– Det blei heilt svart

Generalmajor Leif Sverre Rosén sa frå om at han aldri ville ha sendt sonen sin til Afghanistan. Jobben rauk. Så ekteskapet. Og alt blei mørkt. Mange menn er i det same mørke.

Generalmajor Leif Sverre Rosén ble alvorlig syk da han fikk problemer på jobben og ble skilt.

Nett-TV: Utan at Leif Sverre Rosén skjønte det sjølv, var han som 56-åring på veg inn i ein alvorleg depresjon.

Ekspertane på Modum Bad trur no at alvorleg depresjon råkar like mange menn, som kvinner. Og det er særleg menn frå 45 år og oppover, som er i risikosona.

Leif Sverre Rosén var på toppen av karrieren og tilhøyrte eit mektig miljø i Norge. Han var på førenamn med statsrådar og forsvarssjefar. Toppleiinga i Forsvaret fekk hans oppdateringar om sanitetsarbeidet, mellom anna for norske soldatar i Afghanistan.

Med fem born som gav han barneborn, var han saman med kona ein del av ein stor kjernefamilie.

Då den norske leiren i Meymaneh i Afghanistan vart angripen i 2006, tok han eit val han framleis betalar prisen for. Han gjekk offentleg ut mot eiga leiing og sa at det ikkje var trygt å vere norsk soldat i Afghanistan. At han ikkje ville ha sendt sin eigen son dit fordi han meinte det medisinske støtteapparatet var for dårleg.

Les: Ville ikke sendt sin sønn til Afghanistan

Konflikta med leiinga i Forsvaret og Forsvarsdepartementet vart langvarig og hard. Til slutt sa han opp den respekterte jobben.

Les: Rosén trekker seg

I tillegg gjekk det mot skilsmisse på heimebane. Då han valgte å forlate kona, vart kontakten med resten av familien dårleg. Så vart alt svart.

Menn drikk og blir sinte

Leif Sverre Rosén er ikkje åleine. Det som skjedde med han, skjer truleg med langt fleire menn over 45 år enn det vi har visst fram til no.

Det har vore ei etablert sanning at dobbelt så mange kvinner som menn blir alvorleg deprimerte.

– Vi ser no at det er mange fleire menn som blir deprimerte enn det ein har trudd, seier avdelingsleiar og overlege Torben Bergland ved Modum Bad.

Årsaka, forklarar han, ligg i at ein tidlegare ikkje har forstått symptoma på alvorleg depresjon hos menn.

– Dei er meir utagerande, enn hos kvinner. Menn startar å drikke, tek sjansar og gjer ting som set dei i meir fare. Sinne og aggresjon kan vere sentrale symptom for ein mann, seier Berglund.

Les også: – Feil diagnosekriterier

Skjønte ikkje at han vart sjuk

- Mange fleire menn blir deprimerte enn det ein har trudd, seier avdelingsleiar og overlege Torben Bergland ved Modum Bad.

- Mange fleire menn blir deprimerte enn det ein har trudd, seier avdelingsleiar og overlege Torben Bergland ved Modum Bad.

Menn startar å drikke, tek sjansar og gjer ting som set dei i meir fare. Sinne og aggresjon kan vere sentrale symptom for ein mann.

Torben Bergland, avdelingsleiar og overlege ved Modum Bad

Utan at Rosén skjønte det sjølv var han som 56-åring på veg inn i ein alvorleg depresjon.

– Eg gråt ukontrollert, fortel han om tida etter at han slutta i Forsvaret.

NRK møter han på veg inn til ein behandlingstime på Modum Bad. I litt over eit år har han fått terapi her. Vegen fram til profesjonell hjelp var lang.

– Eg var i ein fortvila situasjon og hugsar ikkje at eg tok kontakt med sjefen her. Eg hadde ringt seks gonger, men lagt på røret kvar gong. Det var vel ein desperat situasjon og eg følte at eg ikkje klarte å takle og fungere lengre. Det var mørkt, seier Rosén.

Men til slutt fekk han ein telefon frå Modum og vart lagt inn i to veker. Sidan har han gått i terapi for å bli frisk.

Full gass til dei møter veggen

Menn som har opplevd at livet har gått veldig mykje oppover, kan oppleve at både karrieren, helsa og familien endrar seg. Men sjølv om det kjem mørke tankar, er ikkje menn flinke til å snakke om det og be om hjelp.

Vil du seie at for mange menn er problemet at de køyrer full gass helt til de møter veggen?

Mange har eit veldig behov for å vere ein suksess. Det blir det sentrale livsmålet. Og er ein ikkje lenger ein suksess, så er ein ein fiasko. Då kjem skammen som forsterkar den onde sirkelen og ein trekkjer seg endå meir vekk, seier overlegen og terapeuten.

For lite kunnskap om menn

- Vi vedgår at dei har for lite kunnskap og erfaring rundt menn og alvorlege depresjonar, seier divisjonsdirektør Ellinor F. Major ved Folkehelseinstituttet.

- Vi vedgår at dei har for lite kunnskap og erfaring rundt menn og alvorlege depresjonar, seier divisjonsdirektør Ellinor F. Major ved Folkehelseinstituttet.

Også hos Folkehelseinstituttet ser ein at noko må gjerast. Dei vedgår at dei har for lite kunnskap og erfaring rundt menn og alvorlege depresjonar.

– Vi må både systematisere kunnskap og få meir kunnskap. Her har vi eit forbetringspotensiale, seier divisjonsdirektør Ellinor F. Major hos Folkehelseinstituttet.

Ho meiner depresjonar og andre psykiske lidingar framleis er stigmatiserande og tabu for mange. Major synest det er vanskeleg å forklare kvifor ein ikkje har gjeve menn med alvorlege depresjonar meir merksemd, men trur noko skuldast at ein har lagt til grunn at sjukdommen råkar flest kvinner.

– Kanskje har vi vore for lite flinke til å sjå kva tiltak som passar for kvinner og kva som passar for menn. Det er ikkje sikkert det er dei same, seier Major.

Fare for sjølvmord

I den mørkaste enden av ein alvorleg depresjon endar fleire menn enn kvinner sitt eige liv. I følge Folkehelseinstituttet er sjølvmordsrisikoen mellom to og tre gonger høgare for menn enn den er for kvinner.

Årsakene er samansette og komplekse, men alvorleg depresjon kan vere ein medvirkande faktor. Menn prøvar ofte å takle sjukdommen åleine, noko som gjer at dei ikkje klarar å sjå ein anna utveg.

– Når ein er i den totale isolasjon eller fortviling, så vil mange menneske tenkje på om det er verdt å leve vidare. Når skammen og håpløysa kjem kan vegen vere kort til å sjå sjølvmordet som einaste løysing, seier Berglund på Modum Bad.

Rosén valgte livet

For den tidlegare generalmajoren var også dette tankar som dukka opp. Men det gjorde også tanken på fem barn og barnebarna.

Vurderte du å avslutte livet?

– Eg var inne på tanken. Det må eg berre innrømme. Men derifrå til å gjere det, er eit godt stykke. Eg har fine barn og barnebarn og føler eg har mykje å leve for.

I dag er kontakten med familien god igjen. Han fortel at han også var redd dei ville bli sittande igjen med ei skuldkjensle.

– Eg har valgt livet og det er eg glad for, seier Rosèn.

Generalmajor Leif Sverre Rosén ble intervjuet i Dagsrevyen 16. januar 2014 om sine erfaringer med psykiske problemer.

Nett-tv: Rosén gjest i Dagsrevyen.

SISTE NYTT

Siste meldinger