Hopp til innhold

Støre stadig meir populær

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har no større støtte i folket enn både statsminister Erna Solberg (H) og sin forgjengar Jens Stoltenberg. – Ein stor inspirasjon, seier Støre.

Jonas Gahr Støre er nå langt mer populær enn Erna Solberg. Det viser NRKs måling av hvem folk vil ha som statsminister.

Jonas Gahr Støre er den mest populære statsministerkandidaten i Noreg, skal ein tru NRK si ferske måling.

I statsministermålinga i august leia han med 2,4 prosent, men den siste månaden har Jonas Gahr Støre fått eit endå større forsprang ned til statsminister Solberg. No har han ein oppslutnad på 45,8 prosent, medan 42 prosent av dei spurde ønskjer Erna Solberg som statsminister.

Statsministermåling

Kven meiner du er best skikka til å vere statsminister?

September 2014

August 2014

Erna Solberg

42%

40,3%

Jonas Gahr Støre

45,8%

42,7%

Usikker/Veit ikkje

12,2%

16,9

Det var 951 respondentar på målinga som vart gjennomført frå 1. til 7. september.

– Det er veldig hyggeleg å få ei slik tilbakemelding berre nokre månader etter at eg har blitt partileiar. Arbeidarpartiet har tradisjon for at ein leiar må ta eit slikt statsministeransvar om ein får fleirtal for det, så det er ein stor inspirasjon for meg når eg er ny leiar i partiet, seier Støre.

Ein stor inspirasjon for meg når eg er ny leiar i partiet.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre har berre vore Ap-leiar ei lita stund, men har likevel festa grepet om statsministermålingane. No aukar han forspranget ned til Erna Solberg.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
– Inspirasjon

Han understrekar samstundes at det er tre år att til neste stortingsval, og at det difor ligg mykje hardt arbeid framfor han, om han skal bli landets neste leiar.

– Eg har eit langt perspektiv i det eg jobbar med, så me får ta det med som ein god inspirasjon på vegen fram mot neste val seier Støre.

NRKs politiske kommentator, Lars Nehru Sand, understrekar at Støre berre har vore Ap-leiar ei kort stund, og at han ikkje har hatt like mykje politisk støy rundt seg som statsminister Solberg.

– Han har også vist ei evne og vilje til å tenke nytt rundt Arbeidarpartiets politikk på fleire område, så har han ikkje konkludert på det, så får me sjå om veljarane liker svaret like godt som dei likar spørsmåla, seier Sand.

Solberg nøgd med 42 prosent

Erna Solberg vann valet for akkurat eit år sidan, men i dag må ho sjå seg slått av Ap sin statsministerkandidat. Det tek ho med stor ro.

– Eg synest det er kjekt at eg får 42 prosent. Det betyr at eg ligg stabilt på den oppslutninga eg har hatt dei siste månadene. Også er det alltid flott at det er oppslutning rundt andre, seier ein diplomatisk Solberg.

Eg synest det er kjekt at eg får 42 prosent

Erna Solberg

Ho er klar på at ting kan endre seg, og at det til sjuande og sist er politikken som skal avgjere kven som skal vere landets politiske leiar.

– Eg meiner at det er politikk som er viktig, og når me etter kvart kjem til å få dei gode politiske debattane, så er det også dei gode politiske sakene som vil avgjere, seier Solberg.

Lars Nehru Sand meiner Solberg kan vere nøgd med resultatet, eit år etter at ho vann valet.

– Solberg ligg stabilt på 42 prosent oppslutning, og har ingen grunn til å sjå på det som noko fare. Ho scorar betre enn summen av Høgre og Frp på partimålinga som kom i går, og etter eit år i statsministerstolen er ikkje det så aller verst, seier Sand.

AKTUELT NÅ