Hopp til innhold

Politikarane vil dele smitte-appen i to

Regjeringspartia har fått med seg Arbeidarpartiet på å endre smitte-appen. No vil dei dele den i to, ein del for smittesporing, ein for kunnskapsinnhenting, med kvart sitt samtykke.

Smittestopp lanseres i dag. Skjermbildene er hentet fra Android-versjonen av appen som nå er tilgjengelig i Google Play Store.

Fleirtal på Stortinget for store endringar i smittestopp-appen

Foto: skjermbilde

– No sikrar me at ein kan bruken appen, utan å dele meir informasjon enn nødvendig, seier Sveinung Stensland, helsepolitisk talsperson i Høgre.

Sveinung Stensland

Forslaget vil sikre brukaren, seier Sveinung Stensland, helsepolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Slik smittestopp-appen fungerer i dag, gjev du ei godkjenning. Informasjonen ein gjev frå seg kan bli brukt både smittesporing og til kunnskapsinnsamling.

Måndag vart det kjent at Folkehelseinstituttet (FHI) stansar all innsamling av data i Smittestopp-appen, etter ei åtvaring frå Datatilsynet.

Frå i dag blir datainnsamlinga stoppa i appen. All persondata lagra i den sentrale databasen vil bli sletta så snart som mogleg.

– Dårleg politisk handverk.

Forslaget om å dele godkjenninga i appen i to, blir stemt over i Stortinget seinare i dag.

Ap bekreftar overfor NRK at dei stiller seg bak forslaget til regjeringspartia – og dermed har forslaget fleirtal

Men helsepolitisk talsperson i Ap, Ingvild Kjerkol, seier prosessen med appen har vore svært kritikkverdig.

– Det er ingen tvil om at det har vore dårleg politisk handverk. Me burde aldri ha kome i denne situasjonen, seier Kjerkol.

Hastevedtak

Forslaget frå regjeringspartia kom i stand etter at Senterpartiet i dag tidleg leverte inn sitt forslag til Stortinget om endring av appen.

Dei ville hindre all vidare bruk av smitte-appen til datainnsamling.

– Dette er eit svar på Senterpartiet sitt forslag. Det ville svekka smittevern-appen. I staden for å stoppe viktige delar av appen, kjem me no med eit konkret forslag som vil gjere den betre og tryggare, seier Stensland

Vil ha tilbake appen raskt

Helse- og omsorgsminister Bent Høie
Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Helseminister Bent Høie (H) seier til NRK han vil ha tilbake smittestopp-appen så raskt det let seg gjere.

Når all datainnsamlinga blei stoppa i dag, meiner Høie ein går glipp av verdifull informasjon.

– Vi mistar viktig kunnskap og viktig tid. Vi hadde no ein plan om å teste ut appen slik at han i større grad kunne vorte brukt til smittesporing i forkant av ei blomstring, seier Høie til NRK tysdag.

Viktig for beredskapen

Smittestopp-appen lagrar kvar vi er, når vi er der, og telefonnummeret vårt, som gjer at vi kan identifiserast. Og han lagrar kven vi møter.

– Vurderinga mi er at den er ein del av den beredskapen som vi har behov for å ha for å handtere det vi reknar med kjem til å skje – nemleg at vi lokalt i Noreg kjem til å få aukar i smittespreiing, seier han.

Appen er blitt lasta ned 1,6 millionar gonger, og har nesten 600.000 aktive brukarar som deler data med FHI, ifølgje tal frå 3. juni. FHI anbefaler folk å behalde appen på telefonen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger