Kommunane får truleg 5–7 milliardar i ekstraløyvingar

Det ligg an til at norske kommunar og fylke får ekstraløyvingar på 5–7 milliardar kroner i forbindelse med koronakrisen. Stortinget jobbar på høggir for å for å bli samde om krisepakka til næringslivet og kommunane. Fristen er i morgon tidleg.

Pressekonferanse på Stortinget i forbindelse med regjeringens krisepakke

Bjørnar Moxnes (Rødt), Kari Elisabeth Kaski SV. Hadja Tajik (ap), Sylvi Listhaug (Frp), Hulda Holtvedt (MDG), Mudassar Kapur (H), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Tore Storehaug (KrF) og Terje Breivik (V) hadde pressekonferanse på Stortinget i tilknyting til med førre krisepakke frå regjeringa. No sit dei i nye forhandlingar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Fleire seier til NRK at dei er budde på å ta natta til hjelp for å bli samde. Måndag kveld sat Ap, SV og Sp samla på kontoret til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, etter det NRK kjenner til.

Partia på Stortinget skal ta stilling til regjeringa si tredje krisepakke, som dei presenterte på fredag.

Der lova dei ei kompensasjonsordning for koronaråka bedrifter og ei gründerpakke på nær fem milliardar kroner.

Milliardar til kommunane

Men no skal også partia på Stortinget seie sitt. Og det ligg etter det NRK forstår an til at landets kommunar kan få fleire friske milliardar.

Regjeringa ønska å gje kommunane ekstra midlar i revidert budsjett som kjem i midten av mai, dette meiner opposisjonen er for seint.

Regjeringa har no altså valt å komme opposisjonen i møte og vil truleg løyve 5–7 milliardar kroner. Det var TV 2 som først melde om det, og også NRK får det stadfesta måndag kveld.

– Det er heilt avgjerande at me får krisepakker som kjem vanlege folk til gode. Det betyr at i tillegg til å berge bedriftene må me berge kommuneøkonomien, seier Sv-leiar Audun Lysbakken. Han meiner kommunane må ha minst 10 milliardar kroner for å unngå usosiale kutt.

Også Sp-leiar Slagsvold Vedum meiner kommunane treng pengar raskt, men vil ikkje seie kor mykje Sp krev at blir lagt på bordet.

– Kommunane må sikrast pengar slik at dei kan byrje å planlegge for vedlikehaldsprosjekt, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Krisepakka skal opp i Stortinget klokka 11 tysdag. Det er eit mål for regjeringa å få til ei brei semje om dei omfattande og svært kostbare tiltaka.

Stortinget behandler regjeringens krisepakke

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er opptatt av å sikre kommunane.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Kontantstøtteordning ikkje klar

Det som ikkje kjem til å vere klart i morgon, er innretninga på den nye kontantstøtteordninga til norske bedrifter.

Regjeringa la på fredag fram ei skisse til ei ordning der norske bedrifter som slit, skal kunne søke om og få støtte – ei ordning som er anslått å koste staten heile 50 milliardar kroner berre dersom krisa varer ut mai.

Kva krav som skal stillast til bedrifter som kan få støtte, kva utgifter som skal dekkjast, og kor mykje kvar enkelt bedrift kan få, let Stortinget truleg vere opp til regjeringa i samarbeid med LO, NHO og Virke og finne ut av dei neste dagane før den vert endeleg presentert.

Ingen oppseiingar

I regjeringa sitt forslag som blei lagt fram fredag presenterte dei ei kompensasjonsordning for faste utgifter for koronaråka bedrifter. Men detaljane i korleis ordninga skal fungere er enno ikkje klare.

Lysbakken meiner det bør stillast konkrete krav til bedriftene som skal ta imot slik kontantstøtte.

– Me i SV krev at ingen av bedriftene som skal ta imot denne støtta kan seie opp sine tilsette, seier han.

Kollektivsatsing

MDG er svært uroa for kollektivselskapa som tapar store pengar på at folk reiser mindre. Dei meiner kollektivtransporten treng ei krisepakke, slik lufttransporten har fått det.

Og det hastar, meiner dei.

– Utrekningar viser at kollektivselskapa tapar 170 millionar kvar veke. Fleire står framfor vanskelege val no og må snart byrje å seie opp folk. Dei bør få direkte kompensasjon for bortfall av billettinntekter, krev nasjonal talsperson i MDG Une Bastholm.

Muntlig spørretime i Stortinget

MDGs Une Bastholm meiner kollektivtransporten treng ei krisepakke

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det er viktig at samfunnskritisk personell kan kome seg rundt, og det på ein trygg måte. Vi ønsker at tilbodet skal vere så godt at tog, trikk og bussar ikkje blir overfylte, for det er slik me hindrar smitte, seier Bastholm.

I snitt utgjer billettinntektene rundt 50 prosent av inntektene til kollektivselskapa.

Moms

Også når det gjeld den såkalla lågmomsen går det føre seg diskusjonar. Dette omfattar reiseliv, kultur og delar av transportbransjen. Regjeringa gjekk inn for å senke satsen frå 8 til 7 prosent, og foreslo at dette skulle gjeld ut oktober.

Opposisjonen har ønske om å senke satsen til 6 prosent og at tiltaket skal gjelde ut året.

Opposisjonen ønskjer også å gje ei handrekning til store industribedrifter og diskuterer både å gje direkte støtte, men også omfattande kutt i målretta skattar og avgifter, som f.eks. å redusere CO₂-avgifta.

Vil gje tryggleik til bøndene

Sp-leiar Vedum har teke til orde for å maksimere norsk matproduksjon, no vil han at staten skal ta risikoen på vegner av bøndene for å sikre matproduksjonen:

– Det viktigaste som må skje no, er at alle som er i tvil om dei skal sette potetene, så gulrøtene – få maten i jorda – skal få tryggleik. Først og fremst frå Stortinget, og at regjeringa seier til næringsaktørane: «Berre sett det ut, og vi skal ta risikoen om det visar seg at det blir restriksjonar eller hendingar i løpet av året», seier Vedum og legg til:

– Mykje uventa kan skje: Det kan vere restriksjonar av smitteomsyn, til dømes i bærproduksjonen. Da må berre regjeringa si: «Slapp av med det, den risikoen skal fellesskapet bere».

Potebonde Morten Tømte

Potetbonde Morten Tømte.

Foto: Privat

Kravet gjer potetbonde Morten Tømte glad.

Familiebedrifta hans på Eidsvoll dyrkar korn og poteter på mellom 1600 og 1700 mål jord. Herifrå haustar dei om lag 2500 tonn poteter i året. Men han er redd for uvissa knytt til korona-epidemien, og utan forsikring frå politikarane tør han ikkje auke produksjonen.

– Vi er klare. Får vi ei forsikring frå det politiske miljøet, kan vi utan nemneverdige problem auke årets potethaust med om lag ti prosent, seier potetbonde Morten Tømte.

Industri

Raudt vil kjempe for å få på plass ei god krisepakke for norsk industri.

– Industrien ropar no varsku, og mange industriarbeidsplassar kan vere tapt, om me ikkje tek grep. Men me må også sikre at ikkje fellesskapet sine midlar ikkje ender hjå milliardærar, difor jobbar me for at det blir stilt krav til eigedomsselskapa om å sette ned husleiga for bedrifter som skal få offentleg støtte, seier partileiar Bjørnar Moxnes.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger