Med burgunderraud farge, og namn og logo som minner om det på Flytoget, køyrde «Bytoget» frå Oslo til Drammen i formiddag. Bytoget blir altså namnet om Flytoget og får køyre regiontog på delar av Austlandet i åra framover.
Ved å opne heile eller delar av Flytoget også for pendlarar, blir fleire sete tilgjengelege for alle.
Logoen er ikkje ulik den til Flytoget.
Foto: Kjartan Rørslett / NRK– Dobbelt så mange avgangar
– På enkelte avgangar blir det ei dobling samanlikna med i dag. Det veit vi at folk gjerne vil ha, seier kommunikasjonsdirektør Ida Marie Fottland i Flytoget.
Jernbanedirektoratet føreslo i fjor at Flytoget får køyre mange av regiontoga på Austlandet i pakken som blir kalla «Austlandet 2». Resten av regiontoga og lokaltoga i Osloområdet skulle Vy køyre.
Men i januar bad Samferdsledepartementet Vy om å komme med eit samla tilbod på å drive all denne trafikken. Blir det resultatet, betyr det truleg slutten for Flytoget. For då mister dei samtidig ruteleiene til og frå Gardermoen.
– Kan gje eit kjempeløft
– Kundane kan gå glipp av det som ville gitt eit kjempeløft for jernbanen og som kunne gitt dei betre kvardagsreiser på Austlandet, seier Fottland.
No vil selskapet på offensiven og fortelje kvifor dei meiner dei reisande vil tene på at Flytoget ikkje berre skal køyre til og frå flyplassen.
– Vi kan køyre tog, og vi har levert gode kundeopplevingar i 25 år på strekninga mellom Drammen og Oslo lufthamn. Det blir bra for dei reisande om Flytoget – eller Bytoget, får ta over eit litt større område.
Kundeorientert
– Men éin ting er å køyre å ei rett strekning mellom Oslo og Gardermoen, noko anna er å køyre på gamle og slitne spor andre stader?
– Ja, det er andre utfordringar. Men viss Bytoget får ta over, så får vi og med oss ein haug med flinke folk som kjenner strekningane godt. Saman med Flytogets kundeorientering, blir det ein uslåeleg kombinasjon.
Kommunikasjonsdirektør Ida Marie Fottland i Flytoget.
Foto: Kjartan Rørslett / NRK– Kvifor namnet «Bytoget»?
– Det er fordi det ikkje berre skal gå til og frå flyplassen, men og frå by til by.
Fottland hevdar at Flytoget har ein sterk tradisjon for å ta godt vare på kundane sine.
– Vi har fokus på kundane i alt vi gjer, og det vil vi sjølvsagt ta med oss også til Bytoget.
Innan 1. mars skal Jernbanedirektoratet ha avklart om Vy sitt samla tilbod for begge pakkene på Austlandet er betre enn om ein tildeler oppdrag til begge selskapa.
Vy: Lang erfaring
I dag er det Vy som har ansvaret for heile denne trafikken, om ein ser bort frå Flytoget sine avgangar til og frå Gardermoen.
Konserndirektør for persontog i Vy, Erik Røhne, viser til at selskapet har over 100 års erfaring med å drive togtrafikken på Austlandet. Og han meiner det samla tilbodet dei har levert vil gje eit vesentleg betre tilbod til dei aller fleste kundane.
Erik Røhne, konserndirektør for persontog i Vy, meiner samfunnet oppnår stordriftsfordelar om eitt selskap driv trafikken på Austlandet.
Foto: Kjartan Rørslett / NRK– I dag er mange tog halvfulle med flytog-kundar. Samtidig står kundane som sild i tønne på toga våre. Vi har difor laga eit tilbod der alle tog er tilgjengelege for alle.
Utnyttar kapasiteten betre
Det er ein føresetnad frå Jernbanedirektoratet at kapasiteten gjennom flaskehalsen Oslotunnelen skal utnyttast betre.
– Då meiner vi at dette er den beste måten å gjere det på.
– Vy vil altså samle all togtrafikken i eit selskap då?
– Vi går ikkje inn i diskusjonen om selskap. Men det er klart at om vi får både Austlandet 1 og 2, så inneber det at det som Flytoget køyrer i dag, det blir borte. Då blir det i staden Vy-tog som køyrer, seier Røhne. Om Vy tar over, vil dei sette opp tog mellom Østfold/Follo og Gardermoen som gjer at dei som reiser der ifrå ikkje treng å byte tog i Oslo.
Eit av Vy sine tog på Ski stasjon.
Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK– Stordriftsfordelar
Men er det ikkje bra å ha to selskap som kan bryne seg på kvarandre?
– Eg trur veldig mange hos oss, inkludert meg sjølv, synest at konkurranse er bra. Det gjør noko med eit selskap ha nokon å bryne seg på, heilt einig ...
– Kvifor vil Vy då drive alt aleine?
– For det første er det betydelege stordriftsfordelar med å drive ein stor togproduksjon i eit område som Austlandet. Det blir dyrare for samfunnet å dele opp dette i to kontraktar. For det andre trur vi at det blir betre for kundane, som då får eitt selskap å ta omsyn til.
– Det er jo servicen vi utmerker oss på, seier flytogvert Amanda Nyåker. Ho håpar at ho snart og kan arbeide om bord i «Bytoget».
Foto: Kjartan Rørslett / NRK– Utmerker oss på service
Flytogverten Amanda Nyåker hjelper eit eldre ektepar som skal om bord i Flytoget med bagasjen. Ho håpar at ho snart kan yte service på andre strekningar enn denne og.
– Det hadde vore spennande. Eg gler meg til å gå på jobb, treffe folk og hjelpe dei som treng det. Og service er jo det vi utmerker oss på, seier ho.