Hopp til innhold

Flest menn i familiekomiteen

For første gong er mennene i fleirtal i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. – Menn er nøkkelen til å løyse mange av likestillingsutfordringane, seier Arild Stokkan Grande (Ap).

Familiekomiteen

Geir Bekkevold (KrF), Ib Thomsen (Frp), Morten Stordalen (Frp), Kårstein Løvaas (H), Arild Stokkan Grande (Ap), Svein Harberg (H), Rigmor Aasrud (Ap), Hege Liadal (Ap) og Sonja Mandt (Ap) utgjer Familie- og kulturkomiteen på Stortinget dei neste åra. Mette Tønder (H) var ikkje til stades da biletet vart teke.

Foto: Ellen Viseth / NRK

Svein Harberg (H)

Komitéleiar Svein Harberg hadde ønska seg inn i Familiekomiteen. Han trur det er bra for likestillinga at menn pregar debatten.

Foto: NRK
Arild Stokkan-Grande

Arild Stokkan-Grande (Ap) vil gjere meir for mannehelse og for menn som mistar tid med barna etter samlivsbrot.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Stortingskomiteen med ansvar for familie, barn, likestilling og kultur har i alle år vore dominert av kvinner. No er det annleis.

No består komiteen av seks menn og fire kvinner, og både leiaren og nestleiaren er menn.

– Det må vi tolke som eit positivt teikn. Kanskje er det fleire menn som ønskjer seg til denne komiteen no, fordi det har vorte meir jamn fordeling av oppgåver i heimen og i samfunnet. Det er spanande, seier komitéleiar Svein Harberg frå Høgre.

Etter eige ønskje

Komiteane på Stortinget blir forsøkt sett saman etter ønskje frå representantane.

– Eg hadde ønskt meg til denne komiteen, så eg er veldig nøgd. Eg har alltid hatt eit sterkt engasjement for barn, unge og familiar, så det var heilt naturleg for meg, seier Harberg.

– Trur du at menn i mindre grad har ønskt seg til denne komiteen tidlegare?

– Eg veit ikkje. Men eg vil tru at sammensetninga har vore annleis før på bakgrunn av ønske frå representantane. Det er jo det vi prøver å ta omsyn til når vi sett saman komiteane, seier Harberg.

– Menn er nøkkelen

Også Arild Stokkan-Grande frå Ap tykkjer det er spanande at fleire menn no kjem på banen i likestillingsdebatten.

– Ofte blir det ein diskusjon mellom kvinner om kva ein skal gjere for å verne kvinner mot vald og overgrep, og korleis ein skal få betre likestilling. Menn er ein nøkkel i å løyse mange av desse utfordringane, og difor må fleire menn på banen, seier Stokkan-Grande.

Harberg er einig:

– Det viktig at andre enn dei som blir ramma løfter dei sakene. Eg trur det har vel så god effekt, seier Harberg.

– Også menn manglar likestilling

Gjennom åra har Noreg hatt både eit mannsrolleutval og eit mannspanel oppnemnt av regjeringa. Det første mannsrolleutvalget vart sett ned i 1985, og vart leia av den unge AUF-leiaren Jens Stoltenberg.

Utvalet foreslo mellom anna rett til permisjon etter fødsel, lengre permisjon med fedrekvote og kjønnsnøytral verneplikt. I dag er alt dette norsk politikk.

Men Arild Stokkan-Grande meiner at menn framleis manglar likestilling på mange område.

– Vi må gjere meir for menn som mistar tid med barna etter samlivsbrot, menn som slit med helsa og menn som ikkje vågar å ta utradisjonelle val. Dette er noko eg håpar at vi kan løfte tverrpolitisk, seier Stokkan-Grande, til nikking frå dei andre karane i komiteen.

– Det er eg hjartans einig i, for det handlar om likestilling. At mannen òg får delta og ta ansvar er like viktig som at kvinner skal delta, seier Morten Stordalen frå Frp.

Vil kjempe for fedrekvoten

Også komiténestleiar Geir Bekkevold frå KrF er glad for å hamne i nettopp denne komiteen.

– Ja, det var eit ønskje. Familiepolitikk er eit profilområde for KrF, og eg ser òg fram til å jobbe med kultur. Det er ein spanande komité, og eg håpar at eg kan sette eit fotavtrykk her eg òg, seier Bekkevold.

Blant kampsakene til Bekkevold er å bevare fedrekvoten i foreldrepermisjonen, og skape meir likestilling i heimen.

– Er far likestilt i heimane i dag?

– Vi må framleis ha fedrekvote. Det seier oss at samfunnsstrukturane enno ikkje er der at dette er heilt naturleg, seier Bekkevold.

– Det at det blir merksemd rundt at det er eit fleirtal av menn i familiekomiteen viser at vi framleis har eit stykke igjen å gå, legg Harberg til.

AKTUELT NÅ