Hopp til innhold

Forskar: Bombetrugslar smittar

Torsdag kom det to bombetrugslar til to skular. Og berre sidan nyttår har politiet måtte rykke ut 11 gonger på grunn av trugslar. – Gjer ein person det, gjer fleire det, seier Per Morten Schiefloe på NTNU.

Bombetrussel mot skole

KOSTAR: Det kostar store ressursar når politiet må rykke ut etter melding om ei bombe. Berre sidan nyttår har det vore 11 bombetrugslar i Noreg.

Foto: Steinar Apalnes / NRK

– Det vert ei form for smitteeffekt. Om ein har sendt inn ein trugsel, er det lett at andre vil gjere det same, seier professor Per Morten Schiefloe på NTNU.

Vantru elevar og lærarar vart evakuerte torsdag då det kom ein bombetrugsel mot Tromsdalen vidaregåande skule. Også i Tromsø måtte dei handtere ein slik trugsel.

11 trugslar sidan nyttår

– Dette er ein situasjon vi ser alvorleg på, og politiet set inn naudsynte tiltak for å

 Per Morten Schiefloe

SMITTAR: – Vi ser at det er ein viss smitteeffekt når det gjeld bombetrugslar, seier professor Per Morten Schiefloe ved NTNU.

Foto: NTNU

identifisere dei som står bak, seier Steffen Ousdal, fungerande avdelingsdirektør i Politidirektoratets avdeling for politiberedskap og krisehandtering.

Berre sidan nyttår har 11 slike bombetrugslar fått store konsekvensar.

– Det skaper frykt og bind politiressursar som burde vore brukte på viktigare oppgåver, seier han.

Kor mykje desse aksjonane politiet gjennomfører kostar, veit ingen.

– Vi vil åtvare dei som trur at det er risikofritt å framsette anonyme trugslar. Vi har gode moglegheiter til å finne ut av kven dei er, seier Ousdal.

Jeg har plantet en bombe på en av skolene i Narvik, den kommer til å gå av fredag kl. 12:00. Håper dere alle dør som er på den skolen

Bombetrusselen mot en skole i Narvik

«Sinte, einsame ulvar»

– Det er ofte einsame ulvar som er sinte, lei skulen, vil ha ein dag fri eller bli kvitt ei prøve. Dei ser ikkje konsekvensen av det dei gjer i det heile teke, seier Schiefloe.

Cecilie Staude

IKKJE KVITT DET: – Utfordringa er at vaksne ikkje har kompetanse på sosiale media og difor ikkje er gode rollemodellar for unge. Dei treng å vite konsekvensane av det dei gjer på nettet, seier Cecilie Staude, høgskulelektor ved Handelshøgskulen BI.

Foto: Privat

Han seier politiet vert tvinga til å ta trugslane på alvor, men at det i dei fleste tilfelle berre er useriøse trugslar.

– Når vi ser kva som skjer på skular som opplever massakrar, er det naturleg å bli uroa.

– Alle foreldre bør snakke om bombetrugslar rundt middagsbordet med barna sine, seier Cecilie Staude, høgskulelektor ved Handelshøgskulen BI.

Ho meiner bruken av media, spesielt sosiale media er med på å auke trugslane.

– Det er fleire som brukar sosiale media utan å ta ansvar for konsekvensane, seier høgskulelektoren.

Bombetrussel mot Tromsdalen videregående skole.

– Vi vert ikkje kvitt dette

Ho er uroa over kunnskapen til foreldre og lærarar på området.

– Det er svært utfordrande når det stadig skjer endringar i medieverda. Dei unge manglar kunnskap om korleis dei skal handtere informasjonen dei fangar opp, og difor er det viktig at vaksne er førebilete.

Bombetrussel

AUKAR: Å sende ein bombetrugsel kan føre til inntil tre år i fengsel, og Kripos seier dei lettare enn før kan finne ut kven gjerningsmennene er.

Foto: Leserfoto

Staude meiner bombetrugslar bør vere obligatorisk samtaleemne med alle barn og unge.Ho seier media har eit ansvar, sidan meldingane om trugslane vert fortalde med både bilete, video og tekst.

– Det er blitt lett å sende ei melding på nettet, utan å ta ansvar for den. Vi blir nok ikkje kvitt dette problemet, seier høgskulelektoren.

– Før kasta dei stein gjennom skuleruta, no sender dei trugslar. Det har alltid vore einsame ulvar.

AKTUELT NÅ