Hopp til innhold

Nyheita om avlivinga av Freya går verda rundt

Både i USA, Frankrike, Storbritannia og Skandinavia omtaler dei avlivinga av kvalrossen Freya i dag.

Internasjonale medier skriver om avlivingen av Freya

Internasjonale medium skriv om avlivinga av Freya.

Foto: Skjermdumper / NRK

Kvalrossen Freya rakk å sjarmere folk over heile verda før ho vart avliva i dag tidleg.

No omtaler fleire internasjonale medium avlivinga av kvalrossen.

«Kändisvalrossen Freya har avlivast», skriv svenske Aftonbladet.

Ein kvalross med kjælenamnet Freya har blitt avliva i Noreg, skriv Associated Press.

Noreg avlivar kvalrossen Freya som trakk til seg folkemengder i Oslo, skriv Bloomberg.

Kvalrossen Freya som vart ein attraksjon i Oslofjorden i Noreg avliva, skriv BBC.

Hvalrossen Freya er avlivet: Freya vart avlivet søndag morgon, opplyser Fiskeridirektoratet.

Hvalrossen Freya på brygge
Hvalrossen Freya på brygge

Avlivinga av Freya omtalt i BBC.

Avlivinga av Freya omtalt i BBC.

Foto: Skjermdump / NRK

Noreg får kritikk på sosiale medium

På dei sosiale mediuma Twitter og Reddit reagerer og fleire utanlandske brukarar på avlivinga.

Twitter reagerer på avlinga av Freya.

Twitter-brukarar reagerer på avlinga av Freya.

Foto: Skjermdump / NRK

– Noreg har ei forferdeleg historie når det kjem til viltforvaltning. Dei gjev ut fellingsløyve for dei få ulvane dei har og slaktar kvalar. Dei såg truleg på Freya som ei handelsvare. Forklaringa deira gjev ikkje mykje meining, skriv ein twitterbrukar.

– Bøy hovudet dykkar i skam, skriv ein annan.

På det Reddit-tråden r/WorldNews finn vi og reaksjonar.

Reddit-brukarar reagerer på avlivinga av Freya.

Reddit-brukarar reagerer på avlivinga av Freya.

Foto: Skjermdump

Fleire peiker på liknande hendingar med nærgåande ville dyr i andre land og korleis dei trur deira styresmakter ville handtert eit liknande situasjon.

– Då ein Beluga-kval nyleg vart forsøkt flytta frå elva Seine i Frankrike, og ein kvalross vart forsøkt flytta frå ein hage i Finland enda det med at den vart avliva, påpeiker ein brukar.

Les om kvalrossen i Finland her:

Fekk du med deg denne?: Den finske kvalrossen Stena døydde under transport

Hamina i hagen i Kotka, like ved trampolina.
Hamina i hagen i Kotka, like ved trampolina.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ