Det viser undersøkinga «Levekår blant studentar 2010», som blei lagt fram av Statistisk sentralbyrå (SSB) fredag.
Lønsinntektene utgjorde i 2010 53 prosent av inntektene til norske studentar, mot 44 prosent i 2005.
Studiefinansiering frå Lånekassen utgjorde 41 prosent av den totale inntekta til studentane, medan over halvparten har fått økonomisk støtte frå foreldra.
– Dette viser at studiestøtta for fleirtalet av studentane har blitt eit lån for å frikjøpa seg tid til å gå på lesesalen, ikkje ei støtte for å ha høve til å studera på heiltid, seier leiaren av Norsk studentorganisasjon (NSO) Øyvind Berdal i ei pressemelding.
- LES OGSÅ: Slik kan du klare deg uten studielån
Halvorsen: – Viktig å satsa på studentbustader
Berdal meiner levekårsundersøkinga frå SSB stadfestar det dei har sagt i mange år - at studiestøtta er alt for låg og at det er for få studentbustader i Noreg.
– Norsk studentorganisasjon krev at regjeringa hever studiestøtta til 123.000 i året, og byggjer 3000 nye studentbustader årleg, seier NSO-leiaren.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner stdiefinansieringa i Noreg er god som den er i dag, men meiner det er viktig å satsa på studentbustader.
– Studentane arbeider mykje ved sida av. Eg meiner at det er viktig for lik rett til utdanning at vi har ei god studiefinansiering, noko vi har i Noreg samanlikna med mange andre land. Vi må heile vegen verna om den og forbetre den, slik at vi har gode vilkår for studentane, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) til NTB.
Halvorsen meiner at det særleg er buutgiftene som gjer at så mange studentar arbeider ved sida av studiane, og peikar på at tala frå SSB viser at studentane har 16 prosent høgare buutgifter i 2010 enn i 2005.
– Undersøkinga stadfestar kor viktig det har vore å satsa på studentbustader, seier ho.
Sju funn og konklusjonar
Kunnskapsdepartementet viser i ei pressemelding fredag til sju sentrale funn og konklusjonar i undersøkinga:
- 9 av 10 studenter mottek studiestøtte frå Lånekassen. Støtta utgjorde i 2010 41 prosent av studentene sin disponible totalsum (inntekt etter skatt + studielån).
- Færre studentar enn tidlegare har problem med å klara seg økonomisk.
- 60 prosent av studentane jobbar ved sida av studiane. Om ein tek med feriane, har 9 av 10 studentar hatt yrkesinntekt i løpet av 2010. Desse inntektene utgjorde meir enn halvparten av studentane sine disponible midlar.
- 6 av 10 studenter opplever jobben dei har ved sida av studiane som relevant.
- Fleire studentar gjennomfører studiet på normert tid, etter ein utdanningsplan, enn i 2005.
- 71 prosent av studentane leiger husvære, medan 17 prosent eig bustaden sin. Over halvparten av studentane har fått økonomisk støtte frå familien til dekning av utgifter siste år. Det er ein svak auke frå 2005.
- Undersøkinga viser at studentane har 16 prosent høgare bustadutgifter i 2010 enn i 2005, og at studentar i studentbustader heilt klart har dei lågaste buutgiftene. Sett i samanheng med den totale økonomien til studentane, er rimelege studentbustader eit effektivt verkemiddel for å opna for like moglegheiter til å ta høgare utdanning
- LES OGSÅ: Studentboliger lønner seg ikke