Hopp til innhold

Forseinkingar i tografikken etter stans

Søndag kveld var det store forseinkingar i togtrafikken i heile landet. Frå måndag skal all togtrafikk gå som normalt.

Tog fra Oslo til Skien

STOPP: Reisande må rekne med forseinkingar i togtrafikken utover kvelden.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Feilen som førte til stansen vart retta opp i 22-tida søndag, men det fekk følgje-forseinkingar utover kvelden.

– Forseinkingane varierer, men det er mellom 20 minutt og opptil ein time. Slik det ser ut nå er forseinkingane størst i Trøndelag og nordover, seier pressevakt i NSB Gina Scholz til NRK like etter klokka 23.

Frå måndag skal all togtrafikk gå som normalt, seier NSB til NRK i natt.

Det var ein feil i kommunikasjonssystemet mellom togleiinga og toga som førte til at toga stoppa opp fleire stader i kveld.

I slike situasjonar er det rutine at all togtrafikk blir stansa.

Det har likevel vore trafikk på strekningar der togleiarsentralen kunne ta i bruk handhaldne telefonar og halde kontakten med toga på den måten.

AKTUELT NÅ