Hopp til innhold

Abdullahi trur han vart smitta på jobb – fryktar FHI bidrar til stigmatisering

Reinhaldsarbeidar Abdullahi Ali Bare er sikker på at han vart koronasmitta på jobb. Han er frustrert over at samanhengen mellom yrke og koronasmitte ikkje kjem tydelegare fram.

Abdullahi Ali Bare

SKAL HA BLITT SMITTA PÅ JOBB: Abdullahi Ali Bare er frustrert over korleis norske medium har skrive om koronasmitte blant norsk-somaliarar.

Foto: Privat

– Eg synest det er synd at FHI og media bruker desse tala på ein slik måte og vinklar det på ei heil folkegruppe når det er eit fåtal av oss som har gjort feil. Det stigmatiserer ein stor gruppe menneske, seier Abdullahi Ali Bare.

Ali Bare jobbar til dagleg som reinhaldar ved Bekkestua senter i Bærum.

Han har valt å stille til intervju med NRK under premissen om at Abdirahman Diriye er til stades og fungerer som tolk.

Diriye er styreleiar i Islamsk Råd, men representerer ikkje organisasjonen sin i denne saka.

Trur han vart smitta på jobb

Kvelden 19. mars etter jobb byrja Ali Bare å merke symptom på koronasmitte.

– Eg er borte i mange menneske og mange ting på jobb, så det er mange stadar eg kan ha blitt smitta seier han.

Ali Bare valte å sjølvisolerte seg for å unngå å smitte andre.

Ei veke seinare fekk han høg feber og vart innlagt på Lovisenberg sjukehus.

– Der vart eg testa og fekk påvist koronavirus, seier han.

Trur fleire faktorar ligg bak

– Det er viktig å seie at det er vanskeleg å vurdere om norsk-somaliarar er overrepresentert blant smitta, seier Marta Bivand Erdal migrasjonsforskar ved Prio institutt for fredsforsking.

Vi kan i dag berre spekulere i årsakene, meiner forskaren.

– Men det er viktig å understreke at forklaringa nok er ein kombinasjon av ulike faktorar – ikkje ein enkeltfaktor, seier Erdal.

Marta Bindand Erdal

TRULEG IKKJE EIN ÅRSAK: Maria Bindand Erdal, migrasjonsforskar ved Prio, trur det er fleire årsaker bak overrepresentasjonen av Somaliarar i FHI si oversikt over smitte per fødeland for koronasmitte i Noreg.

Foto: Ebba Tellander / PRIO

Migrasjonforskaren trur ein kombinasjon av desse punkta kan vere årsaka bak kvifor så mange som er fødde i Somalia er registrert som smitta av FHI:

  • Yrke: Norsk-somaliarar er som ein del andre innvandrargrupper høgt representert i Sal- og serviceyrke.
  • Mange bur i Oslo: Mange norsk-somaliarar bur i Oslo, kor det er meir smitte enn andre stadar i landet.
  • Buforhold: 38 prosent av norsksomaliarar er «trangbodd» ifølgje tal frå SSB.
  • Omsorgskultur: Det er ein sterk sosial og kulturell norm å ta vare på eldre og sjuke som står sterkt blant somaliarar i Noreg, meiner Erdal.
  • For sein informasjon: Mykje tyder på at informasjon til personar på ulikt språk, ikkje nådde godt nok ut, tidleg nok, meiner Erdal.

Meiner mange har blitt smitta på jobb

– Situasjonen er at veldig mange somaliarar som jobbar i utsette yrke har blitt smitta på jobb, seier Abdirahman Diriye.

Dirye fortel at fleire norsksomaliarar er frustrerte over at dette ikkje har kome tydelegare fram.

Han brukar taxisjåførar som eit eksempel på ei særskilt smitteutsett gruppe.

– Tala eg har fått bekrefta av fleire tyder på at rundt 30 norsk-somaliske drosjesjåførar skal vere smitta på jobb, seier Dirye.

Abdirahman Diriye, styreleiar i Islamsk råd

VIL FÅ FRAM NYANSANE: Abdirahman Diriye oppfordrar medium som omtalar koronasmitte blant norsksomaliarar om å sjå på dei sosiale årsakene bak smitten.

Foto: Terje Pedersen

Fleire taxisjåførar skal vere smitta

Mohamed Abdulkadir, somalisk talsperson og leiar for Den somaliske organisasjonen for menneskerettar og integrering (SOMI) meiner Folkehelseinstituttet sine tal bidrar til diskriminering.

– Å erklære kor sjuke personar er født stoppar ikkje sjukdommen, men skapar splitting og diskriminering, seier han.

Abdulkadir jobbar til dagleg som taxisjåfør. Gjennom arbeidet sitt i SOMI og som taxisjåfør kjenner han fleire smitta.

– Det er spesielt mange smitta taxisjåførar og andre folk i andre serviceyrke på frontlinja, seier han.

Mohamed Abdulkadir, leiar i SOMI

FRYKTAR MEIR STIGMATISERING: Mohamed Abdulkadir, somalisk talsperson og leiar i SOMI.

Foto: Privat

Tar avstand

– For å kunne drive godt smittevernfagleg arbeid vil FHI fortsette å publisere informasjon om grupper som har spesielt høg risiko, seier avdelingsdirektør for migrasjonshelse i Folkehelseinstituttet, Thor Indseth.

Han tar sterk avstand frå dei som bruker tala for å fremje stigmatisering, men understrekar at det å registrere fødeland er eit smittevernfagleg verktøy.

– Vi veit ikkje om tala viser ein reell overrepresentasjon eller om høge tal blant somaliarar skuldast at fleire er testa, seier han.

Avdelingsdirektør for migrasjonshelse i Folkehelseinstituttet, Thor Indseth

VIL IKKJE SLUTTE Å PUBLISERE: Avdelingsdirektør for migrasjonshelse i Folkehelseinstituttet, Thor Indseth, fortel at dei vil fortsette å publisere informasjon om grupper som har spesielt høg risiko.

Foto: Privat

Vil fortsette å publisere

Folkehelseinstituttet valte å publisere oversikta over smitte basert på fødeland for det dei var bekymra for auken i tala på smitta personar I Noreg som er født i Somalia.

Samtidig kom det dystre tal frå Sverige:

– Då det den 24. mars vart kjent at 6 av 15 koronarelaterte dødsfall i Stockholmregionen var blant svensk-somaliar, vart det diskutert om særskilde tiltak burde bli sette i gang, seier Thor Indseth

Avdelingsdirektøren i Folkehelseinstituttet meiner det er viktig å vere open om tala som myndigheitene bruker når dei vurderer tiltak.

– Det er ein viktig demokratisk verdi at befolkninga får innsikt i avgjerdsgrunnlaget for avgjerdene og ressursbruken til styresmaktene, seier Indseth.

AKTUELT NÅ