Hopp til innhold

Forbrukarøkonom:– Forbausa over ferieauken

Ingen vekst i lønningane, 300 000 arbeidsledige og fleire permitterte fører ikkje til at nordmenn kuttar reisebudsjettet. Tvert imot. Nordmenn flest skal bruke mykje meir pengar enn i fjor på årets feriar.

Ungdom i Syden

FLEIRE REISER: Det er svært mange nordmenn som seier dei vil bruke meir pengar i år enn i fjor på ferien sin. Forbrukarøkonomane ber folk lage budsjett for å sleppe ein økonomisk smell.

Foto: GREGORY BULL / AP

– Det er i nedgangstider folk kuttar det dei har lyst på, og prioriterer å sikre økonomien sin. Eg er forundra over at folk slår på stortromma i år når det gjeld ferie, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DnB.

– Vi er som strutsar i sanden

Ho meiner for mange har blitt vande med at norsk økonomi har vore i oppgangstid.

Silje Sandmæl, forbrukerøkonom

VIKTIG FERIE: – Ferien kjem alltid høgt opp på lista når folk skal seie kva dei vil bruke pengar på. Men lag budsjett, oppmodar Silje Sandmæl i DnB.

Foto: Nordea

– Eg er redd for at fleire kjem til å slite økonomisk framover, vi må tenkje på at veldig mange har høg gjeld, det er mange som står i faresona. Mister du jobben, er det ikkje like lett om alle pengane er vekke på ferieturar.

– Fleire er blitt late av at vi har hatt det så godt lenge. Vi stikker hovudet i sanden som ein struts når det gjeld økonomien vår, og tenkjer at det er naboen som vil slite, og ikkje oss sjølve. Det er uklokt, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DnB.

«For dei som er redde for jobben sin, er permitterte eller går usikre tider i møte, er ikkje den store amerikareisa til 150 000 kroner noko ein bør prioritere i år»

Magne Gundersen, forbrukarøkonom

Det ligg an til å bli eit moderat lønsoppgjer i år, og stadig fleire mistar jobben, eller vert permitterte.

Forventningsbarometeret som kom i førre veke, viser at stadig fleire har negativt syn på norsk økonomi, men god tru på sin eigen økonomi.

Sandmæl ber folk lage budsjett

– Det skal vere ille før folk vel vekk ferien sin. Sjølv om vi er inne i ein svært utrygg situasjon, vel folk å reise, seier Sandmæl.

DnB har tidlegare vist at berre ein av fire nordmenn lagar budsjett.

Syden

FREISTAR: Virke sine undersøkingar viser at nordmenn vil bruke 23 prosent meir på ferien i år enn i fjor.

Foto: Nyhetsspiller / Scanpix

– Det er ikkje sikkert at ferien bør stå på førsteplass over utgiftspostar i sommar. Men det vil du ikkje få oversikt over før du lagar budsjettet. Mange lever litt for mykje i nuet, og prioriterer feil.

Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1-gruppa, ber folk tenkje over kvar ferieturen går.

Heller Noreg enn USA

Magne Gundersen

BRUK: – Det er viktig at folk brukar pengar også i nedgangstider, men det er viktig å halde kontrollen på pengeflyten, seier Magne Gundersen i Sparebank 1 – gruppa.

Foto: Sparebank 1

– For dei som er redde for jobben sin, er permitterte eller går usikre tider i møte, er ikkje den store amerikareisa til 150 000 kroner noko ein bør prioritere i år. Då kan ferie i Noreg vere eit godt alternativ. Her er det låg kronekurs mellom anna.

– I USA for eksempel er dollaren sterk, og dermed går det meir pengar mot ei svak krone.

Dei to forbrukarøkonomane er samde om at svært mange nordmenn har eit sunt forhold til eigen økonomi, og at dei fleste har råd til ein ferie.

– Det er viktig at folk brukar pengar, også i nedgangstider. Elles kan det fort bli ein lei runddans der endå meir stoppar opp i samfunnet og fleire mister jobben, seier Gundersen.

AKTUELT NÅ