NRK Meny
Normal

Fleire og fleire trenar på seg livstrugande diagnose

Personar som trenar seg rett inn på intensivavdelingane med alvorlege skadar har auka kraftig dei siste åra. Karl Oscar Strøm (42) trente så hardt at muskelcellene sprakk.

Personar som trenar seg rett inn på intensivavdelingane med alvorlege skadar har auka kraftig, ifølgje sjukehus landet over. Karl Oscar Strøm (42) trente så hardt at muskelcellene sprakk.

VIDEO: Bærumsmannen Karl Oscar Strøm var ikkje nøgd med treningsutbyttet, og meldte seg på crossfit. 90 pull-ups var nok til å trene på seg den livstruande diagnosen rabdomyolyse.

Bærumsmannen Karl Oscar Strøm meldte seg på crossfit fordi han ikkje var nøgd med framgangen i treninga han dreiv med. På ti minutt pressa han seg gjennom 90 pull-ups. Han hoppa opp og senka seg ned på stanga.

Det skulle han ikkje ha gjort, for musklane blei så øydelagde at han dagen etter blei hasteinnlagt på intensivavdelinga på Bærum sykehus. Der låg han i sju dagar.

– Det var ganske forferdeleg, og noko eg ikkje unnar nokon å oppleve. Eg klarte nesten ikkje å bevege armane mine. Då eg gjekk på do såg det ut som at nokon hadde tømt ei cola-flaske i toalettet, seier 42-åringen.

Det blei hans første og siste crossfit-økt - for det er han ferdig med for godt.

– No held eg meg til løping og enkel styrketrening.

I tillegg til nyresvikt kan det føre til nerveskadar og koldbrann, noko som i verste fall kan føre til amputasjon.

Dag Jacobsen, professor og avdelingsoverlege, Oslo Universitetssykehus

Kan føre til nyresvikt og amputasjon

Den 42 år gamle investeringsøkonomen frå Bærun er ikkje den einaste som har trent seg inn på ei av landets intensivavdelingar. NRK har vore i kontakt med fleire av dei store sjukehusa i Noreg, og dei rapporterer at dette er ei pasientgruppe som har auka kraftig.

– Dei trenar så hardt at muskelcellene slår sprekk, noko som gjer at innhaldet i cellene går ut i blodbana, som først og fremst kan føre til nyresvikt, seier professor i akuttmedisin, Dag Jacobsen.

Han legg til:

– Slike treningsskadar var ukjent i det medisinske miljøet bare fore nokre år tilbake. Desse pasientane har kome dei siste to-tre åra, og det heng nok saman med at det har blitt meir fokus på trening og at trendane gjer at folk trenar for hardt.

Dag Jacobsen er avdelingsleiar på medisinsk intensivavdeling på Oslo Universitetssykehus, og seier dei har hatt fleire pasientar med diagnosen treningsindusert rabdomyolyse dei siste åra.

– I tillegg til nyresvikt kan denne skaden føre til nerveskadar og koldbrann, noko som i verste fall kan føre til amputasjon. Det kan også potensielt vere dødeleg dersom ein ikkje får behandling i tide, seier Jacobsen.

Hittil er det ikkje meldt om amputasjonar eller dødsfall hos pasientar som har trent på seg rabdomyolyse i Noreg, men fleire har fått nyresvikt.

– Her på medisinsk intensivavdeling har vi hatt rundt ti pasientar dei siste to åra. To av dei fekk alvorleg nyresvikt, noko som gjorde at vi måtte dialysebehandle dei. Då kobla vi til ei maskin som pumpar alt blodet ut av kroppen på pasienten, gjennom eit filter, og så tilbake til kroppen igjen. Såleis tek maskina over jobben som nyra gjer til vanleg, forklarer Jacobsen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Altfor hard styrketrening av utrente musklar kan føre til nyresvikt, nerveskadar og koldbrann, og i verste fall død, ifølgje Dag Jacobsen, professor i akuttmedisin på Oslo Universitetssykehus. Han er avdelingsoverlege på medisinsk intensivavdeling på Ullevål. Stadig fleire trenar seg inn på avdelinga hans.

VIDEO: Sjå korleis legane behandlar nyresvikt. Professor Dag Jacobsen er sjef for avdelinga for dei aller sjukaste. Her hamnar også dei som trenar på seg rabdomyolyse.

Heilt ny pasientgruppe

Det finst ingen nasjonale tal på kor mange som trenar på seg denne alvorlege diagnosen, men fleire av dei store sjukehusa stadfestar trenden. Overlege Bastian Lie på Akershus Universitetssykehus (Ahus) seier at dei i fjor hadde mellom ti og 20 pasientar med treningspåført rabdomyolyse. På Ahus driv dei akkurat no på med ein studie om denne diagnosen, men resultata er enno ikkje klare.

Lie seier utviklinga er skremmande:

– Dette er ei pasientgruppe som har kome dei siste åra. Dette er ein ny trend og noko vi ikkje såg noko til tidlegare, seier Lie, og legg til:

– Rabdomyolyse har i mange tiår vore ein velkjent tilstand grunna andre årsaker enn trening, som til dømes overdose og andre forgiftningsskadar, og på personar som har fått øydelagt musklane i alvorlege ulukker. Men treningsindusert rabdomyolyse har fram til ganske nyleg vore ukjent i det medisinske miljøet.

Grunnen til at diagnosen rabdomyolyse er farleg, er at proteinet «myoglobin» kjem ut i blodbana frå dei skadde muskelcellene, noko som kan tette igjen nyrene.

Vi må gi desse pasientane omfattande væskebehandling, behandling som kun kan bli gitt på intensivavdelingar, og som er svært ressurskrevjande.

Bastian Lie, overlege, Akershus Universitetssykehus

Karl Oscar Strøm fekk ein liter væske i timen – rett inn i blodårene – det første døgeret på Bærum sjukehus. Deretter blei væskebehandlinga redusert til ein halvliter i timen. Denne behandlinga fekk han i ei heil veke for å rense blodbana slik at nyrene ikkje skulle svikte.

– Eg følte meg litt som ein dust, at eg som ein ellers frisk person hadde klart å trene meg inn på intensivavdelinga. Det var heilt unødvendig, men eg visste ikkje at det gjekk an å trene seg så sjuk av styrketrening. Eg har høyrt om folk som har fått hjarteproblem, men ikkje at folk kan øydeleggje musklane på denne måten og at det kan vere så alvorleg, seier Strøm.

Idrettsprofessor: – Vitner om inkompetanse

– Det er rein idioti. Vi ser bare fleire og fleire tilfelle, og det er skremmande, seier Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi på Norges Idrettshøgskole.

At stadig fleire trenar på seg rabdomyolyse er sjokkerande, meiner Raastad.

– Det vitner om stor grad av inkompetanse på treningssentra og det viser at det er altfor stort fokus på macho treningskultur, seier han.

Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi, Norges Idrettshøgskole

IDIOTI: Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi, Norges Idrettshøgskole seier idioti er mykje av årsaka til at så mange trenar seg inn på sjukehus.

Foto: Simon Solheim / NRK

Raastad meiner det har utvikla seg ein ukultur og at mange misforstår totalt.

– Det er ikkje slik at jo tøffare du trenar jo betre treningseffekt får du. Det er absolutt ikkje slik. Den beste treninga gjør du ved å gjøre ting kontrollert og å byggje belastning gradvis over tid. Då byggjer ein eit grunnlag som gjer at muskelen tålar at ein aukar belastninga.

I videoen under kan du sjå kva øving som oftast fører til skadar.

På Norges Idrettshøgskole forskar dei på muskelskadar og styrketrening. I forskninga påfører dei kontrollerte muskelskadar til studentar for å sjå korleis musklane reagerer og korleis den reparerer seg.

– Trenar ein feil og for hardt, kan det ta fleire månader å reparere musklane igjen. Ein må aldri finne på å trene seg til utmatting når ein trenar ei muskelgruppe første gong. Då skal ein ta det roleg. Andre gongen kan ein ta i litt meir, og tredje gongen kan ein trygt køyre til utmatting utan fare for skadar, seier Raastad.

Sjukehusa NRK har snakka med seier storparten av pasientane som har blitt innlagt med rabdomyolyse, har trent crossfit. Ein del har også fått denne diagnosen på vanlege treningssenter, der personlege trenarar har pressa utrente kundar til det ytterste.

(Artikkelen held fram under videoen)

På Norges Idrettshøgskole forskar dei på styrketrening og muskelskadar. Professor i idrettsfysiologi, Truls Raastad, seier det er idioti som gjer at stadig fleire trenar seg alvorleg sjuke. På idrettshøgskolen påfører dei muskelskadar med vilje for å sjå korleis musklane restituerer seg.

VIDEO: På Norges Idrettshøgskole påfører dei muskelskadar - med vilje. Professor i idrettsfysiologi, Truls Raastad, forklarer. Sjå også kva øving som oftast fører til skadar.

Crossfit-sjef: Har stoppa kundar

Treningsformen crossfit har blitt veldig populært i Noreg. Det merkar dei også på treningssenteret Crossfit Oslo i Nydalen. Der har dei no rundt 700 medlemmer.

Hos Crossfit Oslo har dei sidan 2010 hatt to kundar som har blitt innlagt på sjukehus med rabdomyolyse.

– Rabdomyolyse er svært alvorleg og noko vi er veldig opptekne av å førebyggje, som med alle andre treningsskadar, seier dagleg leiar Joachim de Seves.

Kathe Sollie

TRYGG: Kathe Sollie seier tryggleik er høgt prioritert i crossfitmiljøet og at ho føler seg trygg på trening.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

Kjenneteiknet på treningsformen crossfit er høg belastning og høg intensitet, og det er fokus på varierte øvingar.

– Vi er ikkje tjent med at medlemmane våre blir sjuke eller skadde, så vi prioriterer tryggleik høgt. Det er alltid ein eller fleire instruktørar med på øktene våre. Vi prøvar også å informere og opplyse alle om farane med treninga, seier de Seves.

Han seier dei fleire gonger har stoppa kundar som har trent for hardt.

– Vi legg absolutt ikkje til rette for at folk skal trene seg sjuke. Rabdomyolyse oppstår ved uhell eller når folk er dumdristige, seier de Seves.

Kathe Sollie trenar crossfit fleire dagar i veka, og meiner tryggleik har høg prioritet på crossfit-senteret i Nydalen.

– Eg føler at denne treninga er trygg. Eg kjenner også kroppen min godt nok til at eg veit når det er nok. Då blir vi heller ikkje pressa vidare av instruktørane, seier Sollie.

Kristian Rasmussen trenar også crossfit.

– Det er mykje som er farleg. Det er også farleg å sitje heime i sofaen og spise bamsemums. Crossfit er hardt, men tryggleik står høgt slik eg oppfattar det. Instruktørane er flinke og veit kva dei held på med, seier Rasmussen.

Det er så mange episoder som blir rapportert no. Det er eit stor problem og eit problem vi må ta på alvor for å redusere tal tilfelle.

Truls Raastad, professor i idrettsfysiologi, Norges Idrettshøgskole
Trenar seg sjuke - aviser

MANGE TILFELLE: Den siste tida har det vore mange avisoppslag om personar som har trent på seg rabdomyolyse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger