Hopp til innhold

Flyplassar manglar tryggleikssoner

Over halvparten av norske flyplassar oppfyller ikkje krava for tryggleiksområde utanfor rullebanen.

Ulykke ved Stord lufthavn i 2006

Eit fly med 16 passasjerar sklei av rullebanen og hamna i svært ulendt terreng ved Stord lufthavn i oktober 2006.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Høge fjell gjer det vanskeleg å tilfredsstille kravet om planering ved flyplassane.

Stor utfordring

Tryggleikssoner skal redusere skader på fly som hamnar utanfor rullebanen, men med mange flyplassar i bratt og ulent terreng er det nesten umogleg å innfri krava.

- Plassering av flyplassar er ei utfording i norsk terreng, det er heilt opplagt, seier Fungerande direktør for flyplass og flysikring i Luftfartstilsynet, Ronald Geirhovd.

Dei fleste norske flyplassane driv under spesialtilpassa krav. Luftfartstilsynet seier desse krava veg opp for eventuell risiko, og at drifta difor er forsvarleg.

Ekstra krav

- Dersom ein ikkje klarer å utforme eit skikkeleg tryggleiksområde kan det bli sett i verk ekstra krav til for eksempel vêrvarsling, preparering av rullebanen eller lyssetjing, seier Geirhovd.

Han meiner at ein ikkje treng uroe seg når ein lettar og landar på flyplassane.

- Vår vurdering er at tryggleiken blir vareteke ved norske flyplassar, seier han.

Omkom ved rullebanen

Tidlegare denne veka omkom over 150 menneske i ei flyulykke ved rullebanen i Madrid.

LES: SAS set ikkje MD-82 på bakken

LES: Tre dagers landesorg

I 2006 døydde fire personar etter ei flyulykke på Stord. Flyet sklei av rullebanen og hamna i ei bratt skråning.

LES: Flyulykke ved Stord lufthavn

AKTUELT NÅ