Hopp til innhold

Fleire vektarar enn politifolk

Medan gjeldskrisa i Europa fører til stadige nedskjeringar for politiet, opplever vekterindustrien tidenes boom.

Vektere

I heile verda er den private tryggingsindustrien på frammarsj.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Den private vektarindustrien veks over heile verda. Ein ny rapport syner at det no er dokumentert 20 millionar vektarar i verda, ein auke på 200-300 prosent i dei siste tiåra.

Dette utgjer dobbelt så mange vektarar som polititenestemenn.

Undersøkinga er gjennomført av forskarar ved Universitetet i Genève, melder Reuters.

Forskarane har henta informasjon frå 70 land, og konkluderar med at vektarindustrien har vekse seg ut av alle reguleringar og kontrollmekanismar. Forsøk på å regulere industrien er på eit svært tidleg stadium.

Auke også i Noreg

I løpet av dei siste par tiåra har vektarbransjen også hatt ein eksplosiv auke i talet på tilsette og omsetning i Noreg.

Det er usemje i bransjen om kor mange vektarar som finst i Noreg. NHO har tal frå 2008 som seier at 12 000 nordmenn arbeidar som vektarar. SSB sin statistikk viser at det finst 13 000 vektarar i Noreg dag. Til samanlikning har politi- og lensmannsetaten 12 000 tilsette.

Tala er veldig usikre fordi det ikkje finst ein klar definisjon på kva som er vektarar i Noreg.

JUSTISMINISTEREN

Rolf Gunnar Reisænen i G4S er ikkje overraska.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Direktør i vaktdivisjonen i vektarselskapet G4S i Noreg, Rolf Gunnar Reisænen, meiner at dette ikkje er ein overraskande utvikling.

– Det er ikkje overraskande at det finst fleire i vektarbransjen enn i politiet, men samtidig er det viktig å hugse på at det er ein veldig liten del som jobbar innanfor områdar som kan tendere mot politioppgåver. Mange sit i resepsjonar, held vakt ved industri, eller jobbar med tryggleik ved flyplassar.

– Korleis kan vektarbransjen og politiet samarbeide best mogleg?

– Vektarane kan nyttast til å observere og rapportere tilbake til politiet. Slik kan politiet spare mange ressursar, og bruke ressursane dei har, betre. Me er oppteken av at vektarane ikkje skal gjere oppgåver som ligg hos politiet.

Politiet skeptisk

Utviklinga fell ikkje i god smak hos alle. Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, meiner at auken av vektara er eit paradoks.

Arne Johannessen

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, meiner utviklinga er farleg.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Dette er ikkje nokon bombe, me har sett utviklinga over tid og det er ingen tvil om at den private tryggingsindustrien er på full frammarsj og har vore det i mange år.

Johannessen meiner at eit viktig prinsipp i velfungerande demokratiar er at det berre er staten som kan utføra makt, og at vektarane kan truge dette prinsisppet.

– Å blanda inn kommersielle interesser inn i det å halde lov og orden er utruleg farleg på sikt. Heile grunnlaget med eit offentleg maktmonopol er at det skal vere utan eigeninteresse, økonomisk interesse og uavhengig.

Johannessen meiner at dette fører til eit klasseskilje i forhold til tryggleik, ved at dei som har god økonomi kan kjøpe seg ekstra tryggleik.

– Kva bør vere den klare skilnaden på oppgåvene til ein vektar og ein polititenestemann?

Det me har vore veldig tydelege på er at det bør vere eit klart grenseskilje ved at vektarane berre har ansvar for vakt og sikring av objekt, som bygningar og installasjonar. Politiet skal ha ansvar for menneske, og kontroll av folk i det offentlege rom. Eg meinar ikkje at politiet skal stå for tryggingskontrollen på flyplassar, men i bybiletet og i gatene er det inga tvil om at me bør halde oss til politi i staden for vektarar.

Er likestilt med vanlege borgarar

Vektarar har i prinsippet ingen andre fullmaktar enn vanlege borgarar. Straffeprosesslova, paragraf 171, seier at sivile kan pågripe mistenkte dersom dei blir tekne på fersken.

Bondevik-regjeringa gjorde likevel ei endring slik at vektarane fekk større fullmakt til å halde tilbake personar. Arne Johannessen fryktar det kjem fleire endringar som vil auke fullmaktene til vektarane.

– Me ser ei gradvis endring i måten politikarane held seg til vektarane, og me ser no at det blir tatt små politiske steg. Eit døme på dette er då regjeringa nyleg opna for at private med våpen kan stå for tryggleiken på norske skip, seier Johannessen.

Han meiner likevel at Noreg finn seg i ein særstilling, og at situasjonen er mykje verre i Europa.

– Politistyrkane blir redusert i heile Europa. Me har sett det i baltiske land, i Tyskland og i England. Difor kjem prinsippet om at politiet skal vere uavhengig enno sterkare inn, avsluttar Johannessen.

AKTUELT NÅ