Hopp til innhold

Fleire har lågare tillit til politiet

Fleire har fått lågare tillit til politiet, og tilliten er lågast på Vestlandet.

Robin Schaefer

Robin Schäfer varsla om elendig etterforsking av dødsfallet til 8 år gamle Monika. Denne saka og den andre varslarsaka om manglanda etterforsking av grov narkotikariminalitet kan ha ført til at fleire har lågare tillit til politiet.

Foto: Helge Skodvin / Vigmostad og Bjørke forlag

80 prosent har tillit til Politiet, men det er færre enn året før, viser ein ny måling.

Meiningsmålingsbyrået Ipsos har gjennomført tiltru-undersøkinga for Domstoladministrasjonen. For to år sidan svarte 31 prosent at dei hadde «svært stor tiltru» til politiet, i 2016 er dette talet nede på 22 prosent.

Dei som svarer «ganske stor tiltru» utgjer 59 prosent, ein liten auke frå 2015. Men den negative tendensen blir styrka av at fleire enn før svarer at dei har «liten tiltru» til politiet.

Verre på Vestlandet

På Vestlandet er situasjonen endå verre. Der har berre 16 prosent «svært stor tiltru» til politiet, og så mange som 18 prosent svarer at det har «liten tiltru».

Leiar i Politiets Fellesforbund Vest, Kjetil Rekdal, er ikkje overraska:

– Tidlegare Hordland politidistrikt og Vest politidistrikt har vore gjennom særdeles krevjande periodar med Monika-saka og dei andre varslarsakene som har vore med på å setje politiet i Hordaland og vest i eit dårleg lys. Dette trur eg har innverknad på publikum sin respons på denne undersøkinga, seier Rekdal.

Sterk kritikk av politiet

Odd Reidar Humlegård, Politidirektør

Politidirektør Humlegård synest det er tryggande at nesten 80 prosent har ganske stor tiltru eller svært stor tiltru til politiet.

Foto: Erlend Andersen Koppergård​ / NRK

Åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnet død 14. november 2011. Politiet konkluderte først med at ho hadde tatt sitt eige liv, men etter at polititenestemannen Robin Schäfer varsla om elendig etterforsking av dødsfallet, blei saka etterforska på nytt og ein mann blei seinare tiltalt og dømt for drap. Politileiinga i Hordaland fekk sterk kritikk av eit granskingsutval for behandlings av varselet.

Rekdal trur Monica-saka og den andre varslarsaka om manglanda etterforsking av grov narkotikariminalitet vil hengja ved politiet lenge:

– Eg trur at desse sakene vil prege kvardagen i politiet i vest i lang tid framover, og det er naturleg at det heng ved oss. Det har vore viktig at saka kom fram og det var viktig å få ei løysing, ikkje minst i Monika-saka, og vi er glade for at dei blei openheit om det.

Politiet må jobbe for å gjenopprette tilliten i befolkninga, meiner nestleiar i justiskomiteen på Stortinget Anders Werp.

– Kvar ein reduksjon av tilliten til politiet, må vi ta på alvor, seier Werp.

Politireforma

Men også politireforma, som betyr at mange lensmannskontor forsvinn, skaper uro, og dette kan ha påverka publikum i ein slik grad at dei kan tvila på om politiet blir i stand til å løysa oppgåvene dei er sett til å løysa.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård skriv i ein e-post til NRK at det er tryggande at nesten 80 prosent av dei spurte i domstolsadministrasjonen si undersøking har ganske stor tiltru eller svært stor tiltru til politiet.

– Dette på nivå med vår eiga innbyggjarundersøking, som dei siste åra har vist at 80 prosent av de spurte har stor eller ganske stor tillit til politiet.

Undersøking er gjort av Ipsos med eit utval på 1007 personar. Spørsmålet som blei stilt var: «Kor stor tiltru har du til politiet? Angi om du har svært stor tiltru, ganske stor tiltru, liten tiltru eller ingen tiltru.»

AKTUELT NÅ