Hopp til innhold

FN-topp: Israel retta åtak mot flyktning­anlegg

Minst 210 personar er drepne i Gaza siste døgnet, ifylgje Al Jazeera. USA reagerer sterkt på åtak mot FN-anlegg.

Onsdag har det vore åtak mot fleire palestinske byar.

I Khan Younis seier leiaren for FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA) at Israel retta åtak direkte mot komplekset deira.

Israel har bede bebuarar om å forlate fleire område i byen, mellom anna der Nasser-sjukehuset og andre helsebygg ligg.

På ein pressekonferanse i det amerikanske utanriksdepartementet onsdag kveld blir åtaket mot UNRWA-anlegget kalla «djupt urovekkande».

– Vi reagerer sterkt på dagens åtak mot FN-anlegget i Khan Younis, seier talsperson Vedant Patel.

Byen Khan Younis er Gaza sin nest største, og ligg sør i Palestina.

– Sivile må tryggast, FN-område må respekterast og hjelpearbeidarar må kunne vere trygge til å gje livsnødvendig hjelp til befolkninga, held Patel fram.

Det israelske forsvaret (IDF) hevdar åtaka mot den omringa byen er ledd i eliminering av terrorist-infrastruktur.

– Soldatane får fylgje av rakettåtak frå lufta. Desse målretta åtaka klargjer områda for bakkestyrkane, skriv IDF på Telegram.

Les også Norsk lege i Gaza: Folk flykter fra sykehuset etter angrep

 Erik Fosse i Norwac-teamet på Gaza i operasjonssalen.

Allereie tysdag hevda det Hamas-kontrollerte palestinske helsedepartementet at israelske stridsvogner skaut mot sjukehuset sør på Gazastripa.

– Dei skyt mot dei øvste etasjane i bygningen for kirurgi og akuttmottak. Titals er skadde, ifylgje ei fråsegn frå departementet.

Les også 24 israelske soldater drept på Gazastripen

Palestinere som flykter fra Khan Younis kommer til Rafah, sør på Gazastripen.

– Tydeleg merka FN-bygningar

UNRWA-direktør Thomas White hevdar artillerirundar frå to stridsvogner trefte bygget som husar 800 menneske.

Ni personar skal vere drepne og minst 75 såra etter åtaka.

– Trygg tilgang til og frå senteret har ikkje vore mogleg på to dagar, seier White.

Ifylgje FN-diplomaten Philippe Lazzarini er Khan Younis-komplekset eitt av UNRWA sine største, som husar nær 30.000 internt fordrivne.

Les også Kraftige angrep mot Khan Younis

FLYKTAR: Palestinarar flyktar frå Khan Younis etter massive angrep mot byen sør på Gazastripa søndag og mandag.

– Komplekset er tydeleg merka FN-bygningar og israelske styresmakter er kjende med koordinatane, som for alle våre anlegg, skriv Lazzarini på X/Twitter.

I desember skulda han Israel for å ville jage Gaza sine innbyggarar til Egypt.

Øydeleggingar i grenseby

Heilt sør i Gaza ligg byen Rafah. Frå egyptisk side av grensa kjem det inn ein brøkdel av naudhjelpa det er behov for i dei palestinske områda.

Bilete derfrå viser ein moske som er jamna med jorda, etter det som ifylgje Reuters er israelske rakettåtak onsdag.

Egypt sin president Abdel Fattah al-Sisi skuldar Israel for å hindre innføringa av mat, drikke og medisinar til palestinarar.

– Grenseovergangen er open 24/7. Men prosessane som finn stad på israelsk side er skuld i at så lite kjem gjennom, seier al-Sisi i ein tale onsdag.

To tredelar fordrivne på Gazastripa

Totalt 1,7 millionar er fordrivne frå heimane sinepå Gazastripa sidan oktober, ifylgje UNRWA.

Dei fleste har flykta frå dei nordlege områda, der det meste av heimar, bygningar og infrastruktur er jamna med jorda etter israelske åtak, skriv NTB.

Sidan 7. oktober, då Hamas gjekk til åtak på Israel, skal 25.700 palestinarar ha blitt drepne som fylgje av Israel si gjengjelding.

Draumen om eit stor-Israel
Draumen om eit stor-Israel
Netanyahu avviser ein palestinsk stat. Hans allierte håpar palestinarane forlet Gaza for alltid.

Netanyahu avviser ein palestinsk stat. Hans allierte håpar palestinarane forlèt Gaza for alltid.

AKTUELT NÅ