Hopp til innhold

Fryktar endestasjonen for Flytoget

Regjeringa stoppa den økonomiske korona-støtta til Flytoget ved årsskiftet. Det kan vera første steg mot slutten, fryktar leiinga i selskapet.

Nye togsett for Flytoget fra 2020

Flytoget frakta i forfjor nesten sju millionar passasjerar til og frå Oslo lufthavn, Gardermoen.

Foto: Flytoget

I 22 år har Flytoget frakta passasjerar til og frå Oslo lufthavn, Gardermoen. I 2019 hadde det nesten sju millionar passasjerar, men no er selskapet hardt råka av pandemien.

Slutt på pengestøtte–

Som andre persontogselskap fekk Flytoget statleg støtte for å klare seg i fjor. Men medan andre selskap framleis får korona-støtte, vil ikkje regjeringa gi Flytoget det i år.

Administrerende direktør i Flytoget, Philipp Engedal.

Adm.dir. i Flytoget, Philipp Engedal.

Foto: Flytoget

Det meiner adm.dir Philipp Engedal kan vera første steg mot slutten for Flytoget slik vi kjenner det i dag.

– Ja, det meiner vi alvorleg, og det er fordi denne regjeringa har sett seg fore å konkurranseutsetja all jernbane i Noreg. Det som er litt snodig er at dei ikkje forheld seg til grunnleggjande vilkår for konkurranse, seier Engedahl.

«Urettferdig og konkurransevridande»

Alt i oktober varsla Samferdselsdepartementet at staten ikkje held fram med økonomisk støtte i form av offentlege kjøp av reiser med Flytoget i 2021. Det meiner leiinga i selskapet er urettferdig og konkurransevridane. For staten vidarefører økonomisk støtte til dei tre andre togselskapa som kjører på norske skinner; Vy, svenske SJ og britiske Go Ahead.

Styret i Flytoget reagerte sterkt på dette, og i eit brev til departementet skriv styreleiar Rolf Roverud at dei «...betrakter en slik forskjellsbehandling som klart brudd på et helt grunnleggende prinsipp, nemlig prinsippet om likebehandling.»

Må konkurrera om Oslo S – Gardermoen

Flytoget må også, før eller sidan, konkurrera om den strekninga selskapet i dag kjører; Oslo lufthavn - Oslo S - Drammen. Det kan bli vanskeleg, trur Engedal:

– For å vinna fram i ein slik konkurranse må vi vera klare, og ha finansielle musklar. Vi er eit lite selskap, solid drive, men om vi no skal tappe heile kassa vår og konkurrentane ikkje må det, stiller vi svært svakt i ein komande konkurranse.

Dersom Flytoget opprettheld tilbodet for å halde på kundar og tilsette, får det store økonomiske konsekvensar. Med dagens kunde- og inntektsgrunnlag taper Flytoget rundt 40 millionar kroner kvar månad. Dersom pandemien ikkje går over i år, vil det gi eit tap på nær ein halv milliard kroner.

– Dermed kan 2021 blir verre enn fjoråret, seier administrerande direktør Philipp Engedal.

SV-støtte til den frie konkurransen

SV, som i prinsippet er imot å etablera «private» statlege aksjeselskap som Flytoget, støttar likevel Engedahl i kritikken av regjeringa.

– Dette er jo ei underleg haldning frå statsråden og regjeringa som hyllar likeverdig og fri konkurranse, seier Arne Nævra (SV) som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Han meiner det er merkeleg at Flytoget blir sett på utsida av den frie konkurransen.

I eit skriftleg svar til SV skriv samferdselsministeren at målet med den økonomiske støtteordninga ikkje har vore å sørge for at den enkelte togoperatør kan oppretthalda ein solid finansiell situasjon for å t.d. kunna stå rusta til ein av dei foreståande konkurransane om trafikkpakke fire og fem.

– Og då stiller jo Flytoget rett og slett bakerst i køen. Dei er ikkje førebudde. Dei har ikkje ressursar nok til å levera eit godt tilbod, seier Arne Nevra.

Ventar på svar frå statsråden

Flytoget har venta lenge på svar frå departementet på dei breva og epostane dei har sendt.

Mandag kveld fekk NRK ein epost frå Samferdelsdepartementet med desse to kommentarane frå statsråd Knut Arild Hareide:

«Departementet og våre etatar skal sørgje for eit tilstrekkeleg togtilbod under pandemien, slik at folk som utøver samfunnskritiske funksjonar skal kunna koma seg på jobb utan større risiko for å bli smitta. Jernbanedirektoratet har derfor inngått det vi kallar tilleggsavtalar med togoperatørane for å justera omfanget av den offentlege tenesteplikta og det tilhøyrande vederlaget p.g.a. bortfall av billettinntekter.»

Og til slutt kjem setningane som kan redda økonomien for Flytoget:

«Departementet har no sendt brev til Jernbanedirektoratet og bedt om ei oppdatert vurdering av korleis transportbehovet under pandemien kan oppretthaldast ved bruk av slike tilleggsavtalar for persontogtrafikken. Dette inneber også ei ny vurdering av om det er grunnlag for å inngå tilleggsavtale med Flytoget.»

AKTUELT NÅ