Hopp til innhold

Forholdet USA-Israel alvorleg svekt

Forholdet mellom USA og Israel er verre enn på mange tiår, etter at Israel kunngjorde nybygging i Aust-Jerusalem.

Dei siste dagane har denne saka utvikla seg til å bli den mest alvorlege krisa mellom dei to landa på mange tiår. Det skriv amerikanske kommentatorar.

Kunngjeringa om nybygginga av 1.600 bustader var som eit slag i ansiktet på visepresident Joe Biden, skriv dei.

Kritikken blir hardare for kvar dag som går. Israel og USA har tradisjonelt eit godt forhold, og ordbruken mellom landa er derfor nokså oppsiktsvekkjande.

AKTUELT NÅ