Hopp til innhold

Fleire norske studentar får hybel

Mangelen på utvekslingsstudentar gir norske studentar betre sjansar for bustad.

kringsjå studentby

STUDENTBUSTADER: Fleire norske studentar får bustad i år. Mange internasjonale studentar blir borte i haust på grunn av koronasituasjonen.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

1700 fleire norske studentar får plass i studentbustadene til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) samanlikna med i fjor.

Grunnen er at langt færre utvekslingsstudentar kjem til Noreg som følgje av koronapandemien, skriv Aftenposten.

– I år (juni til august) hadde vi rundt 2500 ledige studentbustader å tildele. Av desse vil inntil 300 studentbustader gå til internasjonale studentar etter avtale, skriv Gunn Kirsti Løkka, bustaddirektør i SiO i ein e-post til avisa.

Ho skriv at det var rundt 2000 internasjonale studentar som fekk studentbustad i 2019.

Styresmaktene har opna for at internasjonale studentar kan komme til Noreg.

Universitetet i Oslo (UiO) er blant fleire studiestader som likevel har avlyst moglegheita for å kome på utveksling.

Universitetet i Oslo

BLINDERN: Eit nytt semester er snart i gong ved Universitetet i Oslo, men utan utvekslingsstudentar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Rekordhøgt søkjartal i Bergen

I Bergen har rekordmange søkt om studentbustad. Det fortel kommunikasjonssjef i Sammen, studentsamskipnaden på Vestlandet, Marita Monsen.

Til vanleg husar Sammen 1300 internasjonale studentar berre i Bergen. Dette semesteret har dei avtale med 532 stykke, ifølgje Monsen.

Dei resterande hyblane vil gå til norske studentar.

1500 studentar står på venteliste i Bergen.

Færre utvekslingsstudentar fleire stader

Det kjem færre studentar frå utlandet til dei fleste studiestader i Noreg.

I eit ordinært studieår reknar Noregs arktiske studentsamskipnad med å gi bustad til 350 utvekslingsstudentar i Troms og Finnmark.

I haust er det planlagt til saman 70 stykke, skriv kommunikasjonssjef i samskipnaden, Sarah Yttermo Reibo.

Universitetet i Søraust-Noreg har bestemt at dei ikkje tek inn utvekslingsstudentar for hausten 2020,

Til vanleg tek omtrent 250 utvekslingsstudentar hyblar på dei ulike campusane. Desse går no til norske studentar, seier pressekontakt i Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg, Heidi Pettersen.

Universitetet i Stavanger har òg vedteke å ikkje ta inn utvekslingsstudentar det komande semesteret.

Kan kome studentar utover hausten

Rundt 200 internasjonale studentar pleier å flytte inn i studentbustader i Stavanger-regionen kvar haust, seier Øyvind Lorentzen, assisterande direktør i Studentsamskipnaden i Stavanger.

I år tek samskipnaden i mot berre 25 stykke. Dette talet kan bli endra utover hausten.

– Etter kvart som ting opnar seg, så vil det kunne kome innflytting i løpet av hausten òg, seier Lorentzen.

Treng 14.000 bustader

71 prosent av alle studentar leiger bustad, og rundt 15 prosent av dei har tilgang på studentbustad.

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner det viktigaste er at hyblane blir fylte opp. Ifølgje studentbustadundersøking frå i fjor mangla det 14.351 bustader for å nå målet om ei dekningsgrad på 20 prosent.

AKTUELT NÅ