordet.
– Vi må komme tilbake til den konkrete oppfølginga av rapporten når vi kjem med ein langtidsplan for forsvarssektoren neste år. Men det er ingen tvil om at vi må bruke meir av samfunnets ressursar på beredskap og tryggleik dei neste åra.
Fram mot sommaren skal regjeringa få fleire råd frå forsvarssjefen, Totalberedskapskommisjonen og NSM. Til saman skal dette danne grunnlaget for den varsla langtidsplanen.
Men Gram lovar allereie no eit kraftig økonomisk løft.
– Vi har allereie trappa opp forsvarsbudsjetta, og vi kjem til å trappe opp budsjetta også vidare dei neste åra.
Leiar for Norsk offisers. og spesialistforbund (NOF), Torbjørn Bongo, meiner kommisjonen har gjort eit godt stykke arbeid.
– Forsvarskommisjonens skildringar er realistiske. Vurderingane er dystre, men reelle, og tiltaka dei rår til er fornuftige. Og det vil koste mykje, seier han til NRK.
Tok dissens
Medlemmane i Forsvarskommisjonen var i det store og heile samde i arbeidet sitt. Men medlemmane Amy Brox Webber og Synne Høyforsslett Bjørbæk tok dissens på enkelte punkt i rapporten.
Dei peikar blant anna på at globale utfordringar som klimaendringar, svolt og fattigdom påverkar tryggingssituasjonen. Vi må difor leite etter løysingar på desse problema når vi skal betre tryggingssituasjonen i Noreg.
Og sjølv om dei støttar ei styrking av Forsvaret, meiner begge at den kraftige auken fleirtalet av kommisjonen legg opp til, vil kunne gå ut over andre beredskapsfunksjonar.
Dersom forsvarssektoren skal ha så mykje meir, blir det mindre til helse, politi og vedlikehald av viktig infrastruktur. Det kan føre til ei svekking av den totale beredskapen i Noreg.
Blir sendt på høyring
Forsvarskommisjonen blei oppnemnt av regjeringa i 2021 for å vurdere kva tryggings- og forsvarspolitiske vegval og prioriteringar Noreg kan ta for å best ta vare på norsk tryggleik dei neste åra.
– Vi har i Forsvarskommisjonen har forsøkt å sjå ti til tjue år fram i tid. Det er ei vanskeleg øving når vi knapt nok veit kva som skjer i neste veke.
Det er over 30 år sidan førre forsvarskommisjon leverte ein rapport, og dagens rapport er den fjerde sidan 1945.
Rapporten blir ikkje behandla som ein eigen sak på Stortinget, men han vil bli sendt på høyring. Han vil derfor vere med å danne grunnlaget for korleis dei langsiktige planane til forsvaret vil sjå ut.