Hopp til innhold

Sara Ersdal (17) får lommepengane sine på Vipps

Får du faste lommepengar, eller vippsar foreldra deg pengar når du treng det? Sara trur at ei lommepengeordning på Vipps gjer ho litt rikare.

Sara Ersdal

Sara Ersdal får vippsa pengar av foreldra sine når ho treng det.

Foto: NRK

– Her er det liksom 300 kroner, 200 kroner, 250 kroner.

Sara Ersdal (17) blar gjennom pengane som foreldra har vippsa ho. For i staden for å få ein fast sum lommepengar, får ho pengar når ho treng det.

Vipps

Sara Ersdal viser vippshistorikken med foreldra sine.

Foto: NRK

– Eg vil jo ikkje tru at det berre er til kafear og slike ting. Det kan jo vera du kjøpte noko du hadde brukt for. Det håpar eg, seier mamma Hege Birkeland Ersdal.

– Ja, eg trur det er noko sånt, seier 17-åringen.

Meiner faste lommepengar er best

Vipps hadde 3,9 millionar brukarar i 2020. Dei trur vippsing er den nye lommepengeordninga.

Vipps

Vipps seier at unge brukarar mest mottar pengar frå foreldra.

Foto: Gabrielle Steinagard / NRK

Unge Vipps-brukarar sender mykje til og frå kvarandre.

– Men dei mottar mest frå brukarane som er mellom 40–50 år. Det vil seia sannsynlegvis frå foreldra deira, seier Hanne Kjærnes, kommunikasjonssjef i Vipps.

Kommunikasjonssjef i Vipps - Hanne Kjærnes

Hanne Kjærnes, kommunikasjonssjef i Vipps.

Foto: Gabrielle Steinagard / NRK

Forbrukarøkonom i Nordea, Derya Incedursun, seier det er viktig at born lærer tidleg om økonomi. Ho meiner faste lommepengar er den beste måten å læra på.

– Og viss pengane då er brukte opp lenge før neste lommepengedag, så lærar barnet då at val har konsekvensar.

Forbrukerøkonom i Nordea - Derya Incedursun

Derya Incedursun, forbrukarøkonom i Nordea.

Foto: Gabrielle Steinagard / NRK

Får meir pengar med Vipps

16-åringen Anneli Stene-Johansen fekk faste vekepengar tidlegare, men no gjer også foreldra hennar som mange andre. Dei vippsar når ho treng pengar.

– Eg synest det er mykje greiare å få pengane ved behov. Eg treng ikkje alltid pengar, og når eg først treng det, får eg ofte litt meir enn om eg får det fast, seier ho.

Anneli Stene-Johansen

Anneli Stene-Johansen får også lommepengane på Vipps når ho har behov for pengar.

Foto: Gabrielle Steinagard / NRK

Også Sara Ersdal seier trur ho totalt sett får meir pengar av foreldra no enn tidlegare.

– I det lange løp blir det nok meir, seier ho.

Hege Birkeland Ersdal, mammaa til Sara, trur at mange foreldre ikkje har oversikt på den totale summen dei vippsar til borna.

Hege Ersdal

Hege Birkeland Ersdal trur at mange foreldre blir overraska om dei studerer vippshistorikken med borna.

Foto: NRK

– Eg trur dei fleste foreldre, viss dei går inn på vippshistorikken til deira born, blir overraska over kor mykje det går på ei veke eller ein månad, seier Hege.

– Vit kva pengane går til

Ho og Sara har tips til andre som går i vipps-fella.

– Det vi har vore opptekne av, er at du skal vita kva eg brukar pengar på. Det trur eg er ei god løysing, seier Sara.

Hege Birkeland Ersdal og Sara Ersdal

Hege Birkeland Ersdal og Sara Ersdal meiner at eit godt råd er at foreldra veit kva pengane til borna går til.

Foto: NRK

Om Sara vil gå over til ei lommepengeordning, er usikkert.

– Det er jo eigentleg økonomisk gunstig for meg å ikkje ha vekepengar, men om du skal tenkja på kva born lærer av, så er nok vekepengar i cash best altså.

AKTUELT NÅ