Fleire drepne etter skyting i Tsjekkia

Minst seks personar er drepne i ei masseskyting på eit sjukehus i Tsjekkia tysdag. Den mistenkte blei seinare funnen død av politiet.

Politi ved skytingen på et sykehus i Ostrava

Politiet i Ostrava leitar framleis etter gjerningspersonen som skaut rundt seg på universitetssjukehuset.

Foto: Lukas Kabon / Reuters

Politiet og styresmaktene seier at minst seks personar er drepne etter at ein person skaut rundt seg på universitetssjukehuset i byen Ostrava nordaust i Tsjekkia. Hendinga skal ha skjedd på eit venterom.

– Det er blitt meg fortalt at dei døde sat og venta i skadelegevakta. Heldigvis var færre enn vanleg som sat og venta, fortalde statsminister Andrej Babis til tsjekkisk TV.

Det blei først meldt om fire døde og to hardt skadde etter skytinga, men ifølgje den tsjekkiske regjeringa døydde dei skadde kort tid etter.

– Talet på døde etter skytinga på eit sjukehus i Ostrava har stige til seks, sa helseminister Adam Vojtech til tsjekkisk radio, ifølgje Reuters.

Politi utenfor sykehus i Ostrava.

Sjukehuset i Ostrava blei evakuert etter skytinga tysdag morgon.

Foto: Lukas Kabon / Reuters

Ein person arrestert

Tsjekkisk TV har vist bilete av politiet som fører ein person med handjern ut av sjukehuset. Men det er ikkje stadfesta om denne personen har noko med skytinga å gjere.

Politiet sa tysdag morgon at dei etterlyste ein person i ein sølvgrå Renault Laguna, og oppmoda folk til ikkje å prøve å stoppe han.

Politiet fann bilen etter nokre timar. Mannen skal då ha teke sitt eige liv.

– Vi fann bilen, og har klart å identifisere mannen som tok sitt eige liv før politiet rakk å gå til aksjon, skriv dei på Twitter

Dødelegaste skyting på fire år

Det gjekk også ut ei etterlysing etter ein person med ei raud jakke. Men dette skal vere eit viktig vitne dei ønsker å kome i kontakt med, og ikkje ein mistenkt.

Sjukehuset blei evakuert etter hendinga. Tryggingsnivået i regionen er heva, blant anna gjennom auka vakthald på skular, kjøpesenter og andre sjukehus, melder BBC.

Angrepet var det dødelegaste i Tsjekkia sidan ein mann skaut og drap åtte personar, før han tok sitt eige liv i ein restaurant i 2015. Slike skyteepisodar er svært sjeldne i Tsjekkia.

Det er foreløpig ikkje kjent kva som skal vere motivet for skytinga. Politiet meiner han handla aleine.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger