Hopp til innhold

Innvandring har berga folketalet på bygda. Men no er det bråstopp

Anna og Piotr er blant dei som har kome flyttande frå utlandet til norske bygder. No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

innvandring-vang-040321

To har blitt til fire. Anna Szalaj og Piotr Waclawski har bygd hus og tilført verda to små vangsgjeldingar.

Foto: Andreas Lekang / NRK

– Eg likar alt her. Det er kjemperoleg, og fjell overalt. Vi har fine folk og Vangsmjøse, seier Piotr Waclawski, og peiker i retning av det store vatnet som ligg nokre hundre meter frå huset.

Han held armen rundt Anna Szalaj. I naborommet leikar dei to borna deira. Dei veit det kanskje ikkje, men dei er del av ei utvikling som har påverka Bygde-Noreg mykje dei siste åra.

innvandring-vang-040321
Foto: Andreas Lekang / NRK

Huset har Piotr, med litt hjelp, bygd etter arbeidstid. Tomta fekk dei gratis frå Vang kommune. Ei fjellbygd øvst i Valdres, ein stad mellom Geilo og Beitostølen. Eller Bergen og Oslo, om du vil.

I retur har kommunen fått ein snikkar, ein tilsett i barnehagen, eit barnehagebarn og ein skuleelev.

Piotr kom til Noreg for å jobbe. Det same gjorde faren til Anna. Dei er frå det same område i Polen, men møttest og vart kjærastar i Vang.

Då to etter kvart skulle bli fleire måtte dei ta eit val om å flytte tilbake til Polen, eller bygge hus i Vang. Dei valde det siste.

Historia er ikkje unik.

Statistisk sentralbyrå deler norske kommunar opp i seks kategoriar etter kor sentrale dei er. 209 av kommunane er definert som lite sentrale, og har til felles at arbeidsmarknaden er liten, avstanden til servicetilbod kan vere stor og innbyggjartalet er lågt.

I desse kommunane har andelen innvandrarar vakse til 10 prosent sidan 2000-talet.

Eit vedtak som vart gjort i Brussel i 2004 fekk store konsekvensar for slike distriktskommunar. EU og EØS vart utvida austover, og i åra som følgde auka arbeidsinnvandringa til Noreg og norske småbygder kraftig.

Og viste det seg at dystre spådommar om døyande norske bygder ikkje stemte likevel.

Også i Vang har utviklinga vore slik. Kommunen har jobba systematisk med å tiltrekke seg nye innbyggjarar. Av dagens vangsgjeldingar har 15 prosent utanlandsk bakgrunn.

Polakkane er den største innvandrargruppa i bygda, men også mange med flyktningbakgrunn har busett seg øvst i Valdres.

innvandring-vang-040321

Garantert jobb og barnehageplass, i tillegg til lite stress, var det viktigaste for at Piotr Waclawski og familien busette seg i Vang i Valdres.

innvandring-vang-040321

Vang er ei roleg bygd. Det betyr færre bilar i vegane og full guffe på sykkelen.

innvandring-vang-040321

Piotr flytta til Noreg fleire år etter Anna. Lite visste han då at han kom til å stifte familie og bygge hus i den vesle bygda, Vang.

For det polske paret var det ikkje sjølvsagt at dei skulle bygge og bu i Vang.

– Eg maste litt på han og spurte om me ikkje skulle prøve å jobbe litt i Polen. Men han meinte det var ei mykje betre løysing å bli buande i Noreg, fortel Anna på ei valdresdialekt med polsk aksent.

Eldstemann har blitt skulegut, og med nybygd hus er vegen tilbake til Polen blitt lengre og lengre.

Men no er noko i ferd med å endre seg igjen i norske bygder. Innvandringa til Noreg har gått nedover dei siste åra, og fått ein bråstans på grunn av koronaviruset.

Statistisk sentralbyrå trur nedgangen i innvandring vil fortsette fram til 2060.

At det kjem færre arbeidsinnvandrarar har samanheng med økonomisk vekst i Europa, mens nedgangen i flyktningar er ein ønska politikk både i Noreg og Europa.

Frå Etiopia til Ryfoss

Heilt aust i Vang ligg Ryfoss. Ei heilt vanleg bygd langs ein av hovudvegane mellom aust og vest. Der serverer etiopiske Sara Siwar arabisk, afrikansk og etter kvart også norsk mat.

innvandring-vang-040321

I eit nedlagt postkontor har etiopiske Sara Siwar skapt seg ein arbeidsplass. Lokalbefolkninga har stilt opp med interiør, kjøkkenutstyr og svoltne magar.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Saras kafédraum starta då ho stilte seg opp bak eit bord utanfor bygdas lokalbutikk og nedlagde postkontor. Bygdefolket smakte villig på nye typar mat, og Sara fekk vatn på mølla.

No er butikken lagt ned og Sara har kjøpt bygget saman med mannen. I overetasjen bur dei saman med sine tre barn.

– Det er viktig å ha noko å gjere, seier Sara Siwar.

innvandring-vang-040321

Ein dag stod plutseleg Dronning Sonja i døra til Sara. Kanskje hadde ho vore på fjelltur, og kanskje hadde ho høyrt rykte om gründeren i Vang.

innvandring-vang-040321

Etiopisk kaffi er sjeldan vare i Noreg, og endå sjeldnare i Valdres. Men Sara byr gjerne på ekte etiopisk kaffi til dei som spør.

innvandring-vang-040321

Kafeen er full av gåver og funn som Sara har gjort på den lokale gjenbruksstasjonen.

I løpet av sine år som flyktning har Sara gitt liv til tre barn. No har desse slått rot i Ryfoss i Vang.

innvandring-vang-040321

Ryfoss er som ei vanleg norsk bygd. Eit solarium, butikk og eit nedlagt postkontor langs ein asfaltveg.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Fleire flyktningar blir buande på bygda enn tidlegare

Mange kommunar ønskjer seg fleire flyktningar som Sara og Awad. Saman med ein flyktning følger det statleg støtte som skal gå til integrering og språkopplæring.

Dette bidreg til viktige og attraktive arbeidsplassar, og om flyktningane blir buande, så får kommunen også fleire innbyggjarar.

Og statistikken tyder på at fleire norske kommunar har blitt betre på å få flyktningar til å bli.

Flyktningar flyttar mot sentrale strøk, slik som befolkninga elles. Men ifølgje Statistisk sentralbyrå skjer dette no i mindre grad enn før.

Sara og Awad fekk sjølv bestemme kor dei ville bu. Moglegheita til å få seg ein jobb vart avgjerande for at dei busette seg nær flyktningmottaket i Vang.

Men sjølv om fleire norske kommunar ønskjer seg fleire flyktningar, så har talet på flyktningar i Noreg gått ned. Europa har stansa dei største flyktningstraumane, og den norske regjeringa har bestemt å ta mot færre flyktningar enn for nokre år sidan.

Det kan få konsekvensar for kommunar som Vang.

innvandring-vang-040321

Awad held på med å fikse taket i det som før var ein Joker-butikk. Målet er at det skal bli ein kafé. I Sudan vert hus ofte laga av murstein, jord og leire, så det er mykje å lære når mugne bærebjelkar skal byttast ut.

innvandring-vang-040321

Lokalbefolkninga i Vang har stilt opp med mykje. Mellom anna eit biljardbord som Sara og Awad håper at barn og ungdom i bygda skal få glede av når dei ein dag kan utvide kaféen inn i butikklokalet som ligg vegg i vegg med dagens kafé.

innvandring-vang-040321

Kjøkkenet er fullt av utstyr som Sara har fått eller kjøpt billig. Norsk dugnadsånd er noko Sara etterkvart er godt kjent med, og ho er takknemleg for drahjelp ho har fått frå lokalbefolkninga.

innvandring-vang-040321

Awad var lenge avløysar på ulike gardsbruk i Valdres. Mange bønder i Valdres driv med kveg, og det gjer også familien hans i Sudan. No er han drosjesjåfør. Ein vanleg dag køyrer han først skulebarn, før han hentar pensjonistar som skal på dagsenter.

Meiner fleire kommunar må gripe sjansen no

– Mange fleire kan gjerne bli klare over kor mykje innvandring betyr for eit lokalsamfunn, seier Marit Lofnes Mellingen.

Ho er direktør i det statlege Distriktssenteret, som gjev råd til norske distriktskommunar.

Dei peiker til at innvandring på sikt kan vere viktig for små lokalsamfunn som ønskjer at tenestetilbod som skular, barnehagar, helsehus og fritidstilbod skal vere i nærområdet også i framtida.

Fødselstala er låge i Noreg, og om innvandringa i tillegg går ned, så vil mange kommunar slite med å behalde slike tilbod. Noko som kan føre til at endå fleire flytter bort.

Marit Mellingen

Marit Lofnes Mellingen er direktør i Distriktssenteret som kjem med gode råd til kommunar som ønsker å bli betre på integrering.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho meiner difor at kommunar som ventar befolkningsnedgang bør kaste seg rundt og sørge for at innvandrarane i kommunen blir buande.

– Arbeid er «bli-faktor» nummer ein. Men så ser me også at det å ha norske vener og eit sosialt nettverk er viktig, seier Mellingen.

Ho nemner samarbeid med lokalt næringsliv som eit godt grep. Eit slikt samarbeid kan bidra til at innvandring fører til gründerverksemd og lokal arbeidskraft.

Og så må ikkje kommunetoppane sjå seg blinde på den lokale ungdommen.

– Det er viktig at kommunane jobbar for å få å ungdommane heim. Men det kan ofte gje betre utteljing å satse på å behalde innvandrarane, enn det er å satse på kampanjar for å lokke tilbake dei som har flytta, seier Mellingen.

– Sørge for at dei ikkje stikk til byen

– Å ha folk som Sara og Awad, som ønsker å bli, tør å satse og tek plass i lokalsamfunnet. Det er gull, seier Hallgrim Rogn.

Han er innom «Sara's kafé» for ein matbit og ein prat. Jobben hans er enkel å forklare, men vanskeleg å få til: Han skal få folketalet i Vang til å auke.

innvandring-vang-040321

Hallgrim Rogn er glad for at det er etiopisk og arabisk mat å finne på det gamle postkontoret i Ryfoss.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Det er sterke sentraliseringskrefter Vang kjempar mot. Folketalet har ikkje gått ned, men det har heller ikkje gått opp.

Den same kampen kjempar også dei fleste av Noregs 209 «minst sentrale kommunar».

– Det held ikkje berre å få dei som kjem herfrå til å busetje seg. Me må også sørge for at dei som kjem hit for arbeid, eller som flyktningar, ikkje stikk til byen, seier Hallgrim Rogn.

I Vang er nesten kvar femte innbyggjar anten innvandrar, eller barn av innvandrarar. Hadde det ikkje vore for innvandring hadde Vang hatt rundt 1.300 innbyggjarar, mot dagens knappe 1.600 innbyggjarar.

– Det er bra for alle i Vang at det ikkje berre er folk her som er tredje generasjons vangsgjeldingar, seier Rogn, før han bestiller dagens lunsj: vårrullar à la Sara.

Hei!

Har du noko på hjartet etter å ha lest denne saka? Send meg gjerne dine innspel.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK

Saman lager vi saker om korleis folk i Noreg flytter på seg, kva det gjer med samfunnet vårt og kva framtida vil bringe.

Me blir glade for å høyre frå andre som synest dette er spennande og meiningsfulle tema.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim

Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.

Les saken

Familien Selvaag flyttet fra Oslo til Lillehammer.

Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo

De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.

Les saken

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Les saken

Marja-Elina Ballovara Varsi

Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk

Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.

Les saken

Sunniva Antonsen Remmen (26) er finansanalytiker og jobber fra Træna, hvor hun er fra.

Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere

Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.

Les saken

Mathilde Leivseth, den store folkevandringa, hamarøy, befolkningsfremskriving, telemarksforskning, ssb.

SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom

SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.

Les saken

innvandring-vang-040321

Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Les saken

Sara Mathisen og samboeren Joachim gikk mot strømmen da de satset all tid og penger på å pusse opp et gammelt hus på Værøy i Lofoten.

Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner

I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.

Les saken

Iselin Nybø

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,

Les saken

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger