Hopp til innhold

Fleire vurderer minipartia – Demokratane veks

Fleire veljarar vurderer å stemme på parti som ikkje er på Stortinget i dag. Frp-utfordrar Demokratane er i vekst på målingane. Men framleis er alle minipartia langt unna å kome inn.

TI1s57yovwI

På dei siste målingane har «andre parti»-kategorien vore i vekst.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I den siste meiningsmålinga som Norstat gjorde for NRK og Aftenposten med 1000 spurde, fekk «andre parti» heile 5,8 prosent oppslutning.

Det betyr at desse veljarane vil stemme på parti som stiller til val, men som i dag ikkje sit på Stortinget.

Halvparten av desse 5,8 prosentane peikar på Demokratane eller Pensjonistpartiet.

Demokratane størst

På dei siste målingane har andre-kategorien vore i vekst, og det er Demokratane som viser seg å vere mest interessant for veljarane.

Nivået på Demokratane blir i siste måling anslått til 1,9 % av meiningsmålingsbyrået Norstat.

– Eg trur folk er engstelege for utviklinga av Noreg, seier Geir Ugland Jacobsen som er leiar for Demokratane.

Han meiner at partiet har fått større oppslutning fordi det femnar vidt når det gjeld sak.

– Mange synest at Noreg og dei norske borgarane sine behov har blitt nedprioritert. Vi samarbeidar med andre parti så lenge det tener Noreg og norske borgarar.

Geir Ugland-Jacobsen

Geir Ugland Jacobsen, leiar for Demokratane trur at nordmenn er redde for å miste suvereniteten.

Foto: Privat

Det anti-globalistiske partiet har fleire medlemmar som tidlegare var aktive i Frp.

– Ønskjer de å ta stemmer frå Frp?

– Nei, vi ønskjer at Frp skal kome på same line som oss, slik at vi kan samarbeide med dei. Men vi kan gjerne ta stemmer frå Høgre.

På ei måling for Dagbladet i juli, fekk Demokratane 3,1 %, og partiet låg an til å kapre eit stortingsmandat. Oppslutninga til partiet fordeler seg over heile landet.

Usikre tal

Men 1,9-talet til Demokratane er svært usikkert. Av andre småparti får Pensjonistpartiet 1,1 prosent og Liberalistene 0,6 prosent på Norstat si siste måling for august 2021.

For dei minste partia reknar ikkje Norstat ut eit eksakt oppslutningsnivå.

Sidan talet på oppringte som svarar småpartia er svært lågt, blir estimata usikre. I førre måling Norstat gjorde for NRK/Aftenposten var det til dømes to personar som svarte partiet Sentrum. Nokre av småpartia er større enn dette, men tala er likevel for små til å oppgje sikre oppslutningstal.

På grunn av dette blir heller ikkje resultata for småpartia vekta på same måte som dei større partia.

Men det er likevel mogleg å anslå eit omtrentleg nivå.

– Norstat oppgir eit anslag på oppslutninga til dei små partia som er basert på talet respondentar som står bak kvart parti og oppslutninga til dei «andre» partia totalt. Vi ser at desse anslaga i stor grad svarar til talet som historisk har stemt på småpartia ved stortingsval, seier Mads Motrøen, ansvarleg for politiske målingar hos Norstat.

  • I tillegg til dei tre partia nemnt over, blir Industri- og næringspartiet, Partiet dei Kristne (PDK), Partiet Sentrum, Alliansen, Piratpartiet og Helsepartiet nemnt av ein eller to av dei spurde.
  • Lista Pasientfokus som berre stiller i Finnmark blir også nemnt.

Her kan du lese meir om kva dei ulike partia står for.

Kva seier supermålingane?

I dei fire supermålingane NRK gjer før valet, stiller NRK spørsmål til 600 veljarar i kvart fylke. I den siste supermålinga for august rekna Norstat ut at 3,9 prosent av veljarane peikar på eit «anna parti» på nasjonalt nivå, altså nokre færre enn i målinga med 1000 spurde som kom veka etter.

Meningsmåling august 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.9% (endring: +0.7
SV: 6.9% (endring: -0.9
AP: 25.5% (endring: +1.4
SP: 16.2% (endring: -1.5
MDG: 4.3% (endring: +0.6
KRF: 3.1% (endring: -0.5
V: 3.3% (endring: +0.6
H: 21.1% (endring: -1.9
FRP: 10.9% (endring: +0.7
Andre partier: 3.9%
Utført av Norstat 28 juli.–11. august11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Desse målingane seier noko om korleis småpartia står i kvart enkelt distrikt.

Men fordi det er store forskjellar på kor mange som bur i kvart valdistrikt, kan ein ikkje berre legge saman oppslutninga om dei ulike «andre» for å få eit enkelt prosenttal på småpartia nasjonalt.

Men nokre ting kan ein også slå fast nasjonalt:

  • Demokratane er også i supermålinga det partiet av dei minste som blir klart oftast nemnt. Partiet har veljarar i alle valdistrikt. 96 av 252 spurde som svarar «andre parti», peikar på Demokratane. Altså ca. 40 prosent av «andreveljarane».
  • Som nummer 2 og 3 på «andrelista» kjem Pensjonistpartiet og Industri- og næringspartiet. I overkant av 30 personar nemner kvart av desse partia.
  • Litt bak der igjen kjem KrF-utfordrarane Partiet De Kristne og Partiet Sentrum som nummer 4 og 5 på lista over kor ofte andre parti blir nemnt.

Flest ser mot alternativ i Finnmark

Finnmark er det valdistriktet der andre spelar den største rolla. Her peikar 7,9 % av veljarane på eit slikt parti. Anslaget på Demokratane si oppslutninga lengst nord er 1,6 %, men det er den lokale lista Pasientfokus, som har oppstått som følgje av sjukehusstriden i Alta, som er det klart største av dei andre partia. Norstat anslår at 3 % av Finnmark-veljarane peikar på denne lista i supermålinga.

I tre andre valdistrikt er det fleire enn 5 prosent av veljarane som vil ha andre parti enn dei som er representerte på Stortinget i dag.

  • I Vestfold seier 5,4 % «andre». Demokratane er størst, oppslutninga blir anslått til 2,9 %.
  • Hordaland: 5,2 % «andre». Demokratane størst, anslått til 1,7 %.
  • Møre og Romsdal: 5,1 % «andre». Demokratane størst, anslått til 2,2 %.

AKTUELT NÅ