Hopp til innhold

Fleire handlar på nett – kan true jobbar for unge

Auka netthandel får mykje av skulda for at 601 selskap gjekk konkurs i fjor. Magdalena Krol (18) vurderer no å handle mindre på nett.

Unge handlar på nett

F.h. Magdalena Krol (18) og Isabella Folstad (18) handlar sko og klede på internett.

Foto: Alf Ivar Martinsen / NRK

– Eg er litt impulsshoppar, seier Magdalena Krol (18) og kikar på nettsida til Bik Bok på laptopen sin.

Ho handlar sko og klede på internett kvar veke.

– Eg likar at netthandelen er open 24 timar i døgnet og at eg slepp stresset med å stå i kø i butikkane.

Skolevenninna Isabella Folstad (18) handlar sjeldnare på nett – ein gang i månaden.

– Eg likar å shoppe på amerikanske nettstadar. Dei er billegare enn dei norske, tollen er ikkje så høg og kvaliteten er framleis god. Utvalet er også betre enn på norske nettstadar, seier Krol.

Unge handlar meir på nett

F.h. Magdalena Krol (18) og Isabella Folstad (18) vil revurdere netthandlinga dersom det går ut over arbeidsplassane til folk.

Foto: ALF IVAR MARTINSEN / NRK

Netthandel aukar

Jentene er blant stadig fleire nordmenn som handlar på nett.

  • Tal frå SSB viser over ei dobling i handelen frå utanlandske nettbutikkar mellom 2012 og 2017.
  • Samstundes har handel i fysiske butikkar hatt ein svak oppgang, men likevel var det i fjor 601 selskap innan detaljhandelen og netthandelen i Noreg som gjekk konkurs. Ein må tilbake til 2014 for å få høgare tal på konkursar i denne bransjen, ifølgje Hovedorganisasjonen Virke.
  • Rundt 370.000 personar er tilsett i varehandelen i Noreg. Konkursane i 2018 førte til at 2636 tilsette i varehandelen mista jobbane sine, ifølgje Statistisk sentralbyrå, skriv Fri Fagbevegelse.

Det er særleg kjeder som sel klede, sko og sportsutstyr som har vanskar, ifølgje senioranalytikar i Danske Bank, Eirik Christian Melle. Han trur talet på konkursar i desse kategoriane også vil auke framover.

Senioranalytikar i Danske Bank, Eirik Christian Melle.

Senioranalytikar i Danske Bank, Eirik Christian Melle.

Foto: Audun Torsdalen / NRK

– Også elektronikkbransjen er utsett. Årsaka er auka netthandel og for dårleg samspel mellom nettbutikk og fysisk butikk, seier Melle.

Han peikar på at det kan vere dyrt og ressurskrevjande å gi ei god handleoppleving på nett, som tek på alvor at kundar ofte handlar på kveldstid.

– Eg trur mange vernar om kjedesystemet sitt og ikkje tør å ta nødvendige grep for å bli moderne leverandørar av klede, og ikkje berre ein butikk, seier analytikaren.

Folk mister jobbane sine

Også andre bransjar strevar. Det siste året har til dømes desse gått konkurs:

  • Kjøkenbutikken Tilbords
  • Blomebutikken Finn Schøll
  • Interiørbutikken Hansen & Dysvik
  • Leiketøybutikken Toys R Us

Årsakene bak konkursane er fall i prisar, færre butikkar og auka konkurranse frå nettbutikkar. Nordmenn handlar også meir når dei er på utanlandsreiser, ifølgje Virke.

Organisasjonen meiner at det er samanheng mellom auka netthandel og at folk mister jobbane sine når kjeder går konkurs.

– Her ryk jobben for mange unge som har jobb ved sida av studiar og andre med stillingsprosentar frå 20 prosent og oppover til fulltidstilsette, seier Bror Stende, direktør for Virke Faghandel til NRK.

Vil fjerne tollgrensa

Han meiner at regjeringa snarast råd må fjerne moglegheita for å handle tollfritt på nett frå utlandet.

– Det er det viktigaste grepet for å redde arbeidsplassar i Noreg, seier Stende.

– Korleis kan og bør varehandelen legge om drifta for å vere lønsam framover?

– Dei må styrke kompetansen hjå dei tilsette og lage gode kundeopplevingar i butikken. Alle kan ikkje bli gode i alt så ein må velje korleis ein skal skilje seg ut, seier han.

Eit døme på det er Ikea, som tysdag melde at dei droppar å bygge varehus fire stadar i Noreg. Varehuset viser til at handlevanane til nordmenn er i stadig endring og at fleire handlar på nett.

Ikea-sjef Clare Rodgers

Ikea-sjef Clare Rodgers.

Foto: NRK

Dei neste tre åra skal varehuset sjå på korleis dei kan legge om strategien for å gi folk ei betre oppleving når dei besøker både nettbutikk og dei fysiske varehusa, seier Ikea-sjef Clare Rodgers.

Revurderer netthandel om folk mister jobben

Jentene på Nydalen vidaregåande skule vonar ikkje netthandelen fører til at mange butikkar i Noreg blir nedlagd og at folk mister jobben.

– Det hadde vore kjipt. Det er ein del av kulturen å gå rundt og kose seg i butikkar med venninner, seier Krol.

Dei peikar på at mange unge allereie kan slite med å finne seg jobb for å tene pengar.

– Det har eg opplevd sjølv, seier Folstad.

Unge handlar på nett

F.h. Magdalena Krol (18) og Isabella Folstad (18) handlar sko og klede på internett.

Foto: ALF IVAR MARTINSEN / NRK

Dersom netthandel fører til færre arbeidsplassar vil dei vurdere å handle mindre på internett.

– Eg vil at unge skal kunne få seg jobb. Eg håper ikkje netthandelen aukar så mykje at det får så store konsekvensar, seier Folstad.

– Eg kan så klart prøve å redusere netthandlinga, seier Krol.

Shopping på nett kan øke fra 10 til 30 prosent av totalhandelen i Norge og 40 000 mennesker i butikknæringen risikerer å miste jobben. Hva skjer med norske lokalsamfunn hvis butikkene forsvinner? Programleder: Mathias Nylenna

Lytt til podkast frå Her og nå om kva som kan skje med norske lokalsamfunn dersom butikkane forsvinn. Programleiar: Mathias Nylenna

AKTUELT NÅ