Fleire vil bli fosterforeldre under korona

Morten og Øyvind har vore fosterforeldre i mange år, og skal no bli fosterforeldre for tredje gong. Sidan koronapandemien braut ut, har mange fleire vist interesse for å bli fosterforeldre.

Øyvind Ødemotland og Morten Ringsrud

FOSTERFORELDRE: Øyvind Ødemotland og Morten Ringsrud ønska å stifte familie. Dei blei fosterforeldre fordi ønska å hjelpe barn som trengde det.

Foto: Sindre Nordengen

– Det er utfordrande, men får ein hjelp og rettleiing og forstår kva det går ut på, så er det ekstremt gjevande, seier Morten Ringsrud.

Han og ektemannen har vore fosterforeldre sidan dei bestemte seg for å stifte familie for åtte år sidan. No skal deira tredje fosterbarn flytte inn i heimen.

– Me hadde lyst på familie og ønska å hjelpe barn som ikkje har ein stad å bu, seier han om valet om å bli fosterforeldre.

Dobling av førespurnadar i nord

Mange har vore uroa for dei sårbare borna under koronapandemien. Ida Lindtveit Røse (KrF) trur dette er ein av årsakene til at fleire no viser interesse for å bli fosterforeldre.

I region nord har auken i førespurnadar vore på over hundre prosent. I perioden frå mars til juli i år har dei nemleg fått 253 førespurnadar frå folk som er interessert i å ta imot fosterbarn. For same periode i fjor, fekk dei 118 førespurnadar. I aust har auken vore på om lag 50 prosent, medan auken i sør og vest har vore på om lag 30 prosent.

På landsbasis har førespurnadar om folk som ønskjer bli fosterforeldre auka med 44 prosent i perioden frå 12. mars til 31. juli, frå 1701 førespurnadar i år mot 1182 i fjor.

– Det viser at familiar ønskjer å ta til seg eit ekstra barn. Kanskje er det familiar som i koronasituasjonen har sett at det er stort behov.

Ho gleder seg over at så mange viser interesse.

Ida Lindtveit Røse

STERKE HISTORIER: Ida Lindtveit Røse (KrF) synest det er sterkt å høyre historiene til fosterfamiliar. Ho håpar deira historier vil inspirere andre til å bli fosterfamilie.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

– Det at fleire melder seg betyr og at me kan finne fleire heimar og at fleire born får den tryggleiken dei treng.

Samstundes påpeiker ho at det framleis er mange born som ventar, men at det er færre som ventar no enn på lenge.

Ved utgangen av juli var det 259 born som venta på ein fosterheim. Til samanlikning var det 264 born som venta ved utgangen av april i år, medan 285 born som venta ved utgangen av april i fjor.

– Det viser at det går riktig veg, men me treng alltid rekruttering av fosterheimar.

Ulikt frå kommune til kommune

Tone Granaas, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening, synest det er flott at så mange er interessert i å bli fosterforeldre. Samstundes seier ho det framleis er ein lang veg å gå for at fosterheimsordninga fungerer optimalt.

– Det blir gjort mykje bra for at me skal ha gode ordningar. Men me i Norsk Fosterhjemsforening høyrer frå mange fosterheimsfamiliar der det ikkje går så bra fordi dei ikkje får den oppfølginga dei treng.

Ho seier at denne auken i førespurnadar ikkje må bli ei sovepute, men at det er viktig å jobbe for å ta vare på dei som allereie er fosterfamiliar.

Ho peikar på at det er stor skilnad mellom kommunane når det gjeld kva oppfølging både fosterforeldre og fosterbarn får.

Tone Granaas

SIKRE OPPFØLGING: Tone Granaas, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening, seier det må bli gjort meir for å sikre at fosterbarn og fosterforeldre får den oppfølginga dei treng.

Foto: John Petter Reinertsen / Norsk Revmatikerforbund

– Fosterheimsomsorga blir delegert ut til kommunane, som har veldig ulik kommuneøkonomi og ulike prioriteringar. Det gjer at det blir stor skilnad på korleis det er å vere fosterheim i dei ulike kommunane.

Morten Ringsrud seier sjølv at dei har vore veldig heldige som har hatt svært god kontakt med barnevernet undervegs. Men han deler bekymringa til Granaas, og seier han veit om fleire fosterfamiliar som ikkje er like heldige med oppfølginga.

– Som fosterheim er ein avhengig av støtte og oppfølging.

Sterke historier

Lindtveit Røse har vore barne- og familieminister medan Kjell Ingolf Ropstad har hatt permisjon. Før ho var ferdig som konstituert statsråd førre veke, inviterte ho fosterfamiliar til eit møte for å høyre deira erfaringar.

Ho synest det er sterkt å høyre historiene som fosterforeldra fortel.

– Dei kjem med viktige innspel. Noko av det me arbeider mest med er å styrke samhandling mellom kommunar styrke oppfølging og rettleiing som kommunane gjev fosterheimar.

Ho håpar historiene deira og kan inspirere andre til å ta på seg det same ansvaret.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger