Hopp til innhold

Vogntogsjåfør: – Det var null sikt

Uvêr gjer at det er kolonnekøyring og stengte fjellovergangar i Sør-Noreg. På Strynefjellet blåste både bussar og vogntog ut av vegen.

Strynefjellet

MÅTTE DRA BUSS OPP FRÅ GRØFTA: Fleire bussar blåste ut av vegen på Strynefjellet på rv. Her jobbar mannskap med å få eine bussen opp av vegen.

Foto: LASSE FLØDE

Vogntogsjåfør Andreas Skrede fekk kjenne uvêret på kroppen då han skulle over Strynefjellet i ei kolonne natt til laurdag.

Strynefjellet

NULL SIKT: Det var til tider null sikt for dei som skulle over Strynefjellet i natt.

Foto: NRK-TIPSAR

– Det var null sikt. Sidevinden tok tak i vogntoget og pressa det inn mot autovernet. Bak meg var tre ekspressbussar som blåste ut av vegen. Eg kjente at vinden løfta vogntoget. Hadde det var i nokre sekund til, så kunne eg ha velta, seier Skrede.

Den røynde vogntogsjåføren har aldri opplevd liknande. Til slutt kom delar av kolonnen seg inn i ein tunnel, medan bussane måtte få hjelp ute i snøstormen.

– Det var godt å vite at vi til slutt kom oss trygt heim til helg, men adrenalinet pumpa gjennom kroppen, seier Skrede.

Lasse Fløde var passasjerane på den eine bussen som blåste av vegen.

– Dei som fekk oss opp att på vegen måtte jobbe under tøffe forhold. Dei gjorde ein veldig god innsats, seier han.

Gult farevarsel

E 16 over Filefjell var lenge den einaste fjellovergangen som var heilt open for trafikk, men Vegvesenet såg seg nøydde til å innføre kolonnekøyring på grunn av uvêr laurdag føremiddag.

Uvêret tok seg kraftig opp natt til laurdag. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om vanskelege køyreforhold for fjellet i Sør-Noreg.

– Det er mykje vind. Dette gjer at det er dårleg sikt, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Kombinasjonen av snø og kraftig vind gjer at Vegvesenet ber deg om å revurdere turen over fjellet i dag.

– Det er ikkje ein dag eg vil anbefale folk å komme seg over fjellet på, seier Molvær.

Sjekk fjellovergangane:

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring. Kan bli stengt på kort varsel.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.

E16 Filefjell: Kolonnekøyring.

E134 Haukelifjell: Stengt mellom Liamyrane bom og Tyrveli bom.

Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.

Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt.

Rv. 15 Strynefjellet: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.

Filefjell

RUSKEVÊR: Kolonnekøyring over Filefjell på E16.

Foto: Jan Christian Jerving