Hopp til innhold

Forskingsrapport: Mindre fødselsdepresjon med sjølvhjelpsprogram

Då Kristin Storrusten fekk sitt andre barn gret ho heile tida. Som ein av mange kvinner sleit ho med fødselsdepresjon. Ny forsking viser at det kan bli mindre depresjon av eit program med spørsmål og oppfølging via internett.

Forfatter Kristin Storrusten skreiv ned det ho tenkte på i tida etter at ho hadde fått sitt andre barn. Det har blitt eit dikt i diktsamlinga «Barsel».

Forfattar Kristin Storrusten skreiv ned det ho tenkte på i tida etter at ho hadde fått sitt andre barn. Det har blitt eit dikt i diktsamlinga «Barsel».

– På det verste hadde eg tankar om å skade meg sjølv og barnet mitt. Og sjølv om eg visste at eg ikkje kom til å faktisk gjere det eg tenkte på, var det som om at det aldri kom til å gå over, seier Kristin Storrusten.

Det er to år sidan ho vart mamma for andre gong. Det var først då mannen hennar gjorde Storrusten merksam på at ho gret heile tida at ho skjønte at noko var gale.

– Det som er sårt er at du får ein sjanse til å ha den permisjonen med barnet ditt.

Mellom 6000 og 10.000 blir ramma

Kvart år blir det fødd nesten 60.000 barn i Noreg. Mellom 10–15 prosent av dei nybakte mødrene får ein eller annan form for fødselsdepresjon.

I eit forsøk på å førebyggje depresjon blant nybakte mødrer har Regionsenter for barn og unges psykiske helse sør og øst (RBUP) laga sjølvhjelpsprogrammet «Mamma Mia» i samarbeid med Changetech AS. Norske kvinners sanitetsforeining har finansiert, og eig, programmet.

Silje Marie Haga

MINDRE DEPRESJON: Forskar Silje Marie Haga ved Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse, RBUP Øst og Sør har funne ut at det blir mindre fødselsdepresjon med «Mamma Mia».

Foto: Ola Hana / NRK

No viser forsking ved RBUP at det kan førebyggje fødselsdepresjon. 1342 kvinner har delteke i studien som starta i 2015.

– Over tid ser vi at dei kvinnene som bruker «Mamma Mia» scorar lågare på depresjon. Det er den mest sårbare tida, rett før og seks veker etter fødsel, at effekten er størst, seier førsteforfattar av studien, Silje Maria Haga, forskar ved Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse, RBUP Øst og Sør.

Får spørsmål om korleis det går

Kvinnene som deltek i «Mamma Mia» får lenker på e-post i ein periode frå midten av svangerskapet til seks månader etter at barnet er fødd.

Kvar sesjon inneheld spørsmål og råd som er tilpassa den tida kvinna er i svangerskapet. Det tar om lag ti minutt å svare på kvar sesjon, og tema som blir tatt tak i er relasjonen til barnet i magen, parforholdet, søvn, korleis tolke signala frå barnet og mental helse.

Slik fungerer sjølvhjelpsprogrammet «Mamma Mia»

KONKRETE SPØRSMÅL: Døme på korleis spørsmål nybakte mødrer får gjennom «Mamma Mia». Skjermdump: RBUP

– Forsking viser at akkurat dette er viktig for å førebyggje depresjon og fremme god helse, seier Haga.

– Seks gonger i løpet av programmet får kvinna spørsmål om korleis ho har det. Så kjem ei tilbakemelding ut frå det ho svarer. På bakgrunn av dette tilbyr programmet noko eige i form av det ho treng der og då. Det er viktig.

For å måle teikn på depresjon bruker forskarane ein skala som kallast Edinburgh postnatal depressive scale (EPDS). Då kvinnene i forskingsstudien starta på «Mamma Mia» hadde 22 prosent depressive symptom, og var i risikogruppa for å få fødselsdepresjon. Av desse som gjennomførte sjølvhjelpsprogrammet fekk 25 prosent mindre risiko for å få fødselsdepresjon, samanlikna med kontrollgruppa.

Fekk psykologhjelp

Kristin Storrusten fekk hjelp på helsestasjonen. Etter fem månader fekk ho samtalar med psykolog som fekk henne på rett veg. Ho har det fint i dag.

– Eg hadde ikkje ein tung fødselsdepresjon, men det var nok til å påverke korleis eg hadde det i barseltida.

Sjølv brukte ho ikkje «Mamma Mia», men har tru på programmet som eit tiltak for førebygging. Som styremedlem i Landsforeningen 1001 Dager – Mental helse under graviditet og etter fødsel støttar ho forskarane som vil ha «Mamma Mia» inn i svangerskaps- og barselomsorga.

– Det å ha jamnelg, førebyggande tiltak er bra. Forhåpentlegvis kan ein møte problema litt i forkant, seier Storrusten.

Kvardagssukk frå Kristin Storrusten

SJØLVE LIVET: Kristin Storrusten kom seg gjennom fødselsdepresjonen. Ho har gitt ut eit skråblikk på livet som småbarnsmor i form av diktsamlinga «Barsel».

AKTUELT NÅ