Miljøpanelet til FN la fredag fram ein omfattande rapport om tilstanden i verdshava.
"Dødlege farevatn" er namnet på rapporten som no kjem med sterk kritikk av botntråling.
Norsk fiskerinæring har i årtier brukt trål som sitt viktigaste fangsredskap.
Gambling med maten
Dr. Christian Nellemann er senior offiser i FN og forskar ved GRID Arendal (ein del av Miljøprogrammet til FN) . Han er ein av mange forskarar som har vore med på den internasjoanle rapporten. Nellemann hevdar at botntråling er ein viktig faktor som har mykje å seie for framtidas matfat.
- Botntråling er i dag ein av dei desidert mest skadelege fangstformer. Skadane av botntråling er like store som alle andre typer fiskeri til saman.
- Problemet er når vi får områdar av stor forureining, som til dømes Nordsjøen. Forureining kombinert med botntråling øydelegg økosystemet, hevdar Nellemann.
Arbeide saman
- Det vi no ser at når så mange pressfaktorer mot havet kjem saman, så gjev det konsekvenser av ein heilt ny art.
- I kva grad vil dette råke Noreg?
- I nordlege havområdet er det lite forureining. Ser ein derimot nærmare på Nordsjøen er det mykje forureining. Det er er her at botntråling vil vere mest skadeleg. Vi er heldige i nord, men kor lenge går det før det vert forureina også her, spør Nellemann?
Det er i dag 2,6 milliarder menneske som er avhengige av fisken som vert fanga på havet. FN ønskjer også å diskutere utfordringa med fiskerinæringa.
- Vi må arbeide saman, i felleskap for å tenkje alternativt. Det er vi allereie i gong med gjennom arbeidsutval/ FOU.
Kjell Inge Røkke sin 'American Monarch'
Foto: Hansen, Pål R. / ScanpixKjempar mot veggen
Kampen mot trålfiske har sterke tradisjonar her i landet. Heilt sidan fyrste verdskrig har både norske kystfiskarar, miljørørsle og andre vore mot denne effektive fangstformen.Med åra har det derimot vore stadig færre som tek opp kampen. Greenpeace Noreg hevdar at få torer å seie frå, seier leiar Truls Gullowsen.
- Når det gjeld fiskerinæringa, direktoratet og departementet er det på mange måtar som å snakke til veggen. Dei lyttar ikkje til vår argumentasjon. Svært ofte er det slik at vi vert møtt med påstanden om at ein ikkje skadar områder ved bruk av trål.
I 2006 prøvde FN ved hjelp av ei rekkje interesseorganisasjonar å få igjennom eit internasjonalt forbod mot bunntråling i opne havomårdet. Det lukkast ein ikkje med.
- Kva har ein slik ny FN rapport å seie for kampen?
- Ekstremt mykje. Eg håpar dette vil på ny rette søkjelyset mot botntråling. Ellers vert nye området truga, hevdar Truls Gullowsen.