Hopp til innhold

Første måling i valåret: Ap rykker ned til tredjeplass

Både Høgre og Senterpartiet er større enn Arbeidarpartiet i den første målinga i stortingsvalåret 2021. Mens alle småpartia kjempar mot den viktige fireprosent-grensa for å overleve.

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng om Norstats måling januar -21.

KALDT I RAUDT: Aps partisekretær Kjersti Stenseng ønsker seg meir enn 20,1 for 2021.

Det er berre ei måling som tel, brukar politikarane å seie: Valet.

Det seier også Aps partisekretær Kjersti Stenseng til NRK. Men skal du finne førre stortingsval der Arbeidarpartiet ikkje var størst, må du nesten hundre år tilbake.

I 1924 vart Ap det tredje største partiet bak Høgre og Venstre. Frå og med 1927 har partiet vore størst i alle stortingsval.

Stor jobb

Det er åtte månader til neste stortingsval.

– Vi har lege stabilt for lågt over lang tid. Vår jobb no blir å få fram våre politiske løysingar. Vi har gjort ein stor jobb med eit partiprogram som skal svare på det som er situasjonen i Noreg no, seier Stenseng og peikar særleg på at Ap vil vise fram sine løysingar for folk som er usikre på jobbsituasjonen og helsesituasjonen sin.

– Vi må nesten hundre år tilbake for å finne eit stortingsval der Ap ikkje var størst. Kva tenker du om det?

– Eg tenker at vi har ein stor jobb framfor oss, men det er fullt mogleg. Det blir hardt arbeid kvar einaste dag fram til valdagen.

Partibarometer januar 2021

Periode 28/12–2/1. 962 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,1 pp.
R
3,7 %
−1,3
SV
8,9 %
+1,9
AP
20,1 %
−1,1
SP
21,3 %
+1,1
MDG
3,9 %
+0,3
KRF
3,7 %
+1,5
V
2,5 %
−0,2
H
22,6 %
−2,6
FRP
11,3 %
−0,3
Andre
2,0 %
+0,7
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Dei tre store

Det siste tiåret har det vore to store parti i norsk politikk. Arbeidarpartiet og Høgre har bytt på å vere størst, som oftast har Ap lege i tet. Dei to partia har vore uomtvistelege leiarar på kvar si side av politikken.

Men dei siste månadane har det skjedd noko. Det handlar først og fremst om Senterpartiet - som gjorde eit byks og braut 20 prosent-grensa i Norstat-målinga som var teken opp i slutten av november.

Fleire andre målingar har stadfesta biletet: No er det tre store parti i landet. Høgre. Arbeidarpartiet. Senterpartiet.

Erna Solberg

NEI TAKK: Veljarane gir ikkje ny tillit til Erna Solbergs regjering.

Foto: Cicilie Andersen / NRK

I denne målinga får både Ap og Høgre ein kilevink av veljarane.

Høgre går mest tilbake samanlikna med førre måling (- 2,6). Ap svekker seg med 1,1 prosentpoeng. Når Sp då går fram enno ein gong (+1,1), er dei tre ganske jamstore.

Men om dette var val ville både Senterpartiet og Høgre fått fleire plassar på Stortinget enn Arbeidarpartiet.

Mandatfordeling

Slik ville Stortinget sett ut dersom partimålinga for januar -21 var val. Samanlikna med resultatet i valet 2017.

Framstegspartiet

21 mandater
6 ned fra 2013

Høgre

43 mandater
2 ned fra 2013

Kristeleg Folkeparti

2 mandater
6 ned fra 2013

Venstre

2 mandater
6 ned fra 2013

Miljøpartiet dei grøne

3 mandater
2 opp fra 2013

Senterpartiet

41 mandater
22 opp fra 2013

Arbeidarpartiet

38 mandater
11 ned fra 2013

Sosialistisk Venstreparti

17 mandater
6 opp fra 2013

Raudt

2 mandater
1 opp fra 2013
Norstat for NRK og Aftenposten

Likevel. Fleire målingar har vist at Ap-leiar Støre ligg an til å bli statsminister sjølv om oppslutnaden til partiet går jamt nedover. Sp-leiar Vedum har som kjent ikkje villa svare på om han er statsministerkandidat.

Og også denne målinga viser at Erna Solberg ville blitt kasta som statsminister.

Fire kjempar for livet

Forklaringa på at det er slik handlar om småpartia som slåst for å overleve. Erna Solbergs makt er avhengig av to av desse partia.

For slik kan ein teikne biletet av norsk politikk akkurat no:

  • Dei tre store. H, Ap, Sp
  • Dei mellomstore. Frp og SV
  • Småpartia som kjempar for livet: KrF, V, MDG, R

Med SVs beste måling hos NRK sidan partiet sat i regjering, har dei nærma seg Frp, og begge desse partia ligg no i mellomsjiktet på rundt 10 prosent.

Kjell Ingolf Ropstad

LITEN: Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Mette Ballovara / NRK

Den politiske maktkampen blir avgjort av dei minste.

I denne målinga får alle dei fire småpartia under fire prosent oppslutnad.

Dersom ein får over fire prosent i eit stortingsval får ein tildelt utjamningsmandat, og ein får inn langt fleire på Stortinget enn om ein får 3,9 prosent.

KrF og Venstre har over lengre tid gjort det dårleg. Denne gongen går KrF fram etter ei oppsiktsvekkande dårleg måling sist. Men Venstre ser ut til å sitte fast i gjørma med 2,5 prosent.

– Sperregrensa avgjer

Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatns håp er knytt til at mange av dei som har svikta Venstre ikkje har funne eit nytt parti, men svarar «veit ikkje» på partival.

– Vi må få mange av dei som stemte på oss før til å stemme på oss på ny, seier han og ramsar opp klimapolitikk, skulepolitikk og arbeidsplassar over heile landet som gode argument for å stemme Venstre.

Nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn, kommenterer dårleg måling for Venstre januar -21.

MINST: Men vi kan klare det, trur Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn.

Dei fire partia (H, Frp, KrF, V) som har støtta Erna Solberg sidan 2013 ville fått 68 representantar på Stortinget om denne målinga vart valresultatet. Det er 17 for få til å få fleirtal i stortingssalen.

Men heller ikkje MDG og Raudt kan kjenne seg sikre på veg inn i valåret.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

SMÅ: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og MDG-leiar Une Bastholm.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

MDG har vore under fire prosent i dei to siste målingane. Partiet ville likevel ha kome inn med tre stortingsrepresentantar viser utrekningane frå Norstat. I dag er partileiar Une Bastholm einaste representant for MDG på Stortinget.

Raudt har hoppa litt opp og ned på Norstats målingar dei siste månadane. Denne gongen er også dei under fire prosent, men partiet ville ha fått inn to representantar.

Hadde denne målinga vore val, ville det blitt fire mini-grupper på Stortinget mens fem parti ville hatt stortingsgrupper av ein viss storleik.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT