Hopp til innhold

Forhandlingsfloke: Regjeringa seier det vil kome fleire kvoteflyktningar neste år

I år kjem det 1000 færre kvoteflyktningar til landet enn vi hadde bestemt oss for å ta imot. Regjeringa vil derfor hente fleire neste år. Frp meiner det ikkje vil vere berekraftig.

Erna Solberg og Siv Jensen i Stortingets spørretime.

IKKJE EINIGE ENNO: Erna Solberg og Siv Jensen i Stortingets spørjetime førre veke.

Foto: Heiko Junge / NTB

Spørsmålet om kor mange kvoteflyktningar vi skal ta imot neste år, er blitt peika på som ei av dei harde forhandlingsnøttene i diskusjonane mellom regjeringa og Frp om neste års statsbudsjett.

Korona-situasjonen kompliserer også denne diskusjonen.

Færre flyktningar

For pandemien påverkar det meste. Den har også ført til at det kjem færre kvoteflyktningar til Noreg enn dei 3000 som var bestemt for i år.

– På grunn av koronapandemien er det anslått at vi vil innvilge ca. 2000 overføringsflyktningar totalt i inneverande år, føresett at smittevernrestriksjonar i uttakslanda våre gjer det mogleg å gjennomføre planlagde fjernintervju, opplyser Tonje Øyan, einingsleiar i avdelinga for overføringsflyktningar i UDI til NRK.

Flyktningleiren Zaatari i Jordan

FÆRRE: Ikkje så mange flyktningar til Noreg som vedtatt. (Bilde frå flyktningleiren Zaatari i Jordan i 2013.)

Foto: Christian Jepsen / Flyktninghjelpen

Overføringsflyktning og kvoteflyktning er to ulike ord på det same: flyktningar med reelt behov for vern som Noreg plukkar ut i samarbeid med FN og som blir overførte til Noreg. Regjeringa sitt forslag er at vi skal ta imot 3000 slike neste år.

At det faktisk kjem færre i år burde kunne gjere budsjettdiskusjonen lettare, håpar fleire kjelder i regjeringspartiet Høgre som NRK har snakka med.

Men virus-situasjonen gjer også at det kan kome fleire flyktningar neste år. Det vil vere vanskeleg å svelgje for Frp.

Hausten 2019: Einige om 3000

Vi må gå tilbake eitt år - til før koronaen - for å fullt ut forstå debatten om kvoteflyktningar som no går føre seg mellom regjeringspartia og Frp.

Det var ikkje nødvendigvis fryd og god stemning då heller. Men det var iallfall ein avklart situasjon.

For hausten 2019 var dei fire partia Høgre, Frp, Venstre og KrF saman i regjering, og dei var einige om at det skulle kome 3000 kvoteflyktningar til Noreg i 2020. Dei hadde krangla seg ferdige om dette på Granavollen i januar 2019, og skrive inn i regjeringsplattforma at ein skulle vidareføre dette talet. Frp aksepterte det, og det var dåverande finansminister Siv Jensen sjølv som hausten 2019 la fram for Stortinget at det skulle kome 3000 kvoteflyktningar i år.

Siv Jensens (Frp) finanstale 7. oktober 2019

I FJOR: Siv Jensen er finansminister og seier det skal kome 3000 kvoteflyktningar i 2020.

Så kom viruset

Covid-19 påverka alt. Også talet på kvoteflyktningar. Å reise vart vanskeleg. Å intervjue flyktningar i flyktningleirar vart vanskeleg for norske styresmakter. Difor kjem det færre. Berre sjå på denne grafen som regjeringa la fram i oktober.

Overføringsflyktningar (kvoteflyktningar) til Noreg. Desse tala vart lagt fram i statsbudsjettet i haust.

LANGT FÆRRE: Grafane regjeringa la fram då dei presenterte statsbudsjettet viser at det kjem langt færre kvoteflyktningar (overføringsflyktningar).

Grafikk: regjeringen.no

Grafen for 2020 har vakse litt. Men dei oppdaterte tala som UDI stadfestar til NRK, viser altså at ein reknar med å gjere vedtak om plass i Noreg for berre 2000 kvoteflyktningar i år. Dei færraste vil nok reint praktisk ha kome seg til Noreg før nyttår, men det viktige er kor mange personar som får innvilga plass i Noreg i 2020. Og den sluttsummen vil altså vere 1000 personar under det Stortinget bestemte i fjor.

Dei som ikkje kjem no, kan kome neste år

Erna Solberg i Stortingets spørretime

NESTE ÅR: Statsministeren seier 2020-flyktningar kan kome neste år.

Så kva betyr desse tala? Betyr det at det samla sett vil kome færre kvoteflyktningar i år og neste år? Eller betyr det berre at det vil kome fleire neste år?

Regjeringa meiner det bør bety det siste. Statsministeren har svart på kvitt skrive til Stortinget at regjeringa legg opp til at dei plassane som ikkje blir fylte i år blir overførte til neste år.

Regjeringen vil legge opp til at de plassene som man ikke klarer å fylle i år, blir overført til neste år i tråd med vanlig praksis. Det har også tidligere vært behov for å overføre plasser fra ett år til det neste.

Erna Solberg (H) i svar på skritleg spørsmål frå Une Bastholm (MdG) / stortinget.no

For det andre la justisdepartementet fram eit nytt budsjettdokument på fredag mens forhandlingane gjekk føre seg på Stortinget. Der skriv dei igjen at i tråd med tidlegare praksis «ønskjer regjeringa å overføre ubrukte plassar til 2021».

Statssekretær Hilde Barstad jobbar med saka for justisminister Monica Mæland. Ho opplyser til NRK at anslaget for 2021 er at det vil kome om lag 3500.

– 3500 er ein høgst usikker prognose, men den beste prognosen vi har på talet på fatta vedtak i år som kjem til neste år, og talet på vedtak fatta neste år som kjem same år. Samtidig er det sjølvsagt slik at det blir fatta vedtak for kvoteflyktningar neste år som ikkje fysisk vil kome før i 2022.

KrF: Lytt til statsministeren!

I KrF og Venstre tar dei Ernas svar til Stortinget bokstavleg. Dei som ikkje kjem i år, skal få kome neste år!

Berre høyr kva KrFs forhandlar Tore Storehaug sa til NRK etter eitt av mange forhandlingsmøte med Frp fredag ettermiddag.

Finanspolitisk talsperson Tore Storehaug etter forhandlingar om statsbudsjettet fredag 20. november 2020.

MØTEMARATON: Finanspolitisk talsperson Tore Storehaug etter forhandlingar om statsbudsjettet fredag 20. november 2020.

Også Venstres finanspolitiske talsperson Ola Elvestuen viser til «det heilskaplege budsjettet» som sitt utgangspunkt. Der er det altså foreslått 3000 neste år og at alle ubrukte plassar frå i år blir overførte.

Dilemmaet: Frp må ha samla tal ned

Men dilemmaet er dette: Frp - som gjekk ut av regjeringa tidlegare i år- er partiet regjeringa prøvar å bli einig med. Partiet har fleire gonger peika på kor viktig det er at det skal kome færre til landet. Kravet er knallhardt: Null kvoteflyktningar!

Og i sitt budsjettalternativ peikar dei på kor problematisk det er at det i tillegg er lagt opp til å flytte flyktningar frå årets kvote til 2021-kvoten.

Med regjeringens forslag til statsbudsjett for 2021, legger man opp til å bosette opp mot 6000 personer neste år. Dette inkluderer forslag til 3000 kvoteflyktninger for 2021, estimert antall asyl- søkere i 2021 og kvoteflyktninger som overføres fra 2020 til 2021 grunnet utfordringer med uttak i 2020 grunnet Covid-19-pandemien. Det er ikke bærekraftig.

Frps alternative statsbudsjett for 2021 / frp.no

Då Frp-leiar Siv Jensen kommenterte forhandlingsdiskusjonen til media måndag ettermiddag, la ho vekt på at det er fleire saker som gjer at forhandlingane står i stampe, men at Frp og KrF har veldig ulike utgangspunkt på spørsmålet om kvoteflyktningar.

Siv Jensen kommenterte situasjonen i budsjettforhandlingane i vandrehallen på Stortinget 23. november.

AVSTAND: Siv Jensen står langt frå KrF i spørsmålet om kvoteflyktningar.

Håp i Høgre

Men folk i Høgre som er tett på forhandlingsprosessen har likevel eit håp knytt til at det reint faktisk ser ut til å kome færre kvoteflyktningar enn det ein vedtek.

Håpet er at dette vil gjere det lettare for både KrF, Venstre og Frp å akseptere dei tala ein vedtek i budsjettet.

Statssekretær Hilde Barstad i Justis- og beredskapsdepartementet

USIKRE TAL: Statssekretær Hilde Barstad (H) i Justisdepartementet.

Foto: KNUT FJELDSTAD / NTB SCANPIX

Statssekretær Hilde Barstad i Justisdepartementet peikar i ein skriftleg kommentar til NRK på kor usikre tala for kvoteflyktningar faktisk er.

– Trass internasjonal uro og koronapandemien følgjer regjeringa i framlegget til statsbudsjett for 2021 opp semja i Granavolden-erklæringa om å ta imot 3000 kvoteflyktningar i året. Det er viktig å understreke at det er stor usikkerheit knytt til om vi når målet.

Forhandlingane om budsjettet er no løfta til partileiarane i regjeringspartia og Frp.

AKTUELT NÅ