Fleire tusen muslimar demonstrerte

Fleire tusen muslimar demonstrerte i Oslo sentrum i ettermiddag mot at Dagbladet har publisert fleire Muhammed-karikaturar.

Video nsps_upload_2010_2_12_17_41_19_1765.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Demonstrasjonen gjekk stort sett roleg for seg.

Demonstrantane kravde slutt på krenking av muslimar.

Demonstrantane kravde slutt på krenking av muslimar.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Den lenge varsla demonstrasjonen starta ved 15-tida på Universitetsplassen i Oslo. Markeringa vart innleiddd med ei stille bøn, der ein del av dei frammøtte gjekk ned på kne med hovudet vendt mot Mekka.

Det var frykt for at demonstrantane skulle gå til angrep på Dagbladet sine lokale i Havnelageret, men ei stor gruppe politifolk slo ring rundt bygningen for å hindre at nokon trengde inn. Det er ikkje meldt om episodar ved Havnelageret.

LES OGSÅ: Advarte mot norsk 11. september

LES OGSÅ: «De frivillige» vil ikke bli kalt radikale

LES OGSŨ: - Ikke bli med på demonstrasjonen

11. september i Noreg

Mohyelden Mohammed, talsmann for initiativtakarane i gruppa "Dei frivillige", sa i appellen sin at om utviklinga her i landet får halde fram på denne måten, vil det til slutt vere for seint. Då vil det kome ein 11. september eller 7. juli på norsk jord, sa han.

Han viste til angrepet mot USA 11. september 2001 og terrorangrepa i London 7. juli 2006.

- Det er ingen trussel, men ei åtvaring, sa han.

LES OGSÅ: - Krenkande mot heile samfunnet

Demonstrasjonstoget gjekk ved 15.30-tida frå Universitetsplassen til Stortinget, og vidare derfrå nedover mot Oslo S og Plata. Etter kvart forsvann dei fleste demonstrantane kvar til sitt.

Frå demonstrasjonen på Universitetsplassen.

Det var mange ulike parolar å sjå på Universitetsplassen i Oslo.

Foto: Helge Carlsen

Politiet nøgd med arrangøren

Innsatsleiar Erling Olstad i Oslo-politiet seier at demonstrasjonen har gått roleg for seg. Han seier at politiet har hatt ein svært god dialog med dei som arrangerte demonstrasjonen, og at alt stort sett har gått etter planen.

Video nsps_upload_2010_2_12_17_58_27_1768.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Demonstrantene på vei opp Karljohansgate.

Det var ikkje meininga av demonstrasjonstoget skulle gå nedover Karl Johansgate mot Oslo S, men når det likevel skjedde, seier Olstad, så gjorde vaktene til arrangøren ein kjempejobb med vakthaldet.

Olstad fortel at smellen som vart høyrt like ved Egon restaurant på Plata ved Oslo S, truleg var ein kinaputt. Ingen er meldt skadd i løpet av demonstrasjonen, seier han.

Olstad seier at mellom 2500 og 3000 personar deltok i demonstrasjonen.

Ei gruppe demonstrantar med Arfan Bhatti i midten.

Eks-terrortiltalte Arfan Bhatti midt blant demonstrantane.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Blant dei mange vaktene var Arfan Bhatti, som har vore terrortiltalt etter eit angrep mot den jødiske synagogen i Oslo. Han var også ein av initiativtakarane til demonstrasjonen

PST og Dagbladet

Talet på deltakarar er uklart, men det starta med rundt 500 mennske ved Universitetsplassen. Så har stadig fleire slutta seg til demonstrasjonen, og NRK sine medarbeidarar i området seier at det er snakk om fleire tusen menneske.

Demonstrantane, for det meste muslimske menn, bar plakatar som "Vi er muslimer, ikke terrorister", "Slutt med hetsing av muslimer" og "PST og Dagbladet deler nasjonen i to".

Advarte mot norsk 11. september

Demonstrasjon på Karl Johan

Det var truleg fleire tusen menneske som deltok i demonstrasjonen.

Foto: Helge Carlsen / NRK

LES OGSÅ: - Uklokt å trykke grisetegning

LES OGSÅ: - Ap øker konflikten med islam

LES OGSÅ: - Allah avgjør om det blir fredelig

SISTE NYTT

Siste meldinger