NRK Meny
Normal

Endrar ikkje reglane etter nakenbade-saka

Ein offiser som beordra ein kvinneleg soldat til å bade naken saman med 30 medsoldatar, slapp refs. Likevel vil ikkje Forsvaret endra lover og reglar.

Assisterende personalsjef i Forsvaret, Trond Kotte

HAR GÅTT GJENNOM SAKA INTERNT: Assisterande HR-sjef i Forsvaret, brigadar Trond Kotte.

Foto: Margret Helland / NRK

I 2011 blei ein løytnant refsa for å ha beordra soldaten Alice Aspelund til å bade naken då ho var på feltøving utanfor Bodø med ei anna jente og 30 mannlege soldatar. Ho gav klart uttrykk for at dette gjekk langt utanfor hennar intimgrenser, men offiseren stod på sitt.

Alice Aspelund

MÅTTE NAKENBADE: Alice Aspelund måtte bade naken foran 30 medsoldatar.

Foto: Privat

Han blei seinare pålagt refs - ei bot på 2.500 kroner. Bota blei anka, og hausten 2014 blei refsen oppheva. Det kom svært overraskande på mange, ikkje minst soldaten Alice Aspelund.

– Det er veldig vanskeleg, sa Aspelund til NRK da.

Har gått gjennom saka

Etter dette har Forsvaret gått både ein og to rundar internt og i dag er det klart at dei ikkje vil endra på lov og regelverk. Det betyr formelt sett at ein slik liknande episode igjen kan enda opp utan refs til offiseren.

– Eg kan ikkje spekulere på korleis slike saker blir behandla disiplinært i framtida, dei må sjås ut frå situasjonen, seier assisterande HR-sjef i Forsvaret, brigadar Trond Kotte.

– Me tek på største alvor det ansvaret me har med innføring av allmenn verneplikt, med fleire jenter som skal gjennomføre førstegongsteneste. Nakenbading-saka har gjort oss meir bevisst på å arbeide med gode haldningar, seier Kotte.

Ulik praksis på hygiene

Generaladvokat Lars Morten Bjørkhold seier i dag at nakenbade-saka var ei svært vanskeleg sak:

– Det var eit vanskeleg spørsmål om praksisen på felthygiene. Det var ulik praksis i forskjellige avdelingar på om ein måtte kle av seg kleda, om ein måtte gjere det i påsyn av alle andre soldatar, var det ein slags frivillig tvang og så vidare, seier Bjørkhold.

– Når så mykje er vanskeleg og uklart, er det ikkje da tydeleg behov for klare retningslinjer?

– Det kan du godt si, men det er sånn at det er mange aktivitetar Forsvarets personell blir sett til, og i kva grad ein skal ta omsyn til det enkelte kjønn si oppfatning av kroppsleg integritet, seier Bjørhold.

I juli er det klart for innrykk av den første kontingent vernepliktige kvinner i det norske Forsvaret.

En kvinnelig menig i Bodø måtte kle seg naken og vaske seg nedentil og under armene foran medsoldater. Kvinnen reagerte med dyp sorg og fornedrelse. Forvaret beklager hendelsen på det sterkeste.

SYK OPPLEVELSE: Alice Asplund blei tvunge til å bade naken saman med mannlege soldatar. Ho kallar opplevinga for syk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger