Hopp til innhold

Fryktar dårlegare tilbod til valdsoffer

Offer for familievald vil ikkje lenger få hjelp ved overgrepsmottaka, men av fastlege og legevakt, dersom regjeringa får det som den vil. Det vil gjera tilbodet til valdsutsette dårlegare, åtvarar fagfolk.

Teppe samler DNA

Regjeringa legg torsdag fram den første stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar. I meldinga går den inn for at primærhelsetenesta i kommunane skal ta over behandlingsansvaret for offer for familievald. Her visast eit teppe for å samla bevis frå ofra sine fingre.

Foto: Manuela Aguirre og Jan Kristian Strømsnes / Designing for Dignity

Steinar Hunskår

Steinar Hunskår er professor i allmennmedisin og forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin. Han er skeptisk til at fastlegen skal bli sitjande med behandlingsansvaret i overgrepssaker.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll/NRK

– Det me er redde for er at den medisinske ivaretakinga av desse offera ikkje vert god nok. I neste omgang er me også redde for at den rettsmedisinske ivaretakinga kan bli for dårleg dersom kommunane ikkje får nok ressursar til oppgåva, seier Steinar Hunskår ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.

I dag er det legevakt og overgrepsmottak i primærhelsetenesta som har ansvaret for behandlinga av både offer for relasjonsvald og for seksuelle overgrep.

Regjeringa meiner at kvaliteten på behandlinga blir for tilfeldig med dagens ordning.

Torsdag legg den fram den første stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar, der dei meiner å ha funne ein måte å betra behandlingstilbodet til desse offergruppene på: å splitta behandlingsansvaret mellom primær- og spesialisthelsetenesta.

– Me vil ha meir fokus på vald. Me vil ha meir kompetanse på vald og me vil vera veldig tydelege på kor me plasserer både det faglege og det finansielle ansvaret. Slik er det diverre ikkje i dag, dermed blir det litt for vilkårleg kva slags hjelp du får, avhengig av kvar du bur i landet, seier statssekretær i Helsedepartementet Kjell Erik Øie.

Fastlegen får ansvaret

Kjell Erik Øye

– Me vil ha meir fokus på vald. Me vil ha meir kompetanse på vald og me vil vera veldig tydelege på kor me plasserer både det faglege og det finansielle ansvaret, seier statssekretær i Helsedepartementet Kjell Erik Øie (Ap) om det nye forslaget.

Går det nye forslaget gjennom, vil primærhelsetenesta i kommunane få ansvaret for personar utsette for relasjonsvald, medan offer for seksuelle overgrep skal få hjelp på sjukehus via spesialisthelsetenesta.

– Betyr dette at regjeringa ser på relasjonsvald som mindre alvorleg og viktig?

– Nei, tvert imot, men det er diverre slik at relasjonsvald er langt meir hyppig enn den grove seksualiserte valden, seier statssekretær Øie.

– Då krev det at allmennhelsetenesta, som er der ut som folk bur, har kompetanse på å følgja opp den typen vald. Det gjer me best ved å styrkja kompetansen hjå fastlegane og legevakten, legg Øie til.

Han understrekar at dei vil kunne henvisa til sjukehusa ved behov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oslo Legevakt, overgrepsmottaket

Overgrepsmottaka i primærhelsetenesta har ein unik kompetanse på behandling av offer for familievald, meiner fagfolk som er kritiske til å overføra ansvaret for denne pasientgruppa til fastlege og legevakt, slik regjeringa vil.

Foto: Gunnar Sakshaug / NRK

Fryktar travle fastlegar med dårleg kompetanse

Fleire fagfolk som NRK har snakka med er svært kritiske til ei slik endring som regjeringa no føreslår.

Valdsoffer risikerer å bli møtt av fastlegar og legevaktar som har for dårleg kompetanse og knapt med tid til å ta imot og følgja opp desse pasientane på ein god og forsvarleg måte, meiner to overlegar ved overgrepsmottaket under Legevakten i Oslo.

I eit høyringsnotat gir dei uttrykk for uro over det ferske forslaget:

(..) Dernest er en splitting av overgrepsarbeidet uheldig for begge grupper, men mest alvorlig for personer utsatt for vold i nære relasjoner. Personer utsatt for relasjonsvold vil bli mottatt og behandlet av legevaktsleger eller fastleger uten forankring i overgrepsmottakenes kompetanse og ressurser. Det vil kunne være vanskelig å få avsatt tilstrekkelig tid for arbeidet og en risikerer å møte personell uten særskilt kompetanse og rutiner innen rettsmedisin og sikkerhetsarbeid.

Lovar ressursar til kommunane

Grete Faremo, justis- og beredskapsminister

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) meiner stortingsmeldinga om vald og nære relasjonar vil føra til eit betre samarbeid mellom politiet og helsevesenet i slike saker.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Helsestyresmaktene er no i gang med å laga opplæringsprogram til allmennhelsetenesta og til legevakt. Helsedepartementet seier dei ser på vald i nære relasjonar som eit svært alvorleg samfunnsproblem, og lovar at regjeringa vil følgja opp forslaget med meir ressursar til kommunane.

– Denne meldinga er eit bidrag til å lyfta opp relasjonsvald, eit svært alvorleg problem. Det råkar veldig mange. Særleg kvinner, også ein del barn og nokre menn. Me meiner vald i nære relasjonar er eit folkehelseproblem, seier Øie i Helsedepartementet.

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) ønskjer det kontroversielle forslaget velkomen og kallar stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar «eit stort steg framover».

– For oss i justissektoren har det vore viktig å avklara modellen for samarbeidet mellom oss og helsevesenet. Me har sett ein fabelaktig innsats frå politi, helsevesen og andre deler av hjelpetenesta. No får me på plass ein fast og varig modell. Eg meiner at me no tek eit nytt og viktig steg i å byggja eit forsterka tilbod, seier statsråden.

AKTUELT NÅ