Hopp til innhold

Fleire imot EU enn i 1994

Ei ny meiningsmåling syner at eit stort fleirtal er imot EU-medlemskap.

EU-barometer
Foto: NRK

53 prosent av dei spurte svarer nei på spørsmålet om Noreg skal bli medlem av EU, medan 36 prosent svarer ja.

Flest nei-parti

Talet på EU-tilhengarar er langt færre i dag enn det var i folkeavstemminga i 1994.

Den gongen ynskte nesten halvparten av befolkninga i landet å bli EU-medlemmer. 47,8 prosent svarte ja til medlemskap, medan eit knapt fleirtal på 52,2 prosent stemte imot.

Fleirtalet av dei politiske partia er også imot ein EU-medlemskap. Både SV, Krf, Venstre og Senterpartiet er nei-parti, medan Frp ikkje har tatt standpunkt.

Høgre og Arbeidarpartiet vil svært gjerne melde Noreg inn i Den europeiske unionen.

Nyttar same argument

Dei ulike sidene har til dels brukt dei same argumenta, men med ulikt forteikn.

Til dømes meiner EU-tilhengarane at medlemskap er riktig og viktig for å syne solidaritet med dei fattige landa i Europa.

EU-motstandarane argumenterer med at eit medlemskap er usolidarisk i forhold til U-landa. Dei hevdar at EU som ein Festung Europa, bidreg til å oppretthalde forskjellane mellom nord og sør.

Organisasjonen blir ein lukka kjempestruktur som stenger Europa-grensene for både menneske og varer, meiner dei.

EU har i dag 27 medlemsstatar, og produserer ein tredel av verdas samla bruttonasjonalprodukt (BNP).

Folkeavstemning om EU-medlemskap 1994

Eit knapt fleirtal på 52,2 prosent stemte imot EU-medlemskap i 1994.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

AKTUELT NÅ