Hopp til innhold

Flest unge menn tar livet sitt i trafikken: Lillian mista lillebroren

Åtte av ti som tar livet sitt i trafikken er menn. Mange er unge, som Rune Sveian (29). – Når menn får psykiske problem tar dei ofte ikkje i mot hjelp, seier ekspert.

Rune Sveian og Lillian Sveian

– Det er absurd å besøke lillebror på grava, seier Lillian Sveian. Rune Sveian ble 29 år gammel.

Foto: Bent Lindsetmo / Privat

Rune Sveian

Rune Sveian tok sitt eige liv mot eit vogntog.

Foto: Privat

NRKs kartlegging viser at vegvesen og politi mistenkjer at 182 menneske har tatt livet sitt på norske vegar dei siste ti åra. 147 av dei var menn, 63 var menn mellom 14 og 30 år.

– Det er vanskeleg å tenkje på det. Korleis han må ha hatt det. Det har vore noko av det tøffaste, seier Lillian Sveian.

Broren, Rune Sveian, blei berre 29 år. Lillian fortel om ein snill lillebror som alltid stilte opp når nokon i familien eller sambuaren trengde hjelp.

– Menn blir meir lukka

– Han var ikkje så flink til å be om hjelp sjølv, seier Sveian.

Professor Øivind Ekeberg seier generelt at menn som slit er vanskelegare å nå enn kvinner.

Det er mistanke om at 35 kvinner og 147 menn har tatt selvmord på norske veier (2005-2014). Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

– Når menn får problem blir dei meir lukka, tilbaketrekte, mange nektar for at dei har psykiske problem.

Øivind Ekeberg
Foto: OUS

– Samansette årsaker

Professoren har forska på sjølvmord i mange år og jobba på akuttmedisinsk avdeling på Oslo Universitetssjukehus. Der har han behandla mange som har prøvd å avslutte livet.

Ekeberg forklarer at det er samansette årsaker til at menneske tar sitt eige liv.

– Det eine er smerteopplevelsen som kan vere knytt til at ein har hatt psykiske problem over lang tid og ikkje orkar det lenger. Kanskje også fysiske smerter som ein ikkje held ut. Eller at det skjer noko som plutseleg endrar livet for menneske som har ein tung bakgrunnshistorie frå før. Det kan vere tap av ektefelle, kjæraste, jobb, økonomi.

Lillian budde ikkje langt frå foreldra, men turen dit virka likevel lang. Faren hadde ringt og sagt at ho måtte komme med ein gong.

Lillian Sveian

– Det er litt merkelig å tenke på at du kjem hit for å besøke han, seier Lillian Sveian på grava til lillebror.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det første mamma sa var at Rune var død. At han hadde tatt livet sitt. Eg tenkte lenge at det ikkje kunne stemme, seier Sveian.

Han hadde krasja med eit vogntog. Føraren av vogntoget vart ikkje fysisk skadd.

– Helsevesenet må fange opp

Ekeberg seier at helsevesenet må fange opp dei som har depresjon, er fortvila eller har sjølvmordstankar. Ein må spørje om det.

– Det andre er å sørge for at alle, også unge menn, får vite at det fins moglegheiter for å søke hjelp.

Lillian fortel at ho prøver å tenke tilbake på korleis broren var dei siste gongane dei såg kvarandre. Det er mange spørsmål ho aldri kjem til å få svar på.

– Eg har mista broren min. Men eg tenkjer mykje på foreldra mine. Dei har mista ungen sin.

AKTUELT NÅ