Hopp til innhold

Ekspertar trur ikkje flybøter hjelper kundane

Å gi flyselskapa bøter for seine utbetalingar for innstilte fly gjer vondt verre, meiner flyanalytikarar. – Det er som å krangle om fargen på golvteppet til Titanic i det det er i ferd med å søkke, seier Espen Andersen frå BI.

Gardermoen Oslo lufthavn

FÅ AVGANGAR: Ein stor del flyavgangar har vorte innstilte frå Gardermoen Lufthavn etter at Noreg vart ramma av koronapandemien. Framleis ventar fleire hundre tusen kundar på å få betalt tilbake pengar for ein tur som aldri fann stad.

Foto: Vidar Ruud

Tysdag kravde Forbrukarrådet at Luftfartstilsynet gir dagbøter til flyselskap som bryt tidsfristen for å betale pengane til kundane tilbake for innstilte fly.

Espen Andersen

FRYKTAR KONKURS:– Årsaka til at selskapa ikkje betaler, er ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei ikkje har pengane. Det seier Espen Andersen, førsteamanuensis ved BI.

Foto: BI / Even Hye Tytlandsvik Barka

Hundretusentals kundar har venta i fleire månader på pengane sine. Normalt skal eit flyselskap betale tilbake billettbeløpet innan sju dagar.

Ifølgje Dagens Næringsliv kan SAS-kundar måtte vente i heile ni månader, eller lengre, før dei får pengane sine.

Men dagbøter løyser ikkje problemet for kundane, meiner tre flyanalytikarar NRK har snakka med.

Meir tap

– Årsaka til at selskapa ikkje betaler, er ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei ikkje har pengane. Det seier Espen Andersen, førsteamanuensis ved BI.

Han seier flyselskapa er i ei djup krise. Koronapandemien har ført til at 80 prosent av trafikkgrunnlaget deira har falle bort. Å skulle leggje dagbøter på toppen av manglande inntekter, trur Andersen kan føre til at nokre flyselskap går konkurs.

Det er som å byrje å krangle om fargen på golvteppet på Titanic i det det er i ferd med å søkke, seier han.

Frode Steen

– MÅ BETALE: Professor Frode Steen seier det er svært viktig at flyselskapa betaler tilbake det dei skylder kundane. Viss ikkje, kan det føre til at kundane ikkje tør å kjøpe flybillettar neste sesong.

Foto: NHH / Hallvard Lyssand

Professor i samfunnsøkonomi, Frode Steen, ved Noregs handelshøgskole trur òg at dagbøter berre betyr endå meir tap.

– Eg trur ikkje det er nødvendig å gi desse selskapa dagbøter. Dei er sørgjeleg klar over at dei må gjere noko med dette.

Også Hans Jørgen Elnæs, flyanalytikar i konsulentselskapet Win Air, seier det er «uheldig» for flyselskapa å få ekstra utgifter:

– Eg vil ikkje tilrå at dagbøter blir brukt.

Manglande refusjon kan gi færre nye reiser

Professor Frode Steen er tydeleg på at det er svært viktig at flyselskapa betaler tilbake det dei skylder kundane.

Viss ikkje, kan kundane kvi seg for å bestille billettar for kommande sesongar, og gjere dei framtidige problema for selskapa endå større.

Hans Jørgen Elnæs

– UHELDIG: Flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs har lita tru på at dagbøter skal løyse problemet for kundane som ventar på utbetaling.

Foto: WinAir

– Det er uvisse no. Det er vondt for selskapa. Nettopp derfor er det veldig viktig for SAS, Norwegian og andre selskap å vise at kjøper du ein billett, og av ein eller annan grunn ikkje kan reise, skal du få pengane tilbake.

Viss vi alle veit at vi får pengane igjen, byrjar vi å bestille billettar og byrjar å tenkje reiser framover, seier Steen.

Til liks med Steen understrekar Elnæs at det er viktig at flyselskapa gjer opp for seg.

Ein kjøper ikkje billettar for å gi flyselskapet eit lån. Flyselskapa må få orden i sysakene, og sørgje for at dei klarer å betale tilbake det dei skal innanfor rimeleg tid.

Luftfartstilsynet: – Bør gå raskare

Ifølgje Luftfartstilsynet har ingen av flyselskapa i Noreg «vore i nærleiken» av å overhalde tilbakebetalingsfristen på sju dagar, sjølv om det er noko forskjell i kor langt flyselskapa har komme.

– Vi har forståing for at dette er ein spesiell situasjon, men vi meiner det bør gå raskare enn det har gjort, skriv luftfartsdirektør Lars Kobberstad i ein e-post til NRK.

Kor sannsynleg er det at Luftfartstilsynet innfører dagbøter?

– Det spekulerer vi ikkje i. Vi gjer ei løpande vurdering ut ifrå kva selskapa melder tilbake til oss og kva som eventuelt kan vere ein relevant reaksjon.

Kor effektivt er dagbøter i ein situasjon der flyselskap allereie er hardt ramma økonomisk?

– Dette er absolutt noko vi er klar over, og som vi har med oss i den løpande vurderinga, svarer luftfartsdirektøren.

Ifølgje Kobberstad skal dei no sjå nærare på årsakene til at flyselskapa ikkje har overhalde betalingsfristane og vurdere eventuelle sanksjonar.

AKTUELT NÅ