Hopp til innhold

Fleire slit med å betale husleiga: – Ytste konsekvens er utkasting

Fleire slit med å betale husleiga etter permitteringar på grunn av unntakstilstanden. – Spesielt dei som allereie sleit med å få det til å gå rundt, har store vanskar no, seier Leieboerforeningen.

Eline Bjørkan er permittert fra deltidsjobben.

PERMITTERT FRÅ ARBEID: Då Eline Bjørkan vart permittert frå arbeid mista ho si viktigaste inntekt.

Foto: NRK

Ein tidlegare versjon av denne saka innheldt eit intervju, der premisset for intervjuet viste seg å vere feil. Saka er derfor endra etter publisering.

Eline Bjørkan er psykologistudent, men jobbar deltid som hotellresepsjonist. For tre veker sidan blei ho permittert frå jobbe, og mista derfor over halvparten av inntekta si.

– For dei fleste studentar dekker stipendet berre leige. Det er ein grunn til at dei fleste studentar jobbar ekstra, seier Bjørkan.

Om ho ikkje får arbeide framover kan ho bli nøydd til å ta opp ekstra lån for å betale husleiga og andre faste utgifter. Ein situasjon mange andre studentar er i. Berre ein tredel av lånet blir gjort om til stipend.

– Det handlar om å miste ei inntekt ein er avhengig av. Ordninga er ikkje bra slik som ho er no, seier Bjørkan, som meiner at huseigarane burde vere med å senke leiga.

Vil sjå nye grupper som slit med leiga

Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen, seier det er fleire personar som har tatt kontakt dei siste vekene fordi dei er redde.

– Spesielt i Oslo, der det er mange familiar som lever under fattigdomsgrensa og mange sjølvstendig næringsdrivande, er det stor grad til bekymring, seier Andal.

Dei trur vi vil sjå mange nye grupper som vil slite på leigemarknaden framover, i tillegg til dei som allereie er vanskelegstilte, som fattige barnefamiliar og aleineforsørgarar.

– Studentar er ei openberr gruppe, men også dei som står utanfor arbeidslivet, dei som er i ferd med å skifte jobb, og dei som har mista store delar av inntektsgrunnlaget sitt, seier Andal.

– Må setje inn tiltak tidleg

Leieboerforeningen meiner at staten må setje ned maksprisen på husleiga, og midlertidig fryse ho, for å unngå at ho aukar under unntakstilstanden. I tillegg oppfordrar dei utleigarar som har høve til det til å delta i dugnaden.

Leieboerforeningen krev at staten tek i bruk Husbanken for å hjelpe vanskelegstilte på leigemarknaden, blant anna for å lette trykket på Nav.

Anne-Rita Andal i leieboerforeningen

KREV TILTAK STRAKS: Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen seier mange tek kontakt som er redde for at dei ikkje får betalt husleiga.

Foto: Kirsten Randers-Pehrson / Leieboerforeningen

– Det vil gjere at fleire kan søkje om bustøtte i denne perioden. Ein av årsakene til at vi er i ein vanskeleg situasjon er dei høge buutgiftene i landet. Då er det litt rart å ikkje ta i bruk staten sitt viktigaste bustadøkonomiske verktøy, slår Andal fast.

Ho trekker også fram utfordringane knytt til opphøyr og oppseiing. Det er alltid grupper som er på flyttefot anten friviljug eller ikkje. Ifølgje Andal har desse gruppene det ekstra vanskeleg no.

Det er mange som er redde, fordi ytste konsekvens er utkasting.

Ifølgje Andal ser vi no konsekvensane av ein leigesektor som har vore forsømt sidan åttitalet. Ho fryktar det vil ramme dei vanskelegstilte om ein ikkje grip inn og regulerer.

– Dersom denne krisa får så store økonomiske konsekvensar som ein trur, vil det føre til eit ekstra press på leigemarknaden, og til auka forskjellar i samfunnet, seier Andal.

Arbeider med tiltak

Heidi Nakken, statssekretær i kommunaldepartementet, viser til at dei arbeider med tiltak for å hjelpe dei som slit på leigemarknaden.

– Vi ser at mange mistar inntektene sine, og at mange vil slite med å betale rekningane sine, spesielt for leigebuarar, seier Nakken.

Kor tid desse tiltaka vil kome kan ho ikkje stadfeste enda.

– Vi oppfordrar alle til å finne løysningar saman. Ein ser at enkelte utleigarar lempar på husleiga. Det er mange gode eksempel på god dugnad, i tillegg til at regjeringa skal bidra med pakkar som skal treffe best mogleg, seier Nakken.

AKTUELT NÅ