Hopp til innhold

Stansa smuglarar av motehundar

Tollarane på Svinesund stansa to polakkar som prøvde å smugle sju yorkiekvelpar inn i landet. – Berre toppen av isfjellet, seier grenseveterinæren i Mattilsynet.

Annonser for salg av hunder fra Øst-Europa

Desse annonsene på Finn.no skal stamme frå eit nettverk som sel kvelpar frå Aust-Europa i Norge. Sju Yorkshire Terrier-kvelpar vart forsøkt smugla over Svinesund i går.

Foto: Faksimiler: Finn.no

To polakkar vart stansa i ein rutinekontroll på Svinesund i går. Då tollarane undersøkte bilen fann dei sju kvelpar av rasen Yorkshire Terrier, også kalla «Yorkie», som er ein populær selskapshund.

– Kvelpane låg ganske tett i ei pappeske bak førarsetet, seier kontorsjef for grensekontrollen på Svinesund, Wenche Fredriksen.

Sjåføren sa at dei hadde kjøpt dei i Polen, men hadde ikkje dokumenta i orden. Polakkane blir no melde til politiet for smugling.

– Det er berre i rutinekontrollar me har moglegheit for å fange opp dette, seier Fredriksen.

Stort problem

Grenseveterinær i Mattilsynet, Marit Forbord fortel at omfanget av smuglinga er stort og urovekkjande.

– Det er ein trussel mot folk og dyrehelse, hundane kan ha med seg smittestoff og parasittar. Me skal halde fram med å jobbe for å førebyggje dette, seier Forbord.

Berre denne veka har tollarar teke beslag i 15 hundar og ein ilder som vart forsøkt smugla inn til Norge.

– Dette viser berre toppen av isfjellet, me veit at omfanget er stort, seier Forbord.

(Saka held fram)

Grenseveterinær Marit Forbord

Grenseveterinær i Mattilsynet, Marit Forbord.

Foto: Karl Erik Brøndbo

Kynisk bransje

– Norge er eit land med god kjøpekraft. Kvelpane blir gjerne kjøpt for ein samla sum av 6000 kroner i utlandet og kan bli selde for oppimot 15 000 kroner per stykk her heime, så det er lettjente pengar for smuglarane, seier Forbord.

Hundane som blir smugla er gjerne stua saman i små bur, teipa saman, eller bedøva og gøymt i bilane som passerer svenskegrensa.

Når dei kjem fram, blir dei lagt ut for sal, gjerne på nettstader som finn.no. Prisen ligg gjerne noko lågare enn for rasehundar med registrert stamtavle.

I austeuropeiske kvelpefabrikkar går tisper nærast konstant drektige, og dei kan ha så mange som ti til tolv kull før dei dør av belastninga.

– Det kan ikkje vere greitt å spare litt pengar, når ein mistenkjer at hundane kan ha blitt utsette for noko av dette, seier Forbord.

– Grenser for naivitet

Forbord har fire tips til kva ein skal sjå etter før ein kjøper ein hund.

  • Er hunden merkeleg billeg? Då burde varselklokkene begynne å ringe.
  • Har den ei stamtavle og dokumenta i orden? Og sjølv om den har det, ver kritisk til om dei kan vere forfalska.
  • Har annonsen eit dårleg og uprofesjonelt språk?
  • Vil seljar møte deg på ein mistenkjeleg plass, som ein parkeringsplass eller bensinstasjon? Ein bør få kome på besøk til kvalpen og sjå kvar den kjem frå.

Mattilsynet jobbar med å kartleggje fenomenet gjennom mellom anna å følgje med på annonsar på internett som kan vere mistenkjelege.

– Me får inn ganske mange tips frå publikum, og det er kjempebra. Det er ei aktiv Facebook-gruppe som har mykje info om korleis ein går fram for å avdekkje om ein hund er smugla inn, og dei som er interesserte i dette bør ta ein titt på den, seier Forbord.

Gruppa heiter «Smugling, svindel og nettstader» på Facebook. Forbord rår også potensielle hundekjøparar om å ta kontakt med Kennelklubben for å få råd.

– Ikkje kjøp noko du mistenkjer for å vere smugla. Det får vere grenser for naivitet. Det er ikkje lovleg å kjøpe smuglargods, slår Forbord fast.

AKTUELT NÅ