Hopp til innhold

Foreldre melder ikkje ungdomskriminalitet fordi dei fryktar hemn

Barn og unge opplever vald og trugsmål frå jamaldrande. Men i fleire tilfelle vel foreldra å ikkje melde det til politiet fordi dei fryktar barna skal bli utsett frå straffetiltak frå gjerningspersonane.

Politiførstebetjent Johan Benitez på Majorstua i Oslo.

Leiaren for ungdomsavsnittet ved Majorstua politistasjon, Johan Benitez, seier det er leitt at foreldre ikkje vil melde kriminalitet til politiet fordi dei fryktar hemn frå ungdomskriminelle.

Foto: NRK

Dei siste to åra har det vore ein kraftig auke i ungdomskriminaliteten, særleg i Oslo. Mange barn og unge har opplevd å bli rana, truga eller utsett for vald frå jamaldrande, med trugsmål om at ting vil bli verre om dei går til politiet.

Leiaren for ungdomsavsnittet ved Majorstua politistasjon, Johan Benitez, seier han veit om barn og ungdom som er truga til tausheit.

– Dei blir truga med straffetiltak og hemn dersom dei går til politiet etter at dei er utsette for vald og trugsmål.

Redde foreldre

Foreldre som kvir seg for å melde slik kriminalitet, oppsøker i staden andre instansar for å få hjelp. I løpet av to månader har meir enn 20 foreldre teke kontakt med Salto-koordinator Isabel Mühleisen Ojo i Bydel Vestre Aker.

Ojo

Salto-koordinator Isabel Mühleisen Ojo i Vestre Aker seier mange foreldre har oppsøkt henne dei siste månadane etter at barna deira har blitt utsett for vald og trugsmål frå andre barn.

Foto: Alem Zebic

– Dette er foreldre som har barn som har vore utsette for ran, trugsmål eller ran frå andre barn. Dei er redde for at situasjonen skal forverre seg om dei går til politiet, og lurer på kva dei skal gjere.

Salto er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og politiet i Oslo for å førebyggje kriminalitet og rusmisbruk blant barn og unge. Ojo, som er klinisk spesialist med vald og overgrep som spesialområde, meiner det mest alvorlege er at barna kan bere på hendingane og frykta aleine.

– Enkelte har kanskje sett at andre som har meldt til politiet har blitt utsett for vald på nytt. Og då kan det vere forståeleg at dei vegrar seg for å gå til politiet.

Får ikkje konsekvensar

Benitez seier han forstår at foreldre kan bli skremde av ungdomskriminalitet. Samtidig synest han det er trist at ein ikkje har større tillit til det arbeidet politiet gjer.

– Eg forstår og respekterer at dei opplever det som vanskeleg å handtere trugsmål om straff. Men eg synest det er leitt at vi har kome dit at dei ikkje har tillit til at vi skal kunne klare å ta vare på ofra.

Når slik kriminalitet ikkje blir meldt, får det heller ikkje konsekvensar for gjerningspersonane, seier Benitez.

– Dei opplever ikkje at det får reelle konsekvensar når dei ranar, trugar med kniv eller kjem med andre typar trugsmål og utpressing.

Justisminister Tor Mikkel Wara seier det er uhaldbart at folk ikkje melder kriminalitet til politiet, og lover tiltak.

– Folk skal melde og kjenne seg trygge. Dette er ei ny utvikling vi har sett i Oslo dei siste åra. Vi kan ikkje ha det slik, og kjem til å setje inn ressursar og politiinnsats for å hindre at dette utviklar seg.

Justisministeren kommenterer trusselsaken

Justisminister Tor Mikkel Wara lovar ein ekstra innsats for å få bukt med ungdomskriminaliteten i Oslo i 2019.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger