Hopp til innhold

Fleire tusen årsverk blir flytta til dei nye regionane

Avtalen mellom regjeringa og Kristeleg Folkeparti om regionreforma betyr at fleire tusen årsverk blir flytta på, seier kommunal- og regionalminister Monica Mæland (H).

Hvor mye penger og hvor mange mennesker vil dette berøre kan ikke Mæland svare på.

VIDEO: Monica Mæland om avtalen med KrF.

Ho vil ikkje vere konkret på kor mange nye arbeidsplassar det er snakk om.

– Vi er opptekne av å peike på oppgåver og område, men vi må ha ein grundig gjennomgang av ein del av dette. Det handlar og menneske og familiar som vil oppleve at jobben deira blir desentralisert, sa Monica Mæland blant anna.

Arbeidsplassar ut av Oslo

Monica Mæland (H) i vandrehallen i Stortinget.

Kommunal og regionalminister Monica Mæland (H) la fram avtalen i vandrehallen på Stortinget i dag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det går fram av avtalen at regjeringa har forplikta seg til å vurdere om fleire statlege oppgåver kan overførast til dei nye fylkeskommunane. Samstundes blir det slått fast at fleire statlege arbeidsplassar skal flyttast ut av Oslo.

Avtalen er inngått mellom regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti. KrF forpliktar seg til å støtte forslaget om å slå saman Finnmark og Troms, samt opprettinga av Viken.

Viken er ei samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommunar.

I dokumentet går det blant anna fram at nye statlege arbeidsplassar so hovudregel skal etablerast utanfor Oslo.

Fylkesvaraordføreren i Finnmark: – KrF har solgt Finnmark på bakrommet

– Viken er et løftebrudd fra regjeringen

– Reduksjon av byråkratiet

Samstundes er det semje om å redusere byråkratiet og om å gjere offentleg forvalting meir effektiv. Målet er færre tilsette i administrative stillingar, færre heiltidspolitikarar på regionalt nivå og meir ressursar til tenester som kjem innbyggjarar og næringsliv til gode.

Utan at det blir lagt fram konkrete eksempel på kva som ligg i det.

Når det gjeld regional planlegging heiter det at målet er at dei regionale utviklingsmidlane heilt eller delvis skal inn i inntektssystemet til fylkeskommunane frå 2020. Vidare skal fylkeskommunane delta i utarbeidinga av samfunnsmål or større statlege infrastrukturprosjekt.

Avtalen inneber at dei nye fylkeskommunane skal få eit større ansvar i miljø- og klimapolitikken, blant anna ved at klimamåla blir integrerte i fylkeskommunane og kommunane si planlegging etter plan- og bygningslova.

KrF og regjeringspartiene ble enige om oppgavene i regionreformen på Stortinget mandag.

Regjeringspartia og KrF er samde om oppgåvene i regionreforma. Frå venstre André N. Skjelstad (V), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Norunn Tveiten Benestad (H), Kari Kjønaas Kjos (Frp) og kommunalminister Monica Mæland (H).

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kulturminne og integrering

Ein del av dei oppgåvene med kulturminne, som i dag er under ansvaret til Riksantikvaren, skal overførast til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal også få fleire oppgåver når det gjeld integrering. Det gjeld særleg ansvar for å kvalifisere innvandrarar til behovet i den regionale arbeidsmarknaden. Partane har tru på at dette vil vere med på å auke sysselsetjinga blant innvandrarar.

Ifølgje avtalen skal det greiast ut om ei overføring av BUF-etat sine oppgåver i barnevernet til fylkeskommunane, vil gi eit betre tilbod til utsette born og familiar. Det blir gjort klart at målet er ei styrking av innsatsen overfor born som treng desse tenestene, ikkje minst når det gjeld tidleg inngriping.

Landbruk og samferdsel

Avtalen mellom regjeringa og KrF inneber også at fleire oppgåver innan landbruk og samferdsel blir overførte til fylkeskommunane, blant anna ansvaret for fiskerihamnene som i dag ligg hos Kystverket. Det gjeld også tilskot til ikkje-statlege flyplassar som i dag blir forvalta av Samferdsledepartementet.

Det skal også skje ei betre koordinering av kollektivtrafikken mellom fylke og stat. Samarbeidsavtalane mellom Jernbanedirektoratet og fylkeskommunen blir meir omfattande enn i dag.

Administrasjonen av fylkesvegane skal overførast frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Det betyr flytting av 1650 årsverk, ifølgje Monica Mæland.

Næringsutvikling

Avtalen gjer det klart at fylkeskommunane skal styrkast som næringspolitisk aktør ved at det blir flytta oppgåver frå Siva (Selskapet for industrivekst) og Innovasjon Noreg til fylkeskommunane. For Siva gjeld det Næringshageprogrammet og inkubatorprogrammet. For Innovasjon Noreg betyr det blant anna at delar av mentorprogrammet og bedriftsnettverk-satsinga blir flytta. Det skal også greiast ut om reiselivssatsinga bør flyttast.

Det er også semje om at dei regionale forskingsfonda skal styrkast.

Kultur og folkehelse

Regjeringa varslar at det i den komande kulturmeldinga vil bli foreslått at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver enn i dag.

Når det gjeld folkehelse er det meininga at heile folkehelseporteføljen som i dag ligg hos Fylkesmannen, blir overførte til fylkeskommunen. Unntaket er tilsynsoppgåver og pengar som går til inntektssystemet til kommunane, og som bør forvaltast av staten.

Styrking av Nord-Noreg

I avtalen blir det også lista opp fleire punkt som skal styrke stillinga til Nord-Noreg. Eit eksempel er forvaltinga av tilskot til kvensk språk og kultur, eit anna er halvparten av midlane i tilskotsordninga Arktis 2030 blir overførte til fylkeskommunane i landsdelen.

Det skal også etablerast eit sekretariat for Nordområdeforum i Vadsø.

Regjeringa og KrF oppmodar fylkeskommunane i Troms og Finnmark til å ta vesentleg meir omsyn til Finnmark og Vadsø i fordeling av arbeidsplassar i den nye fylkeskommunen.

AKTUELT NÅ