Hopp til innhold

Forbrukerrådet kritiserer bankane for IPS-gebyr

Bankane fortel oss ikkje heile sanninga om den individuelle pensjonssparinga, hevdar Forbrukerrådet. Feil frå A til Å, svarer Storebrand.

Hendene til en eldre kvinne som holder en lommebok med kontanter

UENIGE OM IPS: Forbrukerrådet og Storebrand er uenige om hvor gunstig den nye IPS-ordningen er.

Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix

– Pluss-sida kjem tydeleg fram, men bankane fortel ikkje at store forvaltningskostnader slår sterkt ut når pensjonen skal utbetalast, seier fagspesialist for finans i Forbrukerrådet, Geir Ormseth til NRK.

– Dei prosentane ein betaler i årlege forvaltningsgebyr ser ganske uskuldige ut, men dei tar av det same sparebeløpet år etter år, og derfor er den reelle prislappen betydeleg, legg han til.

Geir Ormseth

Geir Ormseth er fagspesialist finans i Forbrukerrådet

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Lite synleg i marknadsføringa

Han meiner desse opplysningane er lite synlege i marknadsføringa frå bankane.

– Forvaltningsgebyra er ikkje noko bankane slår opp stort i utstillingsvindauga, så dette er sterkt underkommunisert.

Storebrand er ein av bankane som reklamerer sterkt for IPS. Pensjonsøkonom Knut Dyre Haug er heilt usamd med Forbrukerrådet.

– Moderate kostnader

– Vi avviser den kritikken frå A til Å, seier han.

Knut Dyre Haug, pensjonsøkonom Storebrand

UENIG I KRITIKKEN: Storebrands pensjonsøkonom Knut Dyre Haug er heilt usamd med Forbrukerrådet.

Foto: Storebrand

– For det første er ikkje kostnadane betydelege, det er faktisk svært moderate kostnader for dette produktet. Det er berre forvaltningskostnader, kostnader knytt til å forvalte pengane og rapportera til kundane og offentlege styresmakter, seier Knut Dyre Haug.

Han opplyser at forvaltningskostnadane har eit spenn frå 0,2 opp til eit par prosent.

– Dei fleste kundane ligg på i underkant av ein prosent, er vår erfaring til nå, seier Knut Dyre Haug.

Høge gebyr når du fyller 62

For å illustrera gebyra, tar vi utgangspunkt i at du er 37 år i dag. Dersom du sparer 40 000 kroner i året i den nye Individuelle Pensjonsspareordninga, så har du spart 1 million kroner på 25 år.

Men fondet har kanskje dobla seg på desse åra. I så fall kan du også ha betalt over 100.000 kroner i forvaltningsgebyr i spareperioden, før du har kunna ta ut ei einaste krone.

Når du tar ut pengar første året, betaler du mellom 10 og 20.000 kroner i gebyr, berre første året (sjå faktaboks).

Dette meiner Knut Dyre Haug i Storebrand er ein heilt grei pris:

– Det er store pengar ute og går her. Sett i forhold til ei avkastning det året på 50.000 eller 100.000 kroner, er kostnadene særdeles moderate. For det blir stilt store krav til denne type forvaltning, seier pensjonsøkonomen.

Lett spel mot naive kundar

Geir Ormseth i Forbrukarrådet meiner bankane har lett spel mot naive kundar, når dei sel dette spareproduktet.

– Forbrukarane har generelt lågt kunnskapsnivå om fond og andre spareprodukt som IPS. Dette utnyttar bankane, og det har dei gjort i alle år. Gjerne for å leia kundane over i dei produkta med dei høgaste gebyra.

AKTUELT NÅ