Hopp til innhold

Førarhundar blir angripne på jobb: – Svært høge tal

Kvar femte førarhundbrukar har opplevd at andre hundar går til åtak på førarhunden deira, ifølgje Nav-undersøking. I verste fall kan hunden ikkje lenger fungere som førarhund.

Sana hos dyrlegen

HOS DYRLEGEN: Førarhunden Sana måtte til dyrlege Erik Ulven for sjekk etter møtet med ein laus hund. Aust-Agder Blad var med på sjekken. Sana var ikkje fysisk skada, men sleit likevel i ettertid med å jobbe som førarhund.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad

– Hunden kvidde seg for å gå den same vegen, og han blei redd og engsteleg overfor andre hundar.

Øystein Andreassen måtte trene opp førarhunden sin Sana på nytt, etter det han beskriv som eit åtak, då ein laus hund kom stormande imot dei.

Andreassen er nesten heilt blind, og han er avhengig av førarhund. Traumet Sana fekk etter hendinga gjorde kvardagen vanskelegare.

– Du kan ikkje vere sikker på at hunden gjer det riktige lenger. Det er ikkje berre å gå i ein butikk og hente ein ny førarhund. Det er eit langt prosjekt, fortel hundeeigaren.

Sana er ikkje aleine om å oppleve farlege situasjonar på jobb syner ei ny undersøking.

– Ikkje hels på førarhunden

På oppdrag frå Nav har Epinion ringt alle landets 264 førarhundbrukarar. 140 av dei svarte. Resultata syner at mange har opplevd at andre hundar har gått til åtak på førarhunden deira.

  • 19 prosent seier andre hundar har gått til åtak på førarhunden deira det siste året.
  • Av dei som seier dei har opplevd åtak, svarer 48 prosent at det har hatt følgjer for korleis førarhunden fungerer i ettertid.

– Det er svært høge tal, og dei er berre for dei siste tolv månadane. Hadde ein utvida tidsrommet, hadde det nok vore enda fleire, seier Sverre Fuglerud i Blindeforbundet.

Om ein førarhund blir angripen, kan konsekvensane vere alvorlege traume for hund og eigar. Det er òg dyrt for samfunnet, fordi det kostar fleire hundre tusen kroner å trene opp ein førarhund.

Sverre Fuglerud, Norges blindeforbund

PASS PÅ HUNDEN: Sverre Fuglerud i Blindeforbundet oppmodar hundeeigarar om å passe godt på hundane sine.

– Halvparten av hundane fungerer ikkje like godt etter ein slik situasjon, og nokre må i tillegg trenast opp på nytt, fortel Fuglerud.

Blindeforbundet oppmodar hundeeigarar om å ha kontroll på hundane sine.

– Det er òg viktig at ein ikkje let hunden helse på ein førarhund. Førarhunden er i arbeid, og han blir forstyrra av andre hundar som kjem bort.

Kan bli katastrofalt

Det er Nav som har ansvaret for førarhundane i Noreg. Arve Bjørke Olsen er leiar for eit utval som får beskjed når førarhundar er blitt angripne, undersøker kva som har skjedd, og som syter for at førarhunden får den opptreninga han treng for å fungere igjen.

Sakene Olsen får inn er gjerne vanskelege å løyse, for det er ofte ord mot ord når det kjem til kva som har skjedd. Likevel er konsekvensane for førarhunden ofte uheldige.

– Det blir fleire hundar på landsbasis. Det krev at hundeeigarar viser eit større ansvar for hunden dei har. Viss hunden viser aggressive tendensar, bør ein ikkje sleppe han. Det kan bli katastrofalt, seier Olsen.

Sana

NERVØS: Førarhunden Sana vart redd for å gå dei vanlege vegane etter ein laus hund kom mot ho for litt over to år sidan.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad

Framleis uroa

Det var Aust-Agder Blad som første gang skreiv om Andreassen og Sana. Førarhunden er no pensjonert, og Andreassen har fått ein ny førarhund. Bekymringa for hundar som uroar eller går til åtak på førarhunden, er likevel alltid der.

– Du blir redd og forbanna, for du har liksom nok å passe på, om du ikkje også skal passe på andre sine lause hundar som dei ikkje har kontroll på.

Øystein Andreassen

NY HUND: Øystein Andreassen den nye førarhunden. Sana kunne ikkje halde fram i jobben fordi ho var nervøs etter åtaket og gamal, fortel Andreassen.

Foto: Privat

Andreassen fryktar at ein i verste fall ikkje kan bruke førarhund lenger.

– Viss det blir slik at førarhundar stadig vekk blir angripne av andre hundar, kjem du i den situasjonen at du til slutt ikkje kan ha førarhund fordi omgjevnadane lagar for mykje skade, og då er fridomen med å ha førarhund borte.

AKTUELT NÅ