NRK Meny
Normal

Forsikringsselskap åtvarar etter fem valdtekter i Hellas

På kort tid har forsikringsselskapene If og Tryg fått melding om fleire valdtekter av unge, norske kvinner i Hellas. If seier dei aldri har opplevd liknande, og ber ungdom tenke seg om før dei reiser til typiske party-stadar i Syden.

Illustrasjon dansere på Ios

Europeiske reiseforsikring har fått inn fire meldingar om valdtekter av unge, norske kvinner på tur til Hellas. Det skjer samtidig som det har vore fleire medieoppslag om norske ungdommar som festar i Hellas.

Foto: Oda Ording / NRK

Dei siste vekene har det kome inn fire melde valdtekter til Europeiske reiseforsikring, som eigast av If. Alle er frå unge kvinner som har vore på tur til såkalla party-plassar i Hellas.

– Sakene er ganske like med norske jenter i slutten av tenåra. Valdtektene har skjedd i samband med at dei har vore på byen eller på diskotek i Hellas, seier informasjonsdirektør Jon Berge i Europeiske reiseforsikring til NRK.

Forsikringsselskapet får kvart år inn meldingar om valdtekter rundt om i verda frå folk som for eksempel treng medisinsk hjelp eller hjelp med tidlegare heimreise. Men aldri så konsentrert i tid og stad, seier Berge.

– Vi er bekymra

Også selskapet Tryg forsikring opplyser til NRK at ei norsk jente i slutten av tenårene har meldt frå til dei om at ho er blitt valdtatt i Hellas.

Valdtekten skal ha skjedd på øya Kos i byrjinga av august.

– Vi er bekymra. Vi ser at vi har hatt ei auke denne sommaren av meldingar av denne typen, seier Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg forsikring.

– Vi oppfordrar ungdommane til å vere forsiktige. Drikk litt mindre, og sørg for at du er omringa av venner som kan passe på deg, og som kan ta vare på deg dersom det verste skulle skje, seier Irgens.

Åtvarar mot party-stader

Meldingane har kome inn samtidig som det har vore fleire medieoppslag om norsk ungdom som reiser til Hellas for å feste. Jon Berge i Europeiske seier dei ikkje veit om dette er tilfeldig eller ikkje.

Jon Berge, informasjonsdirektør i If og Europeiske reiseforsikring

Informasjonsdirektør i Europeiske reiseforsikring, Jon Berge, er uroa over at det på kort tid har kome fire meldingar om valdtekt i det same området av Hellas. Han ber ungdommar tenke seg nøye om før dei reiser til såkalla festeplassar i Syden.

Foto: If

– Vi kan ikkje automatisk kople dette til desse medieoppslaga. Men det kan ha ein samanheng. Meldingane kjem frå dei same områda som det har vore oppslag frå, i det same tidsrommet som det har fått merksemd.

Grunnen til at Europeiske vel å gå ut med denne informasjonen no, er at dei kjenner på eit ansvar, seier Berge. Han meiner det er grunn til å åtvare både ungdommar og foreldre mot å reise til slike reisemål

– Når vi har så mange melde valdtekter på så kort tid på eit så avgrensa område, viser det kor alvorleg og omfattande det som skjer på slike party-plassar er. Folk bør tenke seg nøye om dei vil reise på fest i desse områda.

Samtidig oppfordrar han dei som reiser om å ta forholdsreglar.

– Folk må ikkje vere naive når dei er på tur. Det er viktig å passe på at ein ikkje er aleine, men kan vere saman med nokon og passe på kvarandre uansett kva form ein er i.

Norske jenter dopa ned

NRK fortalde tidlegare denne veka om norske jenter som var på tur til øya Ios som blei sende til sjukehus etter at dei hadde fått dop i drinken sin.

Også ungdommane NRK møtte der, oppfordra andre til å vere forsiktige.

– Dersom folk ønsker å reise hit, må dei tenke på kva som skjer og ha auga opne, åtvara Kristine Hillestad (17).

Caroline Andersen (t.v.) og Henriette Dahl Brønlund seier dei hjelpte ei jente som var neddopa midt på dagen.

Ei 18 år gamal jente frå Oslo-området fortalde at ho blei forsøkt valdteken på hotellrommet sitt på Ios. Men to vennar oppdaga det, og hindra at noko skjedde. Ho fortalde at ho vakna opp på sjukehuset dagen etter, og opplevde at politiet ikkje tok henne på alvor.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger