NRK Meny
Normal

Fleire eldre utsette for ny svindel

Mannen seier han skal sjekke sikringsalarmen, men tar pengane og går. Det har hendt med 20 eldre på Austlandet i det siste.

Ved å trykke på den røde knotten på voldsalarmen, skal politiet straks se hvor personen er.

Fleire eldre er svindla av ein mann som seier han skal sjekke sikringsalarmen.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Ein mann har åleine klart å svindle til seg fleire tusen kroner frå eldre ved å seie at han skal sjekke sikringsalarmane deira mot kontant betaling.

- Mannen som ringte på sa han skulle sjekke kassa på sikringsalarmen, fordi dei heldt på å skifte til nye. Sjølvsagt slapp eg han inn. Då han var ferdig, fekk han 200 kroner. Han skulle komme tilbake innan ein time og skifte boksen, men eg såg ikkje meir til han, seier 82 år gamle Anne Marie Olsen til NRK.

20 tilfelle

Selskapet Hjelp24 har om lag 13.000 brukarar i Oslo og tilbyr alarmar til 105 kommunar i Noreg. Dei har registert 12 liknande tilfelle i Oslo, og åtte på Romerike.

Regionleiar Arvid Bakken seier mange brukarar er utrygge.

- Dei seier dei er sinte og frustrerte. Veldig mange seier dei blir engstelege i etterkant, seier han.

- Ikkje slepp inn ukjente

Politiet ber eldre vere forsiktige.

- Ikkje slepp inn nokon ein ikkje har avtale med, og ikkje veit kven er. Sjekk med selskapet som dei hevdar å komme frå at det faktisk er reelt. Betal heller aldri nokon kontant på staden, seier stasjonssjef Espen Aas ved sTovner politistasjon i Oslo, som har fått ni meldingar om slike saker.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger