Hopp til innhold

Fleire av oss kjøper medisin i butikk – ekspertar åtvarar mot avhengnad

Medan svenskane strammar inn på salet av medisin i butikk, endrar ikkje Noreg praksis. Samtidig aukar salet av nasespray i butikkane, og no åtvarar legar mot skader og avhengnad.

Var avhengig av nasespray

Bente Person Samuelsen var avhengig av nasespray i over 20 år.

Foto: Katrine Nybø / NRK

​I over 20 år var Bente Person Samuelsen avhengig av nasespray. Det heile starta då ho vart gravid for første gong. Dette er over 20 år sidan i dag.

– Hormona kom ut av kontroll og eg vart blant anna tett i nasen. Nasesprayen gjorde at eg kunne puste normalt. Men så vart det ein slags vond sirkel til slutt, seier Samuelsen.

Ho skildrar avhengnaden som ein desperasjon som folk ikkje tok heilt på alvor. Uansett kvar ho skulle, måtte ho alltid ha nasesprayen med seg.

– Kjensla av å vere heilt tett i nasen var grufull, og det er ikkje lett å kome seg igjennom kvardagen med heilt tett nase, seier Samuelsen.

Ho måtte få medisinsk behandling for å kome tilbake til ein kvardag utan nasespray.

Saka held fram under biletet.

Otrivin nesespray

Daglegvarebutikkane står for 65 prosent av alt sal av nasespray.

Foto: NRK

65 prosent av all nasespray vert selt i butikk

Salet på nasespray over disk i daglegvarebutikkar har skote i vêret sidan det vart tilgjengeleg i 2004.

I dag vert 65 prosent av all nasespray selt over disk i daglegvarebutikkar, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Ifølgje Lommelegen.no verkar nasespray ved å redusere blodstraumen til naseslimhinna i nokre timar. Cellene i naseslimhinna tilpassar seg den stadig reduserte blodstraumen, og reagerer med å svelle opp og bli tjukkare.

– Misbruket er ingen grunn til å stanse butikksal

Steinar Madsen er medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket. Han meiner at det ikkje er grunn til å følgje etter svenskane ved å ta medisinane ut av butikken.

Steinar Madsen

Leiar i Legemiddelverket, Steinar Madsen, meiner nasespray bør vere tilgjengeleg for folk i butikkane.

Foto: Statens legemiddelverk

– Det er eit gode for folk flest, slik at dei kan få tak i det når dei treng det. Dette er trygge og gode medisinar, seier han.

Madsen vedgår at auken av reseptfrie legemidlar har vore høgare enn det han hadde ønska. Men Legemiddelverket vil likevel ikkje gå etter svenskane og forby enkelte medisinar i butikk.

– Dette treng folk når dei vert tette i nasen. Nokre få misbruker det, men det er ikkje nok til å straffe alle dei som ikkje gjer det, seier Madsen.

– Men sjølvsagt må du bruke det etter råda i pakningsvedlegget, avsluttar han.

– Sal av medisin i butikk er ikkje forsvarleg

– Tryggleiken for pasientane må kome fremst, og det gjer det ikkje når ein kjøper reseptfrie legemiddel over disk, seier Irene Hope, leiar i Farmasiforbundet.

Irene Hope

Irene Hope i Farmasiforbundet vil ha medisinar ut av butikkane.

Foto: Farmasiforbundet

Hope er ikkje samd med Madsen. Ho seier at fleire av dei reseptfrie legemidla ikkje vert brukt forsvarleg og i tråd med pakningsvedlegget. Ho meiner vi bør gjere det same som svenskane, og få medisinane ut av daglegvarehandelen.

– Det er alt for lett å gå i ein butikk å kjøpe legemiddel. Her får dei korkje rådgjeving eller kompetanse om medisinane. Difor meiner vi at dei reseptfrie legemidla må tilbake til apoteka.

AKTUELT NÅ