Hopp til innhold

Meir enn ein av fem har opplevd seksuell trakassering i Forsvaret.

Over ein av fem har opplevd seksuell trakassering i Forsvaret, viser ei undersøking. Nesten halvparten av kvinnene som har svart i undersøkinga seier dei opplevd det minst ein gong det siste året.

Kari Røren Strand i FFI og forsvarssjef Eirik Kristoffersen legger fram undersøkelse om mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret.

FFI-forskar Kari Røren Strand presenterte funna i undersøkinga måndag. I bakgrunnen ser vi forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Undersøkinga er gjort av Forsvarets forskningsinstitutt, FFI, på oppdrag frå Forsvaret hausten 2020. Undersøkinga har gått ut til alle tilsette i Forsvaret og personar som har vore inne til førstegongsteneste. Over 10.000 personar har svart.

Dette er hovudfunna i undersøkinga:

  • 11 prosent i Forsvaret blir utsett for mobbing, minst ein gong i månaden dei siste seks månadane. Kvinner opplever meir enn menn, yngre meir enn eldre. Personrelatert mobbing, utestenging og arbeidsrelatert mobbing er mest vanleg.
  • 22. prosent av dei som har svart seier dei har opplevd seksuell trakassering i ei eller anna form minst ein eller to gongar det siste året. 46 prosent av kvinnene seier dei har opplevd dette, 14 prosent av mennene. Yngre meir enn eldre. Kjønnstrakassering og uønskt seksuell merksemd er dei mest vanlege formene.

– Det er viktig at ein tek tak i dei lettare formene for seksuell trakassering for å nedkjempe dette. Forsking viser at dersom ein lar dei lette formene få bløme, kan det føre til meir alvorlege former for trakassering, sa FFI-forskar Kari Røren Strand, då ho la fram resultata i undersøkinga.

Ei lita forbetring

Det blei gjort ei liknande undersøking for to år sidan. Då blei det avdekt at mange kvinner i førstegongstenesta er særleg utsette for denne typen uønskt merksemd.

Undersøking viste også at 8 av 10 kvinner i førstegongstenesta var utsett for seksuell trakassering. Tilsvarande tal for mennene var 4 av 10.

Årets undersøking viser ei lita forbetring. Det er færre som opplever uønskt merksemd. Likevel hadde forsvarssjef Eirik Kristoffersen håpa på fleire positive resultat.

– Ut frå dei resultata vi har sett i dag, står det framleis igjen mykje arbeid. Det er det ingen tvil om. Vi har framleis ein stor jobb å gjere for å få ned både seksuell trakassering og mobbing i Forsvaret.

Forsvarssjef Eriik Kristoffersen

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen seier Forsvaret har eit mål om å komme all mobbing og trakassering til livs. Han meiner den militære organiseringa kan bidra til å nå målet.

Foto: Jil Yngland / NTB

Han minte også om at kvar enkelt tilsett og soldat har eit ansvar, og må etterleve verdigrunnlaget til Forsvaret.

– Vi har tre verdiar i Forsvaret: respekt, ansvar og mot. Eg forventa at alle i Forsvaret har respekt for de menneska vi faktisk er. Og så må vi alle vise ansvar for kvarandre. For det tredje må vi utvise mot til å seie ifrå når noko ikkje er som det skal vere, sa Kristoffersen.

Han er særleg uroa over resultata blant dei yngste i undersøkinga.

– Det er dei yngste som er framtida vår. Samtidig er det der resultata er verst. Vi har nulltoleranse for mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret. Det målet står.

Men han vedgjekk at det blir utfordrande å nå målet.

– Forsking viser at eit hierarkisk system som Forsvaret er, framleis ganske mannsdominert, stor avdelingslojalitet, gjer at ein ikkje rapporterer om alt. Vi er i risikosonen for mobbing og seksuell trakassering. Men samtidig er vi ein militær organisasjon, med tydelege kommandolinjer og sjefar som har ansvar på kvar sitt nivå. Det kan bidra til at vi kan nå denne visjonen. Det er ingen tvil om kven som har ansvar på kvar einaste nivå.

Må jobbe vidare med tiltak

Han sa at det no blir sett i verk nye tiltak, samtidig som ein skal følge opp tiltaka som blei sett i verk etter undersøkinga i 2018.

– Etter undersøkinga i 2018 sette vi i gang systematiske tiltak. Nokre av dei har gjeve resultat. Blant anna seier dei fleste at dei no veit korleis ein kan varsle.

Likevel er det tre årsaker til at mange likevel ikkje varslar:

  • dei meiner mobbinga eller trakasseringa er alvorleg nok
  • dei trur ikkje eit varsel gir resultat
  • dei fryktar konsekvensane

Dette er noko Forsvaret vil jobbe meir med framover.

Forsvarssjefen seier han er klar over at dette er eit langsiktig arbeid, og at det kan ta tid før ein ser klare resultat. Difor blir det ein ny undersøking i 2022.

Sjå heile presentasjonen av undersøkinga.

AKTUELT NÅ