Han skuldar sin eigen arbeidsgivar for å vere tendensiøs når det gjeld røyking.
- Viss eg var menigmann og lurte på til dømes om det er farleg om eg tek ein sigar kvar kveld, så kunne eg i dag ikkje gå og få svar på det frå Nasjonalt folkehelseinstitutt og Sosial- og helsedirektoratet, fordi dei er for kjenslemessig engasjerte, seier Erik Nord til NRK.
Erik Nord
Den omstridde forskaren meiner folk ikkje lenger kan stole på staten når det gjeld tobakk. For myndigheitene brukte tvilsom forsking til å overtyde både arbeidslivsorganisasjonar og Stortinget om at eit totalforbod mot røyking var naudsynt, hevdar han.
Kritiserer sine eigne
Kritikken rammar også hans eigen arbeidsgivar, Nasjonalt folkehelseinstitutt.
- Eg er ikkje involvert i rådgiving til vanleg, men er komen inn frå sida. Eg såg nærare på grunnlaget for råda som var gitt, og det var så tendensiøst at sjølv ein helseøkonom kunne sjå feilen, seier Nord.
Forskarane Erik Dybing og Tore Sanner ved Folkehelsa var med i arbeidet som førte fram mot røykelova, men dei var samtidig sterkt aktive i anti-røykearbeid, fortel Erik Nord.
- Begge dei to er veldig flinke folk, så eg er lei meg for at eg må kritisere dei så sterkt. Men dei er så engasjerte i anti-røykearbeid og så fjernt frå røyking i sitt eige liv at dei har inga forståing for den andre sida, seier Nord.
Lang kamp mot røykelova
Torsdag presenterte Erik Nord boka "Kruttrøyk og fredspipe", der han oppsummerer den lange kampen sin mot røykelova.
Tore Sanner vil ikkje kommentere boka, men viser til ein artikkel han og Erik Dybing han skrive i Legeforeninga sitt tidsskrift, der dei tilbakeviser at forskinga deira er tendensiøs.
Heller ikkje Sosial- og helsedirektoratet vil kommentere boka. Direktøren på folkehelseinstituttet har tidlegare presisert at Erik Nord ikkje uttalar seg på vegne av dei, men har ikkje vore mogeleg å få tak i torsdag.
- Overgrep frå makteliten
Erik Nord slaktar den nye røykelova som blir innført 1. juni, og ser ho som eit radikalt overgrep frå eliten mot folk i andre lag av samfunnet.
- Daglegrøykarane som er mykje ute på kafear, kvar skal dei gjere av seg? Det verste er dei som går på brune kafear og tilhøyrer ei heilt anna sosial gruppe enn dei som har vedteke lova, seier Nord.
- Viss ein går på Lompa, Sagene Lunsjbar eller Dovrehallen, så finn ein eldre, einslege menneske. Du får ikkje dei til å slutte, dei er innbarka røykarar. Det er rå sosialpolitikk å nekte dei å røyke, legg han til.
Meiner røykelova er uærleg
Erik Nord trur ikkje at grunnen til at røykelova er så streng, først og fremst er ynskjet om å verne servitørane. Han trur det ligg ein større politisk visjon bak, og difor kallar han røykelova uærleg.
- For viss vi held oss til den formelle grunnen, så er det klart vi kan sikre mykje betre tilhøve for servitørane enn i dag, og heilt garantert røykfrie område for ikkje-røykarar viss ein har separate røykerom. Så det er heilt unødvendig å gjere det på den måten, seier Nord.
- Og då er vi tilbake til det at grunnen er ein heilt annan: Dei vil jo bli kvitt røykinga, avsluttar Erik Nord.